1
Jesaja 43:19
Norsk oversettelse 1938 nynorsk
Sjå, eg gjer noko nytt, no skal det renna upp; de skal nok få sjå det! Ja, eg vil gjera veg i heidi, elvar i øydemarki.
Compare
Explore Jesaja 43:19
2
Jesaja 43:2
Fer du gjenom vatn, so er eg med deg, gjenom elvar, so skal dei ikkje fløyma yver deg; gjeng du gjenom eld, skal du ikkje svida deg, og logen skal ikkje brenna deg
Explore Jesaja 43:2
3
Jesaja 43:18
Tenk ikkje på det som fyrr hev vore, akta ikkje på det som framfare er!
Explore Jesaja 43:18
4
Jesaja 43:1
Og no, so segjer Herren, han som skapte deg, Jakob, og laga deg, Israel: Ver uredd! Eg hev løyst deg ut, ropa deg på namn, du er min.
Explore Jesaja 43:1
5
Jesaja 43:4
For di du er dyr for meg, er mykje verd, og eg elskar deg, difor gjev eg menneske burt for deg og folkeslag for ditt liv.
Explore Jesaja 43:4
6
Jesaja 43:3
for eg er Herren din Gud, Israels Heilage, din frelsar; eg gjev Egyptarland til løysepeng for deg, Etiopia og Seba i staden for deg.
Explore Jesaja 43:3
7
Jesaja 43:5
Ver ikkje redd! Eg er med deg. Austanfrå vil eg lata ætti di koma, og vestanfrå vil eg samla deg.
Explore Jesaja 43:5
8
Jesaja 43:25
Eg, ja eg er den som slettar ut misgjerningane dine for mi skuld, og syndene dine kjem eg ikkje i hug.
Explore Jesaja 43:25
9
Jesaja 43:10
De er mine vitne, segjer Herren, og min tenar, som eg hev valt ut, so de skal kjenna og tru meg og skyna at eg er Gud; Fyre meg vart ingen gud til, og etter meg kjem ingen.
Explore Jesaja 43:10
10
Jesaja 43:11
Eg, ja eg er Herren, og utan meg finst det ingen frelsar.
Explore Jesaja 43:11
11
Jesaja 43:13
Ja, alt frå dag vart til, er eg det, og ingen kann berga or mi hand; det som eg gjer, kven kann gjera det ugjort?
Explore Jesaja 43:13
12
Jesaja 43:20-21
Villdyri skal æra meg, sjakalar og strussar, for di eg gjev vatn i heidi, elvar i øydemarki, so mitt folk, mine utvalde, kann få drikka. Det folk eg hev skapt meg, skal forkynna min pris.
Explore Jesaja 43:20-21
13
Jesaja 43:6-7
Eg vil segja til nordheimen: Kom med dei! Og til sudheimen: Haldt dei ikkje att! Kom med sønene mine langt burtanfrå og døtterne mine frå enden av jordi, kvar den som heiter etter mitt namn, og som eg hev skapt til mi æra, som eg hev laga og gjort.
Explore Jesaja 43:6-7
14
Jesaja 43:16-17
So segjer Herren, som gjorde veg i havet, ein stig i dei veldige vatni, som let vogner og hestar, her og stridsmakt draga ut - dei ligg der alle og reiser seg ikkje, dei er sløkte, dei slokna som ein lampeveik -
Explore Jesaja 43:16-17
15
Jesaja 43:15
Eg er Herren, dykkar Heilage, Israels skapar, dykkar konge.
Explore Jesaja 43:15
Home
Bible
Plans
Videos