1
1. Mosebok 37:5
Bibelen – Bibelselskapets omsetjing 2011
Ein gong hadde Josef ein draum. Den fortalde han brørne sine. Då hata dei han endå meir.
Sammenlign
Utforsk 1. Mosebok 37:5
2
1. Mosebok 37:3
Israel elska Josef meir enn alle dei andre sønene, for han hadde fått han på sine gamle dagar. Han laga ein forseggjord kjortel til han.
Utforsk 1. Mosebok 37:3
3
1. Mosebok 37:4
Men då brørne såg at far deira heldt meir av han enn av alle dei andre, la dei han for hat og kunne ikkje seia eit venleg ord til han.
Utforsk 1. Mosebok 37:4
4
1. Mosebok 37:9
Josef hadde endå ein draum og fortalde han til brørne sine. «No har eg hatt endå ein draum», sa han. «Sjå, sola og månen og elleve stjerner bøygde seg for meg.»
Utforsk 1. Mosebok 37:9
5
1. Mosebok 37:11
Brørne var misunnelege, men faren merka seg det han hadde sagt.
Utforsk 1. Mosebok 37:11
6
1. Mosebok 37:6-7
Han sa til dei: «Høyr kva eg har drøymt! Sjå, vi var ute på åkeren og batt kornband, og kornbandet mitt reiste seg og vart ståande, medan kornbanda dykkar stilte seg rundt mitt og bøygde seg for det.»
Utforsk 1. Mosebok 37:6-7
7
1. Mosebok 37:20
Kom, vi drep han! Vi kastar han i ein av brønnane og seier at eit rovdyr har ete han opp. Så skal vi sjå kva det blir av draumane hans.»
Utforsk 1. Mosebok 37:20
8
1. Mosebok 37:28
Nokre kjøpmenn frå Midjan kom framom, og dei drog Josef opp frå brønnen. Dei selde Josef for tjue sjekel sølv til ismaelittane. Og dei tok han med seg til Egypt.
Utforsk 1. Mosebok 37:28
9
1. Mosebok 37:19
Dei sa seg imellom: «Sjå, der kjem denne stordrøymaren.
Utforsk 1. Mosebok 37:19
10
1. Mosebok 37:18
Dei såg han på lang avstand, og før han kom fram, la dei planar om å ta livet hans.
Utforsk 1. Mosebok 37:18
11
1. Mosebok 37:22
Så sa Ruben til dei: «Lat det ikkje renna blod! Kast han ned i denne brønnen her i ørkenen, men legg ikkje hand på han.» Dette sa han for å berga han frå dei og ta han med attende til far hans.
Utforsk 1. Mosebok 37:22
Hjem
Bibel
Leseplaner
Videoer