Apostelgjerningane 23
23
1Paulus feste augo på Rådet og sa: «Brør, eg har til denne dag levt med godt samvit for Gud.» #24,16 2«Slå han på munnen!» sa Ananias, øvstepresten, til dei som stod attmed. 3Då sa Paulus til han: «Gud skal slå deg, din kalka vegg! Her sit du og skal døma meg etter lova, og så byd du tvert imot lova at dei skal slå meg!» #Matt 23,27; 3 Mos 19,15; Esek 13,10ff 4«Skjeller du ut Guds øvsteprest?» sa dei som stod der. 5«Eg visste ikkje, brør, at han er øvsteprest,» svara Paulus. «For det står skrive: Ein hovding i folket ditt skal du ikkje skjella ut.»#2 Mos 22,28
6Som no Paulus visste at somme av dei som sat i Rådet, var saddukearar og somme farisearar, ropa han ut: «Brør, eg er farisear og av farisearætt. Og eg vert klaga fordi eg har den vona at dei døde skal stå opp.» #26,5; Fil 3,5+; Apg 24,14f.21; 26,6f; 28,20 7Ikkje før hadde han sagt det, så vart det strid mellom farisearar og saddukearar, og flokken kløyvde seg. 8For saddukearane seier at det ikkje er noka oppstode, og at det ikkje finst englar og ånder, men farisearane lærer alt det. #Matt 22,23; Apg 4,1f 9No vart det mykje skrik, og nokre av dei skriftlærde frå farisearflokken reiste seg og la sterkt imot: «Vi finn ikkje noko gale hjå denne mannen. Tenk om det var ei ånd eller ein engel som tala til han?» #5,34ff 10Striden vart så hard at kommandanten ottast dei kunne slita Paulus sund. Difor baud han soldatane gå ned og riva han ut or hendene deira og føra han inn i borga.
11Natta etter stod Herren framfor han og sa: «Ver frimodig! Som du har vitna om meg i Jerusalem, skal du vitna i Roma òg.»#18,9; 27,24; 28,16ff
Samansverjinga
12Då det vart dag, slo jødane seg saman, og svor på at dei korkje skulle eta eller drikka før dei hadde drepe Paulus. 13Meir enn førti mann var med i denne samansverjinga. 14Dei gjekk til overprestane og dei eldste og sa: «Vi har svore på at vi ikkje skal smaka mat før vi har drepe Paulus. 15Send no de i lag med Rådet ei fråsegn til kommandanten og bed han senda han til dykk. Lat som om de vil granska saka hans nøgnare. Så står vi ferdige til å rydja han or vegen før han kjem fram.»
16Men systerson til Paulus fekk høyra om denne løynde planen, og han gjekk opp i borga og fortalde det til Paulus. 17Då sende Paulus bod etter ein av offiserane og sa: «Før denne unge guten til kommandanten! Han har ei melding til han.» 18Offiseren tok han med seg til kommandanten og sa: «Paulus som sit fanga her, kalla på meg og bad meg føra denne unge guten til deg. Han har ei melding til deg.» 19Kommandanten tok guten i handa, leidde han til sides og spurde: «Kva er det du har å fortelja meg?» 20Han svara: «Jødane har avtala at dei i morgon skal be deg føra Paulus ned til Rådet. Dei skal lata som om dei vil granska saka hans nøgnare. 21Men du må ikkje la deg overtelja! For meir enn førti av dei ligg og lurer på han. Dei har svore på at dei korkje skal eta eller drikka før dei har drepe han. No held dei seg budde og ventar berre på at du skal lova det.»
22Kommandanten lét guten gå, men baud han strengt: «Lat ikkje nokon få vita at du har fortalt meg dette.»
Paulus vert send til Cæsarea
23Så kalla han til seg to av offiserane og sa: «Ta 200 soldatar, 70 hestfolk og 200 lettvæpna menn, og lat dei halda seg ferdige til å fara til Cæsarea etter den tredje timen i natt! 24Og syt for ridedyr, så dei kan få Paulus trygt fram til landshovdingen Feliks!» 25Så skreiv han dette brevet:
26Claudius Lysias helsar den høgvørde landshovdingen Feliks. #23,26 Feliks landshovding over Judea om lag 53–59 e. Kr. 27Denne mannen hadde jødane gripe og heldt på å gjera ende på han; men då eg fekk vita at han var romersk borgar, kom eg med soldatane og berga han. #21,33; 22,25ff 28Som eg no gjerne ville få greie på kva det var dei klaga han for, førte eg han fram for Rådet deira. #22,30 29Eg fann då ut at klagemålet mot han galdt nokre spørsmål i lova deira, og at han ikkje var skulda for noko som han kunne dømast frå livet eller setjast i fengsel for. #18,14f; 25,25 30Men sidan eg har fått melding om at dei har planlagt eit åtak på mannen, sender eg han til deg. Og eg har sagt frå til klagarane at dei får venda seg til deg i denne saka.
31Soldatane gjorde som dei var føresagde: Dei tok Paulus med seg til Antipatris om natta. 32Dagen etter vende dei attende til borga og lét hestfolket fara lenger med han. 33Så snart dei kom til Cæsarea, lét dei landshovdingen få brevet og førte Paulus fram for han. 34Han las brevet og spurde kva provins han var ifrå. Og då han fekk vita at det var Kilikia, #22,3 35sa han: «Eg skal forhøyra deg når klagarane dine kjem.» Så baud han at Paulus skulle haldast i varetekt i slottsborga til Herodes.
Выбрано:
Apostelgjerningane 23: NO1978NN
Выделить
Поделиться
Копировать

Хотите, чтобы то, что вы выделили, сохранялось на всех ваших устройствах? Зарегистрируйтесь или авторизуйтесь
© Norwegian Bible Society 1978/85
© Bibelselskapet 1978/85
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2