Lukas 21
21
Enkje-skjerven, 1-4. Jesus talar um at Jerusalem skal øydeleggjast, og um si atterkoma, 5-36, lærer kvar dag i templet, 37.38.
1Då han såg upp, vart han var at dei rike la gåvone sine i templekista;#Mark 12,41-44 2og han vart var ei armodsleg enkja, som la tvo skjervar. 3Då sa han: Det segjer eg dykk for sant: Denne fatige enkja hev lagt meir enn dei alle. 4For det som desse gav, det gav dei alle av nøgdi si; men ho gav av si fatige råd - gav alt ho hadde til å livberga seg med. 5Det var nokre som tala um templet, at det var prydt med fagre steinar og vigde gåvor. Då sa han:#Matt 24,1-51; Mark 13,1-37 6Dette som de skodar, um det skal de vita at det vil koma ei tid då her ikkje vert liggjande stein på stein som ikkje skal rivast laus.#Luk 19,43-44 7Når skal då dette ganga fyre seg, meister? spurde dei, og kva er teiknet på at den tidi er nær? 8Då svara han: Sjå dykk fyre, so ingen fær ført dykk på villstig! For mange skal taka mitt namn og segja: Det er eg! og: Det lid innpå tidi. Fylg ikkje etter dei!#2 Tess 2,3 9Og når de høyrer um ufred og upprør, so vert ikkje fælne! For fyrst lyt det henda; men enden kjem ikkje straks. 10So sa han til dei: Folk skal reisa seg imot folk, og rike mot rike; 11store jordskjelvar skal koma, og uår og sott kring i landi; og det skal syna seg skræmor og store teikn frå himmelen. 12Men fyrr alt dette hender, skal dei leggja hand på dykk og forfylgja dykk og draga dykk inn i synagogor og fangehus; og de skal førast fram for kongar og landshovdingar for mitt namn skuld.#Matt 10,17-23; Joh 16,2; Apg 4,3; 5,18 13Det skal venda seg til godt vitnemål for dykk. 14Legg dykk då på minne at de ikkje fyreåt tarv tenkja på korleis de skal svara for dykk!#Luk 12,11-12 15Eg skal gjeva dykk munn og visdom som ingen av motmennene dykkar skal kunna standa seg for eller segja imot.#2 Mos 4,12; Jes 54,17; Apg 6,10 16Jamvel foreldre og brør og skyldfolk og vener skal svika dykk og valda sume av dykk dauden,#Apg 7,59; 12,2 17og alle skal hata dykk for mitt namn skuld. 18Men ikkje eit hår på hovudet dykkar skal forkomast.#Matt 10,30; Luk 12,7 19Haldt ut, so skal de vinna sjelene dykkar!#Matt 24,13 20Når de ser at stridsherar kringset Jerusalem, då skal de vita at det ikkje er lenge fyrr byen vert lagd i øyde.#Dan 9,26 21Då lyt dei som er i Judaland, røma til fjells; dei som er inni byen, lyt flytja ut, og dei som er utpå landet, må ikkje koma inn. 22For dette er hemnardagane; då skal det ganga fram alt det som stend skrive. 23Stakkars dei som gjeng med barn eller gjev brjost, i dei dagane! For det skal vera stor naud på jordi, og vreide yver dette folket. 24Dei skal falla for sverds-eggi og førast hertekne burt til alle heidningfolk, og Jerusalem skal heidningane trøda under fot, til tidi åt heidningane er ute. 25Det skal syna seg teikn i sol og måne og stjernor, og på jordi skal folki fælast i vonløysa når havet og brotsjøane dyn.#Jes 13,10; Joel 3,4.20; 2 Pet 3,10.12; Op 6,12 26Folk skal uvita av redsla og gru for det som kjem yver jordriket; for himmelkraftene skal skakast. 27Då skal dei sjå Menneskesonen koma i skyi med velde og stor herlegdom.#Dan 7,13; Luk 9,26; Apg 1,11; Op 1,7 28Men når dette tek til å henda, då rett dykk upp og lyft hovudet! for det lid mot utløysingi dykkar.#Rom 8,23 29So sa han dei ei likning: Sjå på fiketreet og alle andre tre! 30So snart de ser dei hev sprotte, då veit de av dykk sjølve at no er sumaren nær. 31Soleis når de ser dette hender, då veit de at Guds rike er nær. 32Det segjer eg dykk for visst: Denne ætti skal ikkje forgangast fyrr alt saman hev hendt. 33Himmel og jord skal forgangast, men mine ord skal aldri forgangast.#Jes 51,6; Matt 5,18; Luk 16,17 34Men vara dykk at de aldri let hjarta tyngjast av rus og ovdrykk og verdsleg sut, so den dagen kjem uventande på dykk som ei snara!#1 Tess 5,6 35For han skal koma yver alle som bur kring i vidande verdi.#Jes 24,17-20; 1 Tess 5,2; 2 Pet 3,10; Op 3,3; 16,15 36Vak kvar tid og stund, og bed, so de kann få styrke til å røma undan alt dette som koma skal, og standa dykk framfor Menneskesonen!#Luk 12,40; 18,1; 2 Pet 3,11 37Um dagane lærde han i templet; men um nætene gjekk han ut or byen og heldt til på den åsen dei kallar Oljeberget. 38Og alt folket kom tidleg um morgonen til han i templet og lydde på han.
Nu geselecteerd:
Lukas 21: NO1938N
Markering
Deel
Kopiëren
Wil je jouw markerkingen op al je apparaten opslaan? Meld je aan of log in
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2