Apostelgjerningane 19

19
Paulus i Efesos
1Medan Apollos var i Korint, drog Paulus gjennom innlandet og kom til Efesos. Der møtte han nokre læresveinar 2og spurde dei: «Fekk de Den Heilage Ande då de kom til tru?» «Nei,» svara dei, «vi har ikkje eingong høyrt at det er nokon Heilag Ande.» #Joh 7,39 3«Kva dåp vart de då døypte med?» spurde han. «Med Johannes-dåpen,» svara dei. #18,25 4Då sa Paulus: «Dåpen åt Johannes var ein omvendingsdåp, og medan han døypte, sa han til folket at dei skulle tru på den som kom etter han, og det er Jesus.» #Matt 3,11 5Då dei høyrde det, lét dei seg døypa til namnet åt Herren Jesus. #2,38 6Og då Paulus la hendene på dei, kom Den Heilage Ande over dei, og dei tala i tunger, og dei tala profetisk. #8,17; 10,44.46 7Det var om lag tolv menn i alt.
8Sidan gjekk han til synagoga, og der tala han med stort frimod i tre månader; han samtala med folk og overtydde dei om Guds rike. 9Men det var nokre som gjorde seg harde og ikkje ville tru; dei lasta «vegen» medan alle høyrde på. Då braut Paulus med dei og fekk læresveinane til å halda seg borte frå dei, og sidan hadde han kvar dag samtalar i Tyrannus-skulen. #19,9 Tyrannus-skulen ein sal som tilhøyrde Tyrannus, truleg ein visdomslærar i Efesos. #9,2 10Dette heldt han fram med i to år, så alle som budde i Asia, både jødar og grekarar, fekk høyra Herrens ord.
Dei sju Skevas-sønene
11Gud gav Paulus kraft til å gjera uvanlege under. #5,12; 14,3 12Det hende jamvel at folk tok lommeplagg og arbeidsklede som han hadde hatt på seg, og la på dei sjuke. Då sleppte sjukdomen taket, og dei vonde åndene fór ut. #5,15 13Nokre jødar som fór ikring og dreiv med åndemaning, freista òg å nemna namnet åt Herren Jesus over dei som hadde vonde ånder i seg, og sa: «Eg manar dykk ved den Jesus som Paulus forkynner.» 14Den jødiske øvstepresten Skevas hadde sju søner som dreiv på med dette. 15Men den vonde ånda svara dei: «Jesus kjenner eg, og Paulus veit eg om. Men kven er de?» 16Og mannen som den vonde ånda var i, flaug på dei, vann over dei alle og skamfór dei, så dei nakne og såra laut røma or huset. 17Dette vart kjent for alle som budde i Efesos, både jødar og grekarar; det kom otte på dei alle, og Herren Jesu namn vart høglova. #2,43 18Mange av dei truande kom og skrifta og fortalde kva dei hadde gjort. 19Og mange av dei som hadde fare med svartekunster, kom med bøkene sine og brende dei medan alle såg på. Dei rekna ut kva bøkene var verde, og kom til at det var 50 000 sølvpengar. #19,19 sølvpengar denarar, sjå Tillegg. 20Såleis hadde Herrens ord sterk framgang og fekk stor makt.#6,7; 12,24
21Då alt dette var fullført, sette Paulus seg føre å fara gjennom Makedonia og Akaia og heilt til Jerusalem. Og han sa: «Når eg har vore der, må eg vitja Roma òg.» #Rom 15,22ff 22Så sende han to av hjelpesmennene sine, Timoteus og Erastus, til Makedonia; sjølv drygde han endå ei tid i Asia.#1 Tim 1,2+
Uro i Efesos
23På den tid vart det eit stort oppstyr om Herrens veg. 24Ein sølvsmed som heitte Demetrius, laga Artemis-tempel av sølv og hjelpte handverkarane til god inntekt. #19,24 Artemis-tempel Artemis var ei gresk gudinne for liv og grøde. Sølvsmedane laga små tempel som m.a. vart nytta til amulettar. 25Ein dag kalla han saman både dei og arbeidarane som dreiv med dette, og sa: «Godt folk! De veit at velstanden vår kjem frå dette arbeidet. 26Men no kan de både sjå og høyra korleis denne Paulus overtel menneske i store mengder og fører dei vilt, ikkje berre her i Efesos, men i mest heile Asia. Han seier at gudar som er laga av menneskehender, ikkje er gudar. #17,29 27Det er ikkje berre fare for at yrket vårt får ringt ord på seg, men verre er det at templet til Artemis, den store gudinna vår, kan verta rekna for inkje, og at ho som heile Asia, ja, heile verda dyrkar, kan koma til å missa sitt velde.» 28Då dei høyrde det, vart dei rasande og ropa: «Stor er Artemis, efesargudinna!» 29Uroa breidde seg over heile byen, og alle som ein storma av stad til teatret og drog med seg Gaius og Aristark, to makedonarar som hadde fylgt Paulus på ferda. #19,29 teatret det store friluftsteatret i Efesos. #20,4; 27,2; Kol 4,10; Filem 24 30Paulus ville gå inn i folkehopen, men læresveinane hindra han. 31Nokre av rådsherrane for Asia-provinsen, som var venene hans, sende bod til han at han ikkje måtte våga seg inn i teatret. 32Dei ropa og skreik i munnen på kvarandre, for heile folkehopen var i ei røre, og dei fleste visste ikkje eingong kva dei hadde kome saman for. 33Då skuva jødane fram ein mann som heitte Aleksander, og nokre i flokken sette han inn i saka. Aleksander gjorde teikn med handa og ville halda ein forsvarstale til folket. 34Men då dei skjøna at han var jøde, skreik dei alle i kor i to samfulle timar: «Stor er Artemis, efesargudinna!» #16,20 35Til sist greidde byskrivaren å roa folkehopen og sa: «Efesarar, finst det noko menneske som ikkje veit at efesarbyen er sett til å ta vare på templet åt den store Artemis og biletet hennar, det som har falle ned frå himmelen? 36Dette kan ingen nekta, og difor bør de no vera rolege og ikkje fara for brått fram. 37No har de ført hit desse mennene som korkje er tempelranarar eller har spotta gudinna vår. 38Vil Demetrius og handverkarane hans reisa sak mot nokon, så har vi dei vanlege rettsmøta, og vi har våre fylkeshovdingar; partane kan stemna kvarandre for retten. 39Og har de noko anna å krevja, skal det verta avgjort på det lovlege folketinget. 40Etter det som har hendt i dag, kan vi lett verta klaga for opprør. Og vi har ingen ting å visa til når vi vert kravde til rekneskap for dette oppstyret.» Med så sagt fekk han folkehopen til å skiljast.

Выделить

Поделиться

Копировать

None

Хотите, чтобы то, что вы выделили, сохранялось на всех ваших устройствах? Зарегистрируйтесь или авторизуйтесь