Galatarane 5

5
Kristen fridom
1 # Joh 8,36; Apg 15,10; Gal 2,4; 5,13 Til fridom har Kristus frigjort oss. Stå difor støtt og lat ikkje nokon tvinga dykk inn att under slaveåket. 2#2,21Høyr kva eg, Paulus, seier dykk: Lèt de dykk omskjera, vil ikkje Kristus vera til noka hjelp for dykk. 3#3,10På nytt slår eg fast at kvar den som lèt seg omskjera, er skuldig til å halda heile lova. 4De som vil bli rettferdige ved lova, er skilde frå Kristus; de er falne ut av nåden. 5Men vi ventar i Anden, ved tru, på den rettferda som er vår von. 6#1 Kor 7,19; Gal 6,15For i Kristus Jesus gjeld det verken å vera omskoren eller å vera uomskoren; her gjeld berre tru, verksam i kjærleik. 7De var komne godt i gang med løpet. Kven er det som har hindra dykk i å vera lydige mot sanninga? 8Kven har overtala dykk? Ikkje han som kalla dykk! 9#1 Kor 5,6#5,9 Litt surdeig Når ein baka, tok ein vare på ein liten klump av den gjæra deigen (surdeig). Neste gong ein skulle baka, knadde ein klumpen inn i den nye deigen for å få han til å heva seg.Litt surdeig gjennomsyrar heile deigen. 10#1,6fMen i Herren har eg den tiltru til dykk at de ikkje vil tenkja annleis enn eg gjer. Den som forvirrar dykk, skal få sin dom, kven han så er. 11#1 Kor 1,23Men om det er så, sysken, at eg enno forkynner omskjering, kvifor blir eg då forfølgd? Då er ikkje krossen ein snublestein lenger. 12#5,12 skjera av seg alt saman Uttrykket blir brukt om kastrering. >Matt 19,12.Må dei berre skjera av seg alt saman, dei som spreier uro mellom dykk!
13 # Rom 6,18.22; 1 Kor 8,9; Gal 5,16; 1 Pet 2,16 # 5,13 kjøtet =kjøt, kjøt og blod. De er kalla til fridom, sysken. Lat berre ikkje fridomen bli eit påskot til å gjera det kjøtet vil, men ten kvarandre i kjærleik. 14#3 Mos 19,18; Rom 13,8ff+For heile lova er oppfylt i dette eine bodet: Du skal elska nesten din som deg sjølv. 15Men når de bit og glefser etter kvarandre, så pass på at de ikkje et kvarandre opp!
Livet i Anden
16Eg seier dykk: Lev eit liv i Anden! Då følgjer de ikkje dei vonde lystene i dykkar kjøt og blod. 17#Rom 7,15–25; 8,5For det kjøtet vil, står Anden imot, og det Anden vil, står kjøtet imot. Dei to ligg i strid med kvarandre, så de ikkje kan gjera det de vil. 18#Rom 6,14; 8,14Men blir de drivne av Anden, då er de ikkje under lova. 19#5,19–21 Versa inneheld ein lastekatalog, ei opplisting av haldningar og handlingar som strider mot kristen tru og liv. =katalogar.#Matt 15,19; Rom 1,29ff; 13,13; 1 Kor 5,10f; 6,9f; 2 Kor 12,20; Ef 5,3ff; Kol 3,5ff; 1 Tim 1,9f; 2 Tim 3,2ffDet er klårt kva slag gjerningar som kjem frå kjøtet: hor, umoral, usømd, 20avgudsdyrking, trolldom, fiendskap, strid, sjalusi, sinne, sjølvhevding, usemje, splittingar, 21misunning, fyll, festing og meir av det slaget. Eg har sagt det før og seier det på nytt: Dei som driv med slikt, skal ikkje arva Guds rike. 22#5,22–23 Versa inneheld ein dygdekatalog. =katalogar.#Ef 5,9Men Andens frukt er kjærleik, glede, fred, tolmod, mildskap, godleik, truskap, 23#1 Tim 1,9audmjukskap og sjølvdisiplin. Slike ting er ikkje lova imot! 24#Rom 6,6; Kol 3,5Dei som høyrer Kristus til, har krossfest kjøtet med lidenskapane og dei vonde lystene. 25#Rom 8,5; Gal 5,16Lever vi ved Anden, så lat oss òg vandra i Anden. 26#Fil 2,3Lat oss ikkje vera drivne av æresjuke så vi utfordrar og misunner kvarandre.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på