Logo YouVersion
Icona Cerca

1. Mosebok 12

12
Gud kallar og velsignar Abram
1Herren sa til Abram: «Far ut or landet ditt, bort frå folket og farshuset ditt, til det landet som eg vil syna deg! #Jos 24,3; Apg 7,3; Hebr 11,8 2Eg vil gjera deg til eit stort folk; eg vil velsigna deg og gjera namnet ditt stort. Og du skal verta til velsigning!#15,5; 17,4ff; 18,18; 22,17f; 26,4; Apg 3,25; Gal 3,8
3Eg vil velsigna dei som velsignar deg,
og forbanna den som forbannar deg.
I deg skal alle ætter på jorda velsignast.»
4Så tok Abram ut, som Herren hadde sagt, og Lot var med han. Abram var 75 år gamal då han flytte frå Karan. 5Han tok med seg Sarai, kona si, og Lot, brorson sin, og alt godset dei hadde samla, og det tenestfolket dei hadde fått seg i Karan. Dei tok ut og ville fara til Kanaan.
Då dei kom til Kanaan, 6fór Abram fram gjennom landet heilt til helgstaden Sikem, til More-eika. Kanaanearane budde den gongen i landet. #12,6 helgstad ein stad der folk møttest til gudsdyrking. Sikem vart sidan eit viktig religiøst og politisk sentrum i Israel. Sml. Jos 24,1ff; 1 Kong 12,25. 7Då synte Herren seg for Abram og sa: «Di ætt vil eg gje dette landet.» Og der bygde Abram eit altar for Herren, som hadde synt seg for han. #13,15; 15,18; 17,8; 24,7; 26,3f; 28,4.13; 35,12; 48,4; 5 Mos 34,4; Jos 21,43; Neh 9,8; Apg 7,5 8Derifrå flytte han opp i fjellet austanfor Betel og sette opp teltet sitt, så han hadde Betel i vest og Ai i aust. Der bygde han eit altar for Herren og kalla på Herrens namn. 9Sidan drog Abram vidare frå stad til stad, til Negev.#12,9 Negev området sør for Juda, mykje av det øydemark.
Abram og Sarai i Egypt
10Så vart det uår i landet. Då fór Abram ned til Egypt og ville halda til der; for nauda var stor i landet. #26,1; 41,57 11Då det leid så langt at han mest var komen til Egypt, sa han til Sarai, kona si: «Høyr no her! Eg veit at du er ei fager kvinne. 12Når egyptarane får sjå deg, kjem dei til å seia: Dette er kona hans! Så slår dei meg i hel og lèt deg leva. 13Kjære, sei at du er syster mi, så det kan gå meg vel for di skuld, og eg ikkje skal missa livet!»#20,2.12; 26,7
14Då så Abram kom fram til Egypt, såg egyptarane at kvinna var ovfager. 15Og då stormennene åt farao fekk sjå henne, rosa dei henne for han. Så vart ho henta til huset åt farao. 16Og farao gjorde vel imot Abram for hennar skuld. Han fekk småfe, storfe og esel, trælar og trælkvinner, eselhopper og kamelar.
17Men Herren slo farao og huset hans med svære plager på grunn av Sarai, kona hans Abram. 18Då kalla farao Abram til seg og sa: «Kva er det du har gjort imot meg? Kvifor lét du meg ikkje vita at ho er kona di? 19Kvifor sa du at ho er syster di, så eg tok henne til kone? Sjå, her har du kona di! Ta henne og far din veg!» 20Og farao sette nokre menn til å fylgja han på vegen med kona hans og alt det han åtte.

Attualmente Selezionati:

1. Mosebok 12: NO1978NN

Evidenziazioni

Condividi

Copia

None

Vuoi avere le tue evidenziazioni salvate su tutti i tuoi dispositivi?Iscriviti o accedi