Logo YouVersion
Icona Cerca

1. Mosebok 11

11
Tårnet i Babel
1Heile verda hadde eitt språk og same tungemålet. 2Då folk tok ut frå aust, fann dei ein brei dal i Sinear-landet, og der slo dei seg ned. #11,2 Sinear-landet Babylonia. Sml. 10,10. 3Dei sa til kvarandre: «Kom, lat oss laga teglstein og brenna han vel!» Dei bruka tegl til murstein og jordbek til kalk. 4Så sa dei: «Kom, lat oss byggja ein by med eit tårn som når opp til himmelen, og gjera oss namngjetne, så vi ikkje vert spreidde ut over heile jorda!»
5Då steig Herren ned og ville sjå på byen og tårnet som menneska bygde. 6Og Herren sa: «Sjå, dei er eitt folk, og alle har dei same tungemålet. Dette er det fyrste dei tek seg føre. No vert ikkje noko umogeleg for dei, kva dei så finn på å gjera. 7Lat oss stiga ned og vildra tungemålet deira, så den eine ikkje skjønar kva den andre seier!» 8Så spreidde Herren dei derifrå ut over heile jorda, og dei heldt opp med å byggja på byen. 9Difor kalla dei han Babel. For der vildra Herren tungemålet for heile verda, og derifrå spreidde han dei ut over all jorda.#11,9 Babel Babylon. Namnet kan tyda «Guds port», men vert her knytt til eit hebr. ord som tyder å vildra.
Sems-ætta
10Dette er etterkomarane etter Sem. Då Sem var 100 år, fekk han sonen Arpaksjad, to år etter storflaumen. #1 Krøn 1,17ff; Luk 3,36 11Og etter at han hadde fått Arpaksjad, levde han endå 500 år og fekk søner og døtrer.
12Då Arpaksjad var 35 år, fekk han sonen Sjelah. #10,24 13Og etter at han hadde fått Sjelah, levde han endå 403 år og fekk søner og døtrer.
14Då Sjelah var 30 år, fekk han sonen Eber. 15Og etter at han hadde fått Eber, levde han endå 403 år og fekk søner og døtrer.
16Då Eber var 34 år, fekk han sonen Peleg. 17Og etter at han hadde fått Peleg, levde han endå 430 år og fekk søner og døtrer.
18Då Peleg var 30 år, fekk han sonen Re'u. 19Og etter at han hadde fått Re'u, levde han endå 209 år og fekk søner og døtrer.
20Då Re'u var 32 år, fekk han sonen Serug. 21Og etter at han hadde fått Serug, levde han endå 207 år og fekk søner og døtrer.
22Då Serug var 30 år, fekk han sonen Nakor. 23Og etter at han hadde fått Nakor, levde han endå 200 år og fekk søner og døtrer.
24Då Nakor var 29 år, fekk han sonen Tarah. 25Og etter at han hadde fått Tarah, levde han endå 119 år og fekk søner og døtrer.
26Då Tarah var 70 år, fekk han sønene Abram, Nakor og Haran.
Tarah-ætta
27Dette er soga om Tarah og ætta hans. Tarah fekk sønene Abram, Nakor og Haran. Og Haran fekk sonen Lot. 28Haran døydde hjå Tarah, far sin, i fedrelandet sitt, i Ur i Kaldea. #11,28 Ur i Kaldea gamalt kultursentrum i Sør-Babylonia. 29Abram og Nakor tok seg koner. Kona til Abram heitte Sarai, og kona til Nakor heitte Milka. Ho var dotter til Haran. Han hadde døtrene Milka og Jiska. 30Men Sarai var barnlaus; ho kunne ikkje få born.#16,1
31Tarah tok med seg Abram, son sin, og Lot Haransson, soneson sin, og Sarai, sonekona si, kona til Abram, og førte dei ut frå Ur i Kaldea og ville fara til Kanaan. Men då dei kom til Karan, slo dei seg ned der. #11,31 Karan viktig handelsby i det nordvestlege Mesopotamia. #15,7; Neh 9,7 32Levetida hans Tarah vart 205 år. Så døydde Tarah i Karan.

Attualmente Selezionati:

1. Mosebok 11: NO1978NN

Evidenziazioni

Condividi

Copia

None

Vuoi avere le tue evidenziazioni salvate su tutti i tuoi dispositivi?Iscriviti o accedi