Det er klårt kva slag gjerningar som kjem frå kjøtet: hor, umoral, usømd, avgudsdyrking, trolldom, fiendskap, strid, sjalusi, sinne, sjølvhevding, usemje, splittingar, misunning, fyll, festing og meir av det slaget. Eg har sagt det før og seier det på nytt: Dei som driv med slikt, skal ikkje arva Guds rike.