Galatarane 4
4
1Lat meg forklara dette. Så lenge ein arving er umyndig, er det ingen skilnad på han og slaven, endå han er herre over alt saman. 2Han står under formyndarar og hushaldarar heilt fram til den tida far hans har fastsett. 3#4,3 grunnkreftene makter som vart tilbedne og dyrka i heidenske religionar. Dei vart ofte sette i samband med naturkrefter, særleg dei fire grunnelementa jord, vatn, luft og eld, og med himmellekamar. Jf. Kol 2,8.20.Slik er det òg med oss. Då vi var umyndige, var vi slavar under grunnkreftene i verda. 4#Mark 1,15; Joh 1,14; Rom 1,3; Ef 1,10Men då tida var fullkomen, sende Gud sin eigen Son, fødd av ei kvinne, fødd under lova. 5#3,13.26Han skulle kjøpa fri dei som var under lova, så vi kunne få retten til å vera Guds born. 6#4,6 Abba aram. for «far». Ein slik måte å innleia ei bøn til Gud på er utan parallellar i jødisk bønespråk. Jf. Mark 14,36; Rom 8,15ff.Og sidan de er born, har Gud sendt sin Sons Ande inn i hjarta våre, og Anden ropar: «Abba, Far!» 7#3,29Difor er du ikkje lenger slave, men son. Og er du son, då er du òg arving, innsett av Gud.
Paulus har omsorg for galatarane
8 #
Jes 37,19; 1 Kor 8,4ff; 12,2+ Den tid de ikkje kjende Gud, var de slavar under gudar som ikkje er verkelege gudar. 9#Kol 2,20Men no når de kjenner Gud – nei, meir enn det, når de er kjende av Gud – korleis kan de no på nytt venda attende til desse veike og fattige grunnkreftene? Vil de på nytt vera slavar under dei? 10#Rom 14,5; Kol 2,16#4,10 dagar og månader, høgtider og år siktar til den jødiske sabbatspraksisen og festkalenderen. Jf. Rom 14,5.De held nøye rekning med dagar og månader, høgtider og år! 11#Fil 2,16Eg er redd at eg har streva med dykk til inga nytte.
12 #
1 Kor 9,21; 11,1 Eg bed dykk, sysken: Ver som eg, for eg har vorte som de er! De har ikkje gjort urett mot meg. 13For de veit at det var på grunn av ein sjukdom eg fekk forkynna evangeliet for dykk første gongen. 14#Matt 10,40Men de lét dykk ikkje freista av dette til å forakta eller avsky meg; de tok imot meg som ein engel frå Gud, ja, som Kristus Jesus sjølv. 15Men kvar har gleda dykkar no vorte av? Det vitnemålet gjev eg dykk at de gjerne hadde rive ut auga og gjeve meg, om det lét seg gjera. 16#Am 5,10Har eg no vorte ein fiende fordi eg seier dykk sanninga? 17Dei andre er etter dykk med ein iver som ikkje er av det gode, for dei vil skilja dykk frå oss og gjera dykk til sine tilhengjarar. 18Det er vel og bra at somme er ivrige alltid og ikkje berre når eg er hos dykk, men det må vera ein iver for det gode. 19#1 Kor 4,15Mine born, som eg på nytt føder med smerte til den tid Kristus tek skapnad i dykk 20– eg skulle ønskja eg var hos dykk så eg kunne bruka ein annan tone når eg talar, for eg veit inga råd med dykk.
Den gamle og den nye pakta
21Sei meg, de som vil vera under lova: Høyrer de ikkje på lova? 22#1 Mos 16,15; 21,2Det står skrive at Abraham hadde to søner, ein med slavekvinna og ein med den frie kvinna. 23#1 Mos 17,16; Rom 9,7ffSon til slavekvinna er fødd etter naturens orden, medan son til den frie kvinna er fødd etter Guds lovnad. 24#5,1Dette har ei djupare meining. Dei to kvinnene står for to pakter. Den eine, Hagar, er pakta frå Sinai-fjellet; ho føder til slaveri. 25#4,25 Hagar … i Arabia Andre handskrifter har «Sinai er eit fjell i Arabia». Namnet Hagar liknar på det arabiske namnet på eit fjell i Arabia, som vart sett i samband med Sinai-fjellet.Hagar står for Sinai-fjellet i Arabia og svarar til det noverande Jerusalem, som lever i slaveri med borna sine. 26#Hebr 12,22; Op 3,12; 21,2.10Men det Jerusalem som er i det høge, er fritt, og det er vår mor. For det står skrive:
27 #
Jes 54,1
Gled deg, du barnlause, som ikkje fødde.
Bryt ut i jubel, du som ikkje fekk rier.
For den einslege kvinna har fleire born
enn ho som har mann.
28 #
3,29
Og de, sysken, er born ut frå lovnaden liksom Isak. 29#1 Mos 21,9Men han som var fødd etter naturens orden, forfølgde den gongen han som var fødd ved Anden, og slik er det i dag òg. 30#1 Mos 21,10; Joh 8,35Men kva seier Skrifta? Driv bort slavekvinna og son hennar! For son til slavekvinna skal ikkje arva saman med son til den frie kvinna. 31Difor, sysken, er vi ikkje born av slavekvinna, men av den frie kvinna.
Markert nå:
Galatarane 4: NO2011NN
Marker
Del
Kopier
Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på
Norwegian Nynorsk Bible © The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap), 2011. All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).
Norwegian Nynorsk Bible © Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies), 2011.