Lukas 22

22
Jødane gjer avtale med Judas, 1-6. Jesus et påskemålet med læresveinane sine og set inn nattverden, 7-23; manar dei til audmykt, 24-30, segjer fyreåt at Peter kjem til å falla, og at læresveinane skal møta trengsla i verdi, 31-38. Jesu sjelestrid i Getsemane, 39-46. Judas svik Jesus, 47-53, Peter avneittar han, 54-62; Jesus vert spotta og forhøyrd for rådet, 63-71.
1No leid det nær innåt usyrdebrødhelgi, som dei kallar påske.#2 Mos 12,14-20; Matt 26,2-13; Mark 14,1-2 2Og øvsteprestane og dei skriftlærde grunda på korleis dei skulde bera seg åt for å få rudt han or vegen; for dei var redde for folket.#Luk 20,19 3Då for Satan i Judas, han som dei kalla Iskariot, og som var ein av dei tolv;#Matt 26,14-16; Mark 14,10-11; Joh 13,2.27 4han gjekk av stad og tala med øvsteprestane og hovdingane for tempelvakti um korleis han skulde få gjeve Jesus yver til dei. 5Dei vart glade, og lova å gjeva han pengar. 6Han vart forlikt med dei, og sidan leita han etter eit lagleg høve til å gjeva han yver til dei utan uppstyr. 7So kom usyrdebrød-dagen, den dagen då påskelambet skulde slaktast.#Matt 26,17-29; Mark 14,12-25 8Då sende han Peter og Johannes i veg og sa: Gakk av stad og stell til påskemålet åt oss, so me kann halda måltid! 9Kvar vil du me skal stella det til? spurde dei. 10Høyr her! svara han; når de kjem inn i byen, møter de ein mann som ber ei krukka med vatn. Han skal de fylgja til han gjeng inn i eit hus, 11og so skal de segja til huseigaren: Meisteren helsar: Kvar er romet der eg kann halda påskemåltid med læresveinane mine? 12Og han skal syna dykk ein stor sal med duka bord. Der skal de stella til måltidi. 13So gjekk dei, og fann det so som han hadde sagt, og dei stelte til påskemålet.#Luk 19,32 14Då tidi kom, sette han seg til bords, og apostlane med han.#Matt 26,20-29; Mark 14,17-25; Joh 13,2-20 15Og han sa til dei: Eg hev lengta so etter å eta dette påskemålet i lag med dykk, fyrr eg skal lida; 16for eg segjer dykk: Eg kjem aldri til å eta det meir fyrr det hev fenge fullnaden sin i Guds rike. 17So tok han ein kalk i handi, og takka og sa: Tak dette og skift det imillom dykk! 18For eg segjer dykk: Heretter skal eg aldri drikka av druvesafti fyrr Guds rike er kome. 19Og han tok brødet, takka og braut det, og gav dei og sa: Dette er lekamen min, som vert gjeven for dykk! Gjer dette til minne um meg!#1 Kor 11,23-27 20Like eins kalken etter dei hadde ete kveldverden, og sa: Denne kalken er den nye pakt i blodet mitt, det som renn for dykk.#2 Mos 24,8 21Men sjå: Han som svik meg, held handi si framyver bordet med meg!#Joh 13,18; Sal 41,10 22Menneskesonen gjeng fulla burt; for so er det laga. Men ve yver den mannen som veld at han vert gjeven i fiendehand!#Apg 1,16-26; 2,23 23Då tok dei til å dryfta seg imillom kven det då kunde vera som skulde gjera dette. 24Det vart og ein ordstrid millom dei um kven av dei som skulde gjelda for den største.#Luk 9,46-56 25Då sa han til dei: Kongane råder yver folki sine, og dei som hev velde yver dei, vert kalla velgjerdsmenn.#Matt 20,25-28; Mark 10,42-45 26So er det ikkje med dykk; den største ibland dykk skal vera som den yngste, og styraren som tenaren. 27For kven er størst, den som sit til bords, eller den som ber på bordet? Er det ikkje den som sit til bords? Men eg er berre som ein bordsvein ibland dykk.#Joh 13,14-20 28De er dei som heldt ut hjå meg i røyningane mine, 29og eg lovar dykk kongedøme, liksom far min hev lova meg det;#Luk 12,32 30de skal eta og drikka ved bordet mitt i mitt rike, og sitja i kvar sitt høgsæte og styra dei tolv Israels-ættene.#Matt 19,28; Op 3,21 31Simon, Simon, høyr: Satan kravde å få dykk i si vald, so han kunde sælda dykk liksom korn.#1 Pet 5,8; Job 1,7-11 32Men eg hev bede for deg at trui di ikkje må trjota, og når du ein gong vender um, so styrk brørne dine! 33Herre, sa Peter, med deg er eg reidug til å ganga både i fangehuset og i dauden. 34Herren svara: Eg segjer deg, Peter: Hanen gjel ikkje i natt fyrr du tri gonger hev neitta at du kjenner meg.#Matt 26,34; Mark 14,30; Joh 13,38 35So sa han til dei: Då eg sende dykk i veg forutan pung og skreppa og skor, vanta de då nokon ting? - Ingen ting, svara dei.#Luk 9,3; 10,4 36Men no lyt den som hev pung, taka han med, sa han, og like eins den som hev skreppa, og den som ikkje hev noko sverd, lyt selja kjolen sin og kjøpa seg eit. 37For eg segjer dykk at på meg lyt det sannast det ordet som stend skrive: Og han vart rekna millom brotsmenn. For med meg lid det mot enden.#Jes 53,12 38Då sa dei: Herre, sjå her er tvo sverd. - Det er nok, svara han. 39So gjekk han ut og tok vegen til Oljeberget, som han var van ved; og læresveinane fylgde og med.#Matt 26,30-35; Mark 14,32-42; Joh 18,1 40Då han var komen dit, sa han til dei: Bed at de ikkje må koma i freisting! 41Han drog seg ifrå dei so langt som eit steinkast, og la seg på kne og bad: 42Fader, um du vilde taka denne skåli ifrå meg! Men lat det ikkje vera som eg vil, berre som du vil!#Hebr 5,7 43Ein engel frå himmelen synte seg for han og styrkte han. 44Og i si såre hjartekvida bad han endå heitare, og sveiten hans vart som blodsdråpar, som fall ned på jordi. 45So reiste han seg frå bøni. Då han kom til læresveinane, såg han at dei hadde sovna av sorg. 46Då sa han til dei: Kvi søv de? Statt upp og bed at de ikkje må koma i freisting! 47Fyrr han hadde tala ut, fekk han sjå ein flokk som kom; han som heitte Judas - ein av dei tolv - gjekk fyre dei og kom burtåt Jesus, vilde kyssa han.#Matt 26,47-50; Mark 14,43-46; Joh 18,3-9 48Då sa Jesus til han: Judas, svik du Menneskesonen med ein kyss? 49Då dei som var ikring han, såg korleis det bar i veg, sa dei: Herre, skal me slå til med sverdet? 50Og ein av dei hogg til tenaren åt øvstepresten og sneidde av han det høgre øyra.#Matt 26,51-56; Mark 14,47-52; Joh 18,10-11 51Då tok Jesus til ords og sa: Lat dei berre gjera dette og! Og han tok burtpå øyra hans og lækte han. 52So sa han til dei som var komne og skulde taka han, øvsteprestane og hovdingane for tempelvakti og styresmennene: De kjem med sverd og stavar som eg skulde vera ein røvar! 53Den tid eg var saman med dykk i templet dag etter dag, då baud de ikkje til å gripa meg. Men no er det dykkar time, no er det myrkret som råder. 54So tok dei han og førde han burt og inn i garden åt øvstepresten; og Peter fylgde eit langt stykke etter.#Matt 26,57-68; Mark 14,53-65; Joh 18,13-15 55Dei hadde gjort upp ein eld midt i gardsromet og sett seg ikring, og Peter sette seg midt ibland dei.#Matt 26,69-75; Mark 14,66-72; Joh 18,16-27 56Medan han sat der i ljoset, vart ei tenestgjenta var han; ho stirde på han og sa: Denne var og med han! 57Men han neitta og sa: Eg kjenner han ikkje, kvinna! 58Eit lite bel etter vart ein annan var han og sa: Du er og ein av dei! - Nei, mann, det er eg ikkje! svara Peter. 59Då um lag ein time var liden, var det ein til som sanna det og sa: Jau visst var denne og med han; han er då ein galilear. 60Eg skynar ikkje kva du meiner, mann! sa Peter. Og straks, fyrr han hadde tala ut, gol hanen. 61Då vende Herren seg og såg på Peter; og Peter kom i hug det ordet Herren hadde sagt til han: Fyrr hanen gjel i natt, hev du avneitta meg tri gonger.#Luk 22,34 62Og han gjekk ut og gret sårt. 63Dei mennene som heldt Jesus, spotta han og slo han.#Jes 50,6; Matt 26,67-75; Mark 14,65 64Dei kasta eit klæde yver han og spurde: Kven var det som slo deg? Seg oss det, du som er ein profet! 65Og mange andre hædingsord tala dei til han. 66Då det vart dag, kom styresmennene åt folket i hop, og øvsteprestane og dei skriftlærde; dei førde han fram i rådsmøtet sitt#Matt 27,1; Mark 15,1 67og sa: Er du Messias, so seg oss det! - Um eg segjer det åt dykk, trur de det ikkje, svara han, 68og um eg spør, svarar de ikkje. 69Men heretter skal Menneskesonen sitja ved høgre handi åt Guds allmakt.#Sal 110,1 70Då spurde dei alle: Er du då Guds Son? Han svara: De segjer det; eg er det. 71Kva skal me med fleire vitnemål? sa dei då; no høyrde me det av hans eigen munn!

Nu geselecteerd:

Lukas 22: NO1938N

Markering

Deel

Kopiëren

None

Wil je jouw markerkingen op al je apparaten opslaan? Meld je aan of log in