YouVersion Logo
Search Icon

Jesaja 43

43
Herrens utvalde folk skal ikkje ottast like vel; han vil i sin kjærleik løysa det ut, føra det uskadt gjenom alle trengslor og fårar og samla det frå alle land på jordi, 1-7. Mot heidningane kallar han sitt blinde folk til vitne på at det er han og ingen avgud som hev varsla og sett i verk det som hev hendt, at difor einast han er den allmektige Gud og frelsar, 8-13. Til frelsa for Israel vil Herren lata Babel falla, og denne nye frelsa skal vera mykje større enn den i Egyptarland, 14-21. Men folket vert ikkje frelst for di det hev fortent det, men berre av Herrens miskunn og nåde; Israel hev berre mødt han med syndene sine, og difor hev han og lote gjeva det i fiendevald, 22-28.
1Og no, so segjer Herren, han som skapte deg, Jakob, og laga deg, Israel: Ver uredd! Eg hev løyst deg ut, ropa deg på namn, du er min.#Jes 44,2; 41,10; 1 Mos 26,24; Jer 30,10; 46,28; Jes 45,3 2Fer du gjenom vatn, so er eg med deg, gjenom elvar, so skal dei ikkje fløyma yver deg; gjeng du gjenom eld, skal du ikkje svida deg, og logen skal ikkje brenna deg;#Sal 66,12; Dan 3,13-14.17.27; Mark 16,18 3for eg er Herren din Gud, Israels Heilage, din frelsar; eg gjev Egyptarland til løysepeng for deg, Etiopia og Seba i staden for deg.#Jes 49,7 4For di du er dyr for meg, er mykje verd, og eg elskar deg, difor gjev eg menneske burt for deg og folkeslag for ditt liv. 5Ver ikkje redd! Eg er med deg. Austanfrå vil eg lata ætti di koma, og vestanfrå vil eg samla deg.#Jes 43,1; Jer 46,27-28 6Eg vil segja til nordheimen: Kom med dei! Og til sudheimen: Haldt dei ikkje att! Kom med sønene mine langt burtanfrå og døtterne mine frå enden av jordi,#Jes 49,12; 60,4 7kvar den som heiter etter mitt namn, og som eg hev skapt til mi æra, som eg hev laga og gjort.#Jer 14,9; 15,16 8Før fram det blinde folket som hev augo, og dei dauve som hev øyro like vel!#Jes 42,18-21 9Lat alle heidningefolk samla seg, alle folkeslag møta! Kven av dei er det som kunngjer slikt? Lat dei segja oss kva dei fyrr hev spått! Lat dei møta med vitne, so dei kann få rett, lat dei høyra og segja: Det er sant!#Jes 45,21; 41,22.26; 43,5-7#43,9 dei avgudane.#43,9 slikt V. 5fg.#43,9 spått 41,22. 10De er mine vitne, segjer Herren, og min tenar, som eg hev valt ut, so de skal kjenna og tru meg og skyna at eg er Gud; Fyre meg vart ingen gud til, og etter meg kjem ingen.#5 Mos 32,39; Jes 43,12; 44,6-8; 45,5-14#43,10 Gud 5 Mos. 32,39. 11Eg, ja eg er Herren, og utan meg finst det ingen frelsar.#Hos 13,4 12Eg hev forkynt det og frelst, eg hev kunngjort det, og det var ingen framand gud hjå dykk. De er mine vitne, segjer Herren, og eg er Gud,#Jes 43,9 13Ja, alt frå dag vart til, er eg det, og ingen kann berga or mi hand; det som eg gjer, kven kann gjera det ugjort?#Sal 90,2; Ordt 8,25; Jes 14,27; 46,10 14So segjer Herren, dykkar utløysar, Israels Heilage: For dykkar skuld sender eg bod til Babel og driv dei alle saman på flukt nedetter elvi, eg let kaldearane røma på dei skipi som var deira hugnad.#Jes 43,3; 41,14; 47,4; 48,17 15Eg er Herren, dykkar Heilage, Israels skapar, dykkar konge. 16So segjer Herren, som gjorde veg i havet, ein stig i dei veldige vatni,#2 Mos 14,21-31; Jos 3,16-17; Jes 44,27 17som let vogner og hestar, her og stridsmakt draga ut - dei ligg der alle og reiser seg ikkje, dei er sløkte, dei slokna som ein lampeveik -: 18Tenk ikkje på det som fyrr hev vore, akta ikkje på det som framfare er! 19Sjå, eg gjer noko nytt, no skal det renna upp; de skal nok få sjå det! Ja, eg vil gjera veg i heidi, elvar i øydemarki.#Op 21,5; Jes 41,18 20Villdyri skal æra meg, sjakalar og strussar, for di eg gjev vatn i heidi, elvar i øydemarki, so mitt folk, mine utvalde, kann få drikka. 21Det folk eg hev skapt meg, skal forkynna min pris. 22Men på meg hev du ikkje kalla, Jakob, so du gjorde deg bry for meg, Israel! 23Ikkje hev du gjeve meg dine brennofferlamb, og ikkje æra meg med dine slaktoffer; ikkje hev eg mødt deg med matoffer og ikkje brytt deg med røykjelse. 24Ikkje hev du kjøpt meg kalmus for sylv, og ikkje metta meg med feittet frå dine slaktoffer. Nei, du hev berre mødt meg med dine synder og brytt meg med dine misgjerningar.#2 Mos 30,23#43,24 kalmus 2 Mos. 30,23. 25Eg, ja eg er den som slettar ut misgjerningane dine for mi skuld, og syndene dine kjem eg ikkje i hug.#Sal 51,3; Jes 44,22; Jer 31,34; Hebr 8,12 26Minn meg, so gjeng me saman til doms! Fortel du, so du kann få rett!#43,26 meg um det du hev gjort for meg. 27Den fyrste far din synda, og dine målsmenn var utrue mot meg; 28so laut eg vanhelga heilage hovdingar, lysa Jakob i bann og gjeva Israel til spott.

Currently Selected:

Jesaja 43: NO1938N

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in