Høgsongen 5
5
1«Eg kjem til min hage, ¬mi syster, mi brur,
og plukkar min myrra ¬og balsam.
Eg et min honning ¬og mi honningkake
og drikk min vin og mi mjølk.»
Ja, et og drikk, mine vener,
og lat kjærleiken riva ¬dykk med! #Ordsp 9,5
Såleis er min ven
2Eg søv, men mitt hjarta vaker.
Høyr, min ven, han bankar på.
«Lat opp for meg, mi syster,
min hugnad, mi due,
du lytelause, reine.
For mitt hovud ¬er fullt av dogg,
natta har vætt mine lokkar.»
3«Eg har teke av meg kjolen,
skal eg ta han på att?
Eg har vaska mine føter,
skal eg sulka dei til att?»
4Min ven stakk handa inn ¬gjennom luka,
då kløktest mitt hjarta ¬for hans skuld.
5Eg stod opp, ¬ville opna for min ven;
det draup myrra ¬av hendene mine,
av fingrane rennande myrra
som vætte dørklinka.
6Så opna eg døra for min ven,
men min ven ¬hadde fare sin veg.
Eg vart reint ifrå meg ¬fordi han var borte.
Eg leita etter han, ¬men fann han ikkje;
eg ropa på han, ¬men han gav ikkje svar. #3,1
7Då møtte eg vaktmennene
som sveiv ikring i byen.
Dei slo meg så eg fekk sår.
Dei reiv sjalet av meg,
vaktmennene på murane. #3,3
8«Eg naudbed dykk, ¬Jerusalems døtrer!
Om de finn min ven,
kva skal de då seia han?
At eg er sjuk av kjærleik.» #2,5; 2,7+
9«Kva er din ven framom andre,
du fagraste av kvinner?
Kva er din ven framom andre,
sidan du naudbed oss så?»
10Min ven er raudleitt og ljos,
han skil seg ut ¬mellom ti tusen menn.
11Hans hovud ¬er som det skiraste gull,
og lokkane krusa, ¬svarte som ramnen.
12Augo er som duer
ved rennande bekker.
Dei laugar seg i mjølk,
der dei kviler i sine holer. #1,15+
13Hans kinn ¬er som angande ¬blomesenger,
der krydde-urter veks.
Lippene er som liljer,
dei dryp av rennande myrra.
14Armane er som stavar av gull,
sette med krysolittar,
midja er ¬som ei elfenbeins-skive,
prydd med safirar.
15Leggene er som marmorsøyler,
reiste på soklar av gull.
Hans skapnad er som Libanon,
traust som sedrane der.
16Munnen er full av ynde,
og hugnad er heile han.
Så er min ven, ¬så er min kjære,
de Jerusalems døtrer.
Currently Selected:
Høgsongen 5: N78NN
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).
© 1978, 1985 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).