1
Jesaja 45:3
Norsk oversettelse 1938 nynorsk
Og eg vil gjeva deg skattar som er dulde i myrkret, og rikdomar som er gøymde på løynlege stader, so du skal vita at eg er Herren, som kalla deg på namn, Israels Gud.
Compare
Explore Jesaja 45:3
2
Jesaja 45:2
Sjølv vil eg ganga fyre deg, og bakkar vil eg jamna, kopardører vil eg sprengja, og jarnslåer vil eg hogga sund.
Explore Jesaja 45:2
3
Jesaja 45:5-6
Eg er Herren, og ingen annan; utan meg finst det ingen Gud. Eg væpna deg, endå du ikkje kjende meg, so dei skal vita både i aust og vest at det finst ingen annan enn eg; eg er Herren, og ingen annan
Explore Jesaja 45:5-6
4
Jesaja 45:7
eg som er upphavet til ljoset og skapar åt myrkret; som gjev velferd og skaper uferd; eg, Herren, gjer alt dette.
Explore Jesaja 45:7
5
Jesaja 45:22
Vend dykk til meg, so vert de frelste, alle utbygder av jordi! For eg er Gud, og ingen annan.
Explore Jesaja 45:22
6
Jesaja 45:1
So segjer Herren til sin salve-vigde, til Kyros, som eg held i hans høgre hand for å kasta heidningfolk til jordi for han og løysa beltet av kongar, for å opna dører for han, og so ingi portar skal vera stengde
Explore Jesaja 45:1
7
Jesaja 45:23
Ved meg sjølv hev eg svore, eit sannings-ord er gjenge ut or min munn, eit ord som ikkje vender att: For meg skal kvart eit kne bøygja seg, meg skal kvar ei tunge sverja truskap.
Explore Jesaja 45:23
8
Jesaja 45:4
For min tenar Jakobs skuld og Israel, min utvalde, kalla eg deg på namn, gav eg deg ærenamn, endå du ikkje kjende meg.
Explore Jesaja 45:4
Home
Bible
Plans
Videos