Jesaja 44
44
Men no vil Herren renna ut sin Ande og si rike velsigning yver Israel, og sidan skal heidningane venda um til han og setja si æra i å høyra til hans folk, 1-5. Han er den einaste sanne Gud, for einast han hev, som Israel kann vitna, frå ævordsleg tid varsla fyreåt kva som skal koma i framtidi, 6-8. Men avgudsbileti er fånyttige ting, og dei som lagar og dyrkar dei, er blinde og låttelege dårar, som skal verta til skammar, 9-20. Dette skal Israel leggja seg på hjarta og venda um til Herren, so skal han sletta ut syndene deira og løysa dei ut, 21-23. Allmektig Gud som han er, skal han gjera dei heidne spåmennene til skammar og lata Kyros føra fram profet-spådomane um at Jerusalem og templet skal byggjast upp att, 24-28.
1Men høyr no, Jakob, min tenar, du Israel som eg hev valt ut!#Jes 41,8 2So segjer Herren, som skapte deg, som laga deg frå morslivet og hjelper deg: Ver ikkje redd, du min tenar Jakob, Jesurun som eg hev valt ut!#5 Mos 32,15; Jes 44,24; 43,1.15; 41,10.13-14; Jer 30,10#44,2 Jesurun 5 Mos. 32,15. 3For eg vil renna vatn yver det tyrste og straumar yver det turre; eg vil renna min Ande ut yver di ætt og mi velsigning yver ditt avkjøme,#Sal 68,10; Jes 32,15; Joh 7,38-39; Esek 39,29; Joel 3,1-2; Apg 2,1-13.17-20; 8,17 4so dei veks upp som millom gras, som pilar attmed bekkefar.#Sal 1,3; Jer 17,8; Esek 47,12 5EIN skal segja: Eg høyrer Herren til, ein annan skal kalla seg med Jakob-namnet, EIN skal skriva med si hand: Eg høyrer Herren til, og Israel skal han bruka til ærenamn. 6So segjer Herren, Israels konge og utløysar, Herren, allhers Gud: Eg er den fyrste, og eg er den siste, og utan meg finst det ingen Gud.#Jes 41,4; 48,12; Op 1,8; 22,13; Jes 43,11; 45,5.14.21; 46,9 7Kven forkynner som eg det som henda skal? Lat han kunngjera og leggja fram for meg det han hev forkynt, alt frå den tid eg skapte fornalderfolket! Og lat dei kunngjera det som i framtidi kjem.#Jes 41,22-29; 43,9 8Ver ikkje forstøkte og redde! Hev eg ikkje for lenge sidan forkynt og sagt deg det? De er mine vitne. Finst det nokon Gud utan meg? Det finst inkje anna berg, eg veit ikkje noko.#Jes 43,10.12; Sal 18,32; 1 Kor 8,4 9Dei som lagar utskorne bilete, er alle inkjevetta; og deira kjære gudar kann ikkje hjelpa; dei som gjev dei vitnemål, ser ikkje og skynar ikkje, so dei skal verta til skammar.#Sal 115,5-8; Jes 41,24; Jer 10,14; 51,17.47 10Kven er det som hev laga ein gud og støypt eit bilete - til unyttes? 11Alle som held seg til det, skal verta til skammar; og meistrane sjølve er berre menneske; lat dei samla seg alle saman og stiga fram! Dei skal reddast og verta til skammar alle i hop.#Jes 45,16; Jer 10,14; 51,17.47 12Smeden brukar beitelen og arbeider med koleld; han formar biletet med hamrar, han arbeider på det med sin sterke arm. Vert han so svolten, minkar makti, og fær han ikkje drikka vatn, vert han veik.#Jes 40,19; 41,7 13Treskjeraren spanar mælesnori og ritar med gravstikka, han skjer treet til med kniven og ritar med passaren; so lagar han det som eit mannslike, som ein fager mannsskapnad, til å bu i eit hus.#Jes 40,20; Jer 10,3-16; Apg 17,24; 19,24 14Ein gjev seg til å hogga sedrar, og han tek steineik og eik og vel seg ut eit av skogstrei, han plantar ei fura, og regnet fer henne til å veksa. 15Og so brukar mannen treet til brennefang; han tek av det og vermer seg med det, ja, han kveikjer på og bakar brød; men attåt det gjer han ein gud av det, som han bed til, han lagar eit utskore bilete, som han bøygjer kne for.#Jes 44,19.17; 46,6 16Helvti av det brenner han upp i elden; med den helvti lagar han til det kjøtet han skal eta, han steikjer ei steik og mettar seg; han vermer seg og, og segjer: Å, no er eg varm; eg merkar elden! 17Resten av det gjer han til ein gud, til sitt utskorne bilete, som han legg seg på kne for og tilbed. Han bed til det og segjer: Frels meg, for du er min gud!#Jes 42,17 18Dei er utan vit og skyn; for han hev klint att augo deira, so dei ikkje ser, gjort hjarto deira harde, so dei ikkje skynar.#Jes 6,10#44,18 han Gud; 6,10. 19Han tenkjer seg ikkje um, og han hev ikkje klokskap og skyn nok til å segja med seg: Helvti hev eg brent upp i elden, yver glørne hev eg baka brød, eg steikjer kjøt og et, og so skulde eg laga resten til ein styggedom og bøygja kne for ein trekubbe! / 20Den som held seg til det som berre er oska, honom hev eit dåra hjarta forvilla, og han bergar ikkje si sjel og segjer ikkje: Er det ikkje lygn det eg held i mi høgre hand?#Hos 12,2; Op 22,15 21Kom dette i hug, du Jakob! Kom det i hug, du Israel! For du er min tenar. Eg hev skapt deg, du er min tenar, Israel, eg gløymer deg ikkje.#Jes 44,1-2; 49,14-15 22Eg stryk burt dine brot som ei skodda og syndene dine som ei sky; vend um til meg, for eg løyser deg ut!#Jes 1,18; 43,25; 31,6 23Jubla, de himlar! For Herren gjer sitt verk. Ropa med frygd, de dypter i jordi! Set i med jubel, de fjell, du skog, kvart tre i deg! For Herren løyser ut Jakob, og på Israel vil han syna seg herleg.#Jes 49,13; 55,12; Sal 66,1-4; 96,10-13; 98,7-9; Jes 35,10 24So segjer Herren, utløysaren din, han som laga deg alt i morslivet; Eg er Herren, som gjer alle ting; himmelen spana eg ut åleine, jordi breidde eg ut utan medhjelp;#5 Mos 32,6; Jes 40,22; 45,12; Sal 104,2.5 25eg gjer juglarteikni um inkje, og spåmenner gjer eg til fåmingar; eg let vismenner koma til kort og gjer deira visdom til dårskap;#Jes 29,14; 1 Kor 1,19-20 26eg stadfester ordet åt tenaren min og fullfører rådi åt sendebodi mine; eg segjer um Jerusalem: Der skal bu folk, og um Judabyane: Dei skal byggjast upp att; ruinane der vil eg reisa att;#44,26 mine d. e. rådgjerdene mine som profetane hev forkynt. 27eg segjer til djupet: Torna, dine straumar turkar eg ut;#2 Mos 14,22; Jos 3,16; Jes 43,16 28eg segjer til Kyros: Han er min hyrding, han skal fullføra all min vilje og segja um Jerusalem: Det skal byggjast upp att, og templet skal verta grunnlagt.#2 Krøn 36,22-23; Esra 1,1-4; 5,13; Jes 45,13
Currently Selected:
Jesaja 44: NO1938N
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2