YouVersion Logo
Search Icon

Jesaja 42

42
Til forkynningi um den sigerrike kongen (Kyros) vert knytt ei skildring av Herrens tenar, Messias: Budd med Herrens Ande skal han i audmykt og spaklynde, i miskunnsam kjærleik og med ei kraft som aldri tryt, læra folki sann otte for Gud; av di Herren vil verna um si æra som den sanne Gud, skal han gjera pakt med Israel ved han og setja han til eit ljos for heidningane, 1-9. Heile jordi vert uppmoda til å prisa Herren, som lenge hev halde seg i ro, men no vil draga ut mot fiendane sine, leggja landet deira i øyde, løysa ut dei som er åndeleg blinde, og gjera avgudsdyrkarane til skammar, 10-17. Israel er eit åndeleg blindt og dauvt folk; berre for sin eigen truskap skuld vil Herren bruka Israel til å herleggjera den openberringi han hev gjeve det, 18-21. Ved sin trass hev det sjølv valda seg den ulukka det er kome i, 22-25.
1Sjå min tenar, som eg styd, min utvalde som mi sjel hev hugnad i! Eg legg min Ande på han, rett skal han føra ut til heidningfolki.#Matt 12,18-21; Jes 42,4; 49,3; Matt 3,17; 17,5; 2 Pet 1,17; Jes 11,2; 61,1-3; Apg 10,38; 1,8; Luk 24,47#42,1 rett Guds lov; 42,4. 2Han skal ikkje skrika og ikkje ropa, og han skal ikkje bruka mælet på gata. 3Den brotne røyri skal han ikkje knasa, rjukande veiken skal han ikkje sløkkja; på rette måten skal han bera retten ut til dei.#Sal 34,19; Matt 5,3; 11,28; Sal 72,2-16 4Han trøytnar ikkje, og hans kraft skal ikkje brotna fyrr han fær grunnlagt rett på jordi; øylandi ventar på hans lov. 5So segjer Herren Gud, som skapte himmelen og spana han ut, breidde ut jordi med vokstrane på, gjev ande til folket som bur på henne, og ånd til dei som ferdast der:#Jes 40,22; 44,24; 45,12 6Eg, Herren, hev kalla deg i rettferd og teke deg i handi, og eg vil verna deg og gjera deg til ei pakt for folket, til eit ljos for heidningane,#Jes 49,8; Hebr 9,15; Jes 9,2-7; 49,6; 60,3; Luk 2,32; Apg 13,46-47 7so du skal opna blinde augo, føra fangar ut or fengslet og dei som sit i myrker, ut or fangehuset.#Apg 26,18; Jes 61,1; Luk 4,18-30; Jes 9,2-7; Luk 1,79 8Eg er Herren, det er mitt namn, og eg gjev ingen annan mi æra eller dei utskorne bileti min pris.#2 Mos 3,15; Jes 48,11 9Dei ting som er varsla fyrr, sjå, dei er komne, og no varslar eg nye ting; endå fyrr dei renn upp, forkynner eg dykk dei.#Jes 41,22-23; 46,10; 48,3 10Syng Herren ein ny song, hans lov frå heimsens ende, de som fer ut på havet, og alt som i det er, de øyland og de som der bur!#Sal 33,3; 40,4; 96,1; 98,1; 149,1; Op 5,9; 14,3 11Øydemarki med sine byar skal røysta i, tjeldbyane der Kedar bur; dei som bur på fjellet, skal jubla, frå fjelltoppane skal dei ropa høgt.#Sal 120,5; Jes 60,7#42,11 Kedar Salm. 120,5. Es. 60,7. 12Dei skal gjeva Herren æra og forkynna hans pris på øyane.#5 Mos 32,3; Sal 72,9-16; Mal 1,11; Op 14,7 13Herren skal draga ut som ei kjempa; eggja sin harm som ein stridsmann; han skal lyfta herrop, ja skrika; mot sine fiendar skal han te si makt: 14Frå ævordsleg tid hev eg tagt, eg var still og tøymde meg sjølv. No vil eg skrika som kvinna i barnsnaud, eg vil supa etter anden og frøsa.#Jes 57,11; Sal 50,21 15Eg vil leggja fjell og haugar i øyde og svida av alt grønt på dei, elvar vil eg gjera til land, og sjøar vil eg leggja turre.#Jes 50,2 16Blinde vil eg leida på ein veg dei ikkje kjenner; etter stigar dei ikkje kjenner, vil eg føra dei; det myrke framanfor dei vil eg gjera ljost, og bakkeland til flate sletta. Dette er det eg vil gjera og slett ikkje lata vera.#Sal 97,11; 112,4; Jes 40,4 17Dei skal vika og verta storleg skjemde dei som lit på utskorne bilete, som segjer til støypte bilete: De er våre gudar.#Jes 1,29; 44,9-20; Sal 97,7 18De dauve, høyr! De blinde, lat upp augo og sjå!#Jes 43,8 19Kven er blind, um ikkje min tenar, og dauv som sendebodet mitt? Kven er blind som venen min, blind som Herrens tenar?#42,19 tenar Israel. 20Mangt hev du set, men du gøymer det ikkje; han hev opne øyro, men høyrer ikkje.#Jes 6,9; Matt 13,13-14; Esek 33,31 21For si rettferd skuld vil Herren gjera lovi stor og herleg.#Jes 42,4 22Men det er eit rana og plundra folk; alle ligg dei bundne i holor og løynde i fangehus; dei vart rana, og ingen berga dei, dei vart plundra, og ingen sa: Gjev det att!#Jes 49,9 23Kven av dykk vil heretter lyda på dette, gjeva gaum og høyra på det?#Sak 7,11 24Kven gav Jakob burt til plyndring og Israel til ransmenner? Var det ikkje Herren, han som me synda mot, og som dei ikkje vilde fara vegane åt og ikkje høyra på hans lov?#Jer 2,19; 6,16 25So rende han ut yver dei sin heite harm og ein veldig krig; den kveikte eld i dei rundt ikring, men dei skyna det ikkje, brende dei, men dei la ikkje det på hjarta.#Jes 66,15; Jer 7,20; Esek 20,8; Hos 5,10

Currently Selected:

Jesaja 42: NO1938N

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in