Jesaja 46
46
Babel-gudane skal falla, og bileti deira skal dyr bera burt, 1.2. Israel, som Gud hev bore frå fyrste stund og framleis skal bera, skal difor akta seg for den fåvise avgudsdyrkingi, 3-7. Dei av folket som hallar til fråfall frå Herren, skal koma i hug alt det han frå ævordsleg tid hev gjort for det, og serleg at han lenge fyreåt hev varsla at Kyros skulde koma, og no hev late han koma, 8-11, og dei av folket som ikkje vil tru at det skal verta frelst, skal vita at frelsa er nær for handi, 12.13.
1Bel sig, Nebo stuper; deira bilete vert gjevne til dyr og fe; dei som de bar, vert lagde på dyr som ber seg trøytte av byrdi.#Jer 50,2; Jes 45,20#46,1 Nebo tvo avgudar i Babel; Jer. 50,2.#46,1 bar 45,20. 2Dei stuper og sig alle saman, dei kann ikkje berga byrdi, og sjølve lyt dei fara or landet.#Jer 48,7; 49,3 3Høyr på meg, de av Jakobs hus og alle de som er att av Israels hus, de som er lagde på meg frå morslivet, som eg hev bore frå morsfanget.#5 Mos 32,11; Sal 22,10; 71,6 4Alt til dykkar alderdom er eg den same, og til de grånar i håret, skal eg bera dykk; eg hev gjort det, og eg skal framleides lyfta dykk, eg skal bera og berga dykk.#2 Mos 19,4; 5 Mos 1,31; Sal 71,18; Jes 63,9 5Kven vil de likna meg med og setja meg jamsides med? Kven vil de setja upp til jamliken min?#Jes 40,18.25; Apg 17,29 6Dei rister gull utor pungen og veg upp sylv på vekti, dei leiger ein gullsmed til å laga ein gud av det; so dei kann bøygja kne og tilbeda;#Jes 40,19; 44,12; Dom 17,4; Jer 10,3-4 7dei tek han på oksli og ber han burt og set han på staden hans, so stend han der og flyt seg ikkje av flekken; ropar ein til han, so svarar han ikkje, or naudi bergar han ikkje.#Jes 45,20; Jer 10,5; 1 Kong 18,27-40; Sal 115,4-8 8Tenk på dette og ver støde! De fråfalne, tak det til hjarta! 9Tenk på det fyrste frå fordoms tid, at eg er Gud, og ingen annan, at eg er Gud, og ingen er min like,#Jes 41,22; 42,9; 43,18; 45,5 10eg som frå upphavet varslar enden, og frå fordom det som ikkje endå hev hendt, eg som segjer: Mi rådgjerd skal verta fullførd, og alt det eg vil, det gjer eg,#Jes 42,9 11eg som kallar ørnen hit frå aust; frå eit land langt burte ein mann som skal fullføra mi råd; som eg hev sagt det, so let eg det koma, som eg hev tenkt det, set eg det i verk. 12Høyr på meg, de stridlyndte, de som er langt burte frå rettferd! 13Eg fører mi rettferd hit, ho er ikkje langt burte, og mi frelsa drygjer ikkje; eg gjev frelsa i Sion og min herlegdom til Israel.#Sal 98,2; Jes 56,1; 62,1; Luk 2,30-38
Currently Selected:
Jesaja 46: NO1938N
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2