Jesaja 45
45
Herren vil gjeva Kyros makt yver folk og kongar for Israel skuld, og so både Kyros sjølv og alle folk på jordi skal skyna at han er den einaste sanne Gud, som både lukka og ulukka kjem frå; då skal jordi verta full av frelsa og rettferd, 1-8. Dei som finn åt og lastar Herrens styring, er ovmodige dårar. Ein skal lata han syta for folket; han skal gjeva Kyros siger og lata han byggja Jerusalem upp att og senda Israel heim, 9-13. Folki skal slå seg i hop med Israel, av di dei skynar at den sanne Gud einast finst der; avgudsdyrkarane skal ganga til grunns, medan Israel vert frelst til æveleg tid, 14-17. Når Herren gjer det han hev lova Israel, skal heidningane skyna at einast han er Gud, og soleis skal hans urikkane vilje ganga fram, at alle menneske ein gong skal bøygja kne for han, 18-25.
1So segjer Herren til sin salve-vigde, til Kyros, som eg held i hans høgre hand for å kasta heidningfolk til jordi for han og løysa beltet av kongar, for å opna dører for han, og so ingi portar skal vera stengde:#Jes 44,28 2Sjølv vil eg ganga fyre deg, og bakkar vil eg jamna, kopardører vil eg sprengja, og jarnslåer vil eg hogga sund. 3Og eg vil gjeva deg skattar som er dulde i myrkret, og rikdomar som er gøymde på løynlege stader, so du skal vita at eg er Herren, som kalla deg på namn, Israels Gud.#Jes 43,1 4For min tenar Jakobs skuld og Israel, min utvalde, kalla eg deg på namn, gav eg deg ærenamn, endå du ikkje kjende meg.#Jes 44,5 5Eg er Herren, og ingen annan; utan meg finst det ingen Gud. Eg væpna deg, endå du ikkje kjende meg,#5 Mos 32,39; Jes 37,16; 43,10-11; 44,6.8; 46,9 6so dei skal vita både i aust og vest at det finst ingen annan enn eg; eg er Herren, og ingen annan,#Jes 59,19; Mal 1,11 7eg som er upphavet til ljoset og skapar åt myrkret; som gjev velferd og skaper uferd; eg, Herren, gjer alt dette.#1 Mos 1,3; 2 Kor 4,6; Jes 31,2; Am 3,6; Mi 1,12 8Lat det drjupa, de himlar, ovanfrå, og frå skyene fløyme det rettferd! Jordi skal lata seg upp og bera frelsa, og rettferd skal ho og lata renna. Eg, Herren, skaper det.#Sal 85,12; Hos 10,12 9Usæl den som trettar med skaparen sin, eit skålbrot millom dei andre av jord! Kann leiret segja til formaren: Kva gjer du? eller verket ditt segja um deg: Han hev ikkje hender?#1 Sam 2,10; Jer 18,6; Rom 9,20-21; Dan 4,35 10Usæl den som segjer til far sin: Kvifor avlar du? og til kvinna: Kvifor føder du? 11So segjer Herren, Israels Heilage, og skapar: Spør meg um det som kjem! Lat meg syta for mine born og det verk mine hender hev gjort!#Jes 44,21.24 12Det var eg som gjorde jordi, og folket der hev eg skapt; mine hender spana ut himmelen, og all hans her baud eg ut.#Jes 40,28; 42,5; 44,24; Jer 10,12; Sal 33,6; 104,2 13Det er eg som hev vekt han i rettferd, og alle hans vegar vil eg jamna; han skal byggja upp min by og senda heim mitt landlyste folk, og det utan vederlag eller gåva, segjer Herren, allhers Gud.#Jes 45,1#45,13 han Kyros; v. 1. 14So segjer Herren: Rikdomen frå Egyptarland og vinningi frå Etiopia og Saba-mennene, rørslege karar, skal koma til deg og høyra deg til; deg skal dei fylgja, i lekkjor skal dei ganga, og for deg skal dei kasta seg ned, til deg skal dei venda si bøn: Berre hjå deg er Gud, og det finst ingen annan, ingen annan Gud.#Jes 43,3; 44,6.8; 45,5 15I sanning, du er ein løyndomsfull Gud, du Israels Gud, du frelsar!#Job 11,7; Rom 11,33-36 16Til spott og skam vert dei alle saman; alle i hop gjeng dei burt med vanæra, gudemakarane.#Jes 42,17; 44,9.11 17Israel vert frelst ved Herren med æveleg frelsa; i all æva skal de sleppa å verta til spott og skam.#Hebr 9,12 18For so segjer Herren, himmelskaparen, han som er Gud, han som hev gjort og laga jordi, han som hev grunnfest henne, han som ikkje skapte henne til ei audn, men laga henne til bustad for folk: Eg er Herren, og ingen annan.#1 Mos 1,1; Sal 146,6; Jes 44,24; Apg 4,24; 14,15; 17,24-34 19Ikkje i løyndom hev eg tala, ikkje ein stad i eit myrkt land; ikkje hev eg sagt til Jakobs-ætti: Søk meg fåfengt! Eg, Herren, talar rettferd, forkynner det som er rett.#Jes 48,16; Joh 18,20 20Samla dykk og kom, stig fram alle saman, de som hev sloppe undan heidningfolki! Uvituge er dei som ber på sine trebilete og bed til ein gud som ikkje kann frelsa.#Jes 43,9-13; 5 Mos 32,37-38; Dom 10,14; 1 Sam 12,21; Jer 2,28; 11,12; Jes 46,7 21Forkynn og seg ifrå! Ja, lat dei samrådast alle saman! Kven hev kunngjort dette frå fordom, forkynt det for lenge sidan? Tru det ikkje er eg, Herren? Og utan meg er det ingen Gud; ein rettferdig og frelsande Gud finst ikkje utanum meg. 22Vend dykk til meg, so vert de frelste, alle utbygder av jordi! For eg er Gud, og ingen annan.#Sal 22,28; Jes 49,6 23Ved meg sjølv hev eg svore, eit sannings-ord er gjenge ut or min munn, eit ord som ikkje vender att: For meg skal kvart eit kne bøygja seg, meg skal kvar ei tunge sverja truskap.#Hebr 6,13; Rom 14,11; Fil 2,10-11; Jes 19,18; Sef 3,9 24Berre hjå Herren, skal dei segja um meg, er rettferd og styrke; til han skal dei koma, og skjemde skal dei verta alle som harmast på han. 25Ved Herren skal dei få sin rett, og av han skal dei rosa seg, heile Israels folk.#Jer 4,2
Currently Selected:
Jesaja 45: NO1938N
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2