Lukas 20

20
Jesus vert spurd um sin rett, 1-8, set fram likningi um vingardsmennene, 9-19, talar um å gjeva keisaren skatt, 20-26, um uppstoda, 27-38, um Messias som Davids son og Davids herre, 39-44, åtvarar mot dei skriftlærde, 45-47.
1Som han no ein dag lærde i templet og forkynte evangeliet, steig øvsteprestane og dei skriftlærde fram saman med styresmennene,#Matt 21,23-27; Mark 11,27-33 2og dei tala soleis til han: Seg oss: Kva rett hev du til å gjera dette, eller kven var det som gav deg den retten?#Apg 4,7 3Eg vil og spyrja dykk um ein ting, svara han: Seg de meg: 4Var dåpen åt Johannes frå himmelen eller frå menneske? 5Då la dei yver med kvarandre og sa: Svarar me: Frå himmelen, so segjer han: Kvi trudde de han ikkje? 6og svarar me: Frå menneske, so kjem heile folket til å steina oss i hel; for dei trur for visst at Johannes var ein profet.#Matt 14,5 7So svara dei at dei visste ikkje kvar Johannes-dåpen var ifrå. 8Då segjer ikkje eg dykk heller kva rett eg hev til å gjera dette, sa Jesus. 9So tok han til å tala til folket og sa dei ei likning: Det var ein gong ein mann som laga til ein vingard; den leigde han burt til brukarar, og so for han utanlands og vart burte ei lang æva.#Jes 5,1-7; Sal 80,9-20; Matt 21,33-44; Mark 12,1-12 10Då tidi kom, sende han ein svein til brukarane, og kravde at dei skulde gjeva han noko av det som var avla i vingarden. Men brukarane slo sveinen og sende han burt att med tome hender. 11So sende han atter ein annan svein; den slo dei og, og hædde han og sende han burt att med hendene tome. 12Og endå ein tridje sende han; den for dei like eins med, slo han til blods og kasta han ut. 13Kva skal eg no gjera? sa han som åtte vingarden. Eg vil senda son min, han som eg elskar so høgt; kann henda dei hev age for han! 14Men då brukarane fekk sjå han, la dei yver med kvarandre og sa: Dette er ervingen! Lat oss slå han i hel, so me kann få arven!#Sal 2,8; Hebr 1,2 15So kasta dei han ut or vingarden og slo han i hel. Kva skal no vingardseigaren gjera med dei? 16Han skal koma og gjera ende på desse brukarane og lata andre få vingarden. Då dei høyrde det, sa dei: Slikt må aldri henda! 17Då såg han på dei og sa: Kva tyder då dette ordet i skrifti: Den steinen byggjarane vanda, den var det som vart hyrnestein?#Sal 118,22; Jes 8,14-15; 28,16 18Kvar den som fell på den steinen, skal slå seg sund; men den som steinen fell på, skal han smuldra til dust.#Dan 2,34.44 19Dei skriftlærde og øvsteprestane vilde ha lagt hand på han i same stundi; for dei skyna at det var dei han hadde meint med likningi si. Men dei torde ikkje for folket.#Luk 19,48 20So gjætte dei på han og sende folk ut som skulde lura på han og låst vera lovlydige, so dei kunde fanga han i ord, og so gjeva han yver til styremakti og i hendene på landshovdingen.#Matt 22,15-22; Mark 12,13-17 21Dei sette fram eit spursmål for han og sa: Meister, me veit at du talar og lærer rett og ikkje gjer skil på folk, men lærer oss sanningi um Guds veg - 22er det rett at me legg skatt til keisaren, eller er det ikkje?#5 Mos 17,15 23Men han gådde listi deira og sa til dei: 24Syn meg ein pening! Kva bilete og namn er det han hev? - Det er keisarens, svara dei. 25Vel, sa han til dei, gjev so keisaren det som keisarens er, og Gud det som Guds er!#Rom 13,7 26Soleis kunde dei ikkje fanga han i noko ord so folket var vitne på det; dei undra seg berre yver svaret hans, og tagde. 27So kom det nokre saddusearar - det er dei som neittar at dei daude skal standa upp att - dei og sette fram eit spursmål for han og sa:#Matt 22,23-33; Mark 12,18-27; Apg 23,8 28Meister, Moses hev skrive den lovi åt oss, at når ein gift mann døyr barnlaus, so skal bror hans gifta seg med enkja og halda uppe ætti åt bror sin.#5 Mos 25,5 29No var det ein gong sju brør. Den fyrste tok seg ei kona, men døydde barnlaus. 30So gifte den andre seg med henne, 31og so den tridje, og sameleis alle sju; dei døydde og hadde ikkje born etter seg. 32Til slutt døydde kona og. 33Kven av dei skal no den kona høyra til i eit anna liv? For alle sju hev havt henne til kona. 34Jesus svara: Dei som lever her i verdi, dei gifter seg og vert burtgifte; 35men dei som vert haldne verdige til å vera med i ei onnor verd og standa upp att frå dei daude, dei korkje gifter seg eller vert burtgifte; 36dei kann heller ikkje døy meir; for dei er liksom englane og er Guds born, av di dei hev stade upp att til eit nytt liv. 37Men at dei avlidne skal vekkjast upp att, det hev Moses og synt i soga um klungeren, der han kallar Herren Abrahams Gud og Isaks Gud og Jakobs Gud.#2 Mos 3,6; Hebr 11,16 38Og han er ikkje Gud for dei daude, men for dei levande; for alle er levande for han. 39Då tok nokre skriftlærde til ords og sa: No tala du vel, meister. 40Og dei torde ikkje oftare spyrja han um noko. 41So sa han til dei: Korleis kann dei segja at Messias er Davids son?#Matt 22,41-46; Mark 12,5-12 42David segjer då sjølv i Salmeboki: Herren sa til min herre: Set deg ved mi høgre hand,#Sal 110,1; Apg 2,34; 1 Kor 15,25; Hebr 1,13; 10,13 43til dess eg fær lagt dine fiendar under føtene dine! 44So kallar no David han herre; korleis kann han då vera son hans? 45Sidan tala han til læresveinane og sa so heile folket høyrde det: 46Akta dykk for dei skriftlærde, som likar å ganga ikring i side kjolar, og vil at folk skal helsa dei på torgi, og som trår etter dei fremste sessane i synagogone og dei høgste sæti i gjestebod;#Matt 23,5-12; Mark 12,38-40; Luk 11,43 47dei som et upp huset for enkjor og for ei syn skuld held lange bøner! Dei skal få so mykje strengare dom.

Nu geselecteerd:

Lukas 20: NO1938N

Markering

Deel

Kopiëren

None

Wil je jouw markerkingen op al je apparaten opslaan? Meld je aan of log in