YouVersion Logo
Search Icon

Høgsongen 4

4
Alt hjå deg er fagert
1Kor fager du er, ¬min hugnad!
Kor fager du er!
Dine augo attom sløret ¬er som duer.
Ditt hår er som ein geiteflokk,
dansande nedetter Gileads ¬fjell. #6,5–7 ; 1,15+
2Dine tenner ¬er som nyklypte sauer,
nett komne or laug.
Tvillingar har dei alle,
og ingen av dei ¬har mist sine lam.
3Dine lipper ¬er som ei skarlaksnor,
og yndefull er din munn.
Som ei skive av eit granateple
er di panne attom sløret.
4Din hals er som Davids-tårnet,
bygt til våpenhus.
Tusen skjold heng der inne,
alle er skjold åt kjemper. #4,4 Tusen skjold bilete på dei prydnadsting brura har kring halsen.#7,4; Esek 27,10f
5Din barm ¬er som to rådyrkalvar,
som tvillingar åt ei hind,
beitande mellom liljer. #7,3
6Når dagen svalnar ¬og skuggane flyr,
går eg til myrraåsen,
til haugen der røykjelse angar. #2,17
7Alt hjå deg er fagert, ¬min hugnad.
Det finst ikkje lyte på deg. #2,14
Mi syster, mi brur
8Kom med meg frå Libanon, ¬mi brur,
kom med meg frå Libanon!
Stig ned frå Amanas tind,
frå toppen av Senir ¬og Hermon,
frå løveheimar, frå panterfjell. #4,8 Amanas tind fjelltopp i Antilibanon, nord for Hermon.
9Du har fanga min hug, ¬mi syster, mi brur.
Du har fanga min hug ¬med eit einaste augnekast,
med ei av lekkjene om din hals. #1,10
10Kor fager din kjærleik er, ¬mi syster, mi brur!
Din kjærleik er betre enn vin,
og angen av dine salvar
meir ljuvleg enn balsam. #1,2
11Av honning dryp dine lipper, ¬mi brur.
Honning og mjølk ¬er under di tunge.
Angen av kleda dine
er som angen på Libanon. #Ordt 5,3; 16,24; Hos 14,7
12Ein avstengd hage er mi syster, ¬mi brur,
ein avstengd hage ¬med kjelda forsegla. #Ordt 5,16
13Dine lemer er som ein lund ¬av granataplar
med den gildaste frukt,
av hennabuskar ¬og nardusplanter, #1,14
14nardus, krokus, kalmus ¬og kanel
og angande tre av alle slag,
myrra, aloë ¬og alle slag balsam.
15Du er som kjelda i ein hage,
ei oppkome ¬med sildrande vatn,
som bekker frå Libanon. #Ordt 5,15
16«Vakna, nordavind!
Kom, sønnavind!
Blås igjennom min hage,
så angen får strøyma fritt.
Gjev min ven ville koma ¬til sin hage
og eta hans herlege frukt!» #4,16 Her er det brura som talar.

Currently Selected:

Høgsongen 4: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy