YouVersion Logo
Search Icon

Høgsongen 6

6
Kvar er din ven faren?
1«Kvar er din ven faren,
du fagraste av kvinner?
Sei, kvar har din ven ¬teke vegen,
så vi kan vera med deg ¬og leita.»
2«Min ven gjekk ned ¬i hagen sin,
til dei angande blomesenger.
Han ville gjæta i hagane
og sanka liljer der. #4,16
3Min ven er min, og eg er hans,
han som gjæter mellom liljer.» #2,16
Ho er den einaste
4Du er fager som Tirsa, ¬min hugnad,
yndefull som Jerusalem,
ageleg som ein hær ¬under merke. #6,4 Tirsa[1 Kong 14,17.]
5Vend augo dine frå meg,
dei villar meg.
Ditt hår er som ein geiteflokk,
dansande nedetter ¬Gileads fjell. #4,1–3
6Dine tenner er som sauer,
nett komne or laug.
Tvillingar har dei alle,
og ingen av dei ¬har mist sine lam.
7Som ei skive av eit granateple
er di panne attom sløret.
8Seksti dronningar er der,
åtti fylgjekoner
og terner utan tal.
9Men berre ei er mi due,
mi lytelause, reine,
einaste barnet til mor si,
gullabarnet åt ho ¬som fødde henne.
Møyar ser henne ¬og prisar henne sæl;
dronningar og fylgjekoner ¬hyller henne.
10«Kven er ho ¬som strålar lik ¬morgonroden,
fager som fullmånen, ¬skir som sola
og ageleg ¬som ein hær under merke?» #3,6f
I natahagen
11Eg gjekk ned i natahagen,
ville sjå kor det grønkast ¬i dalen,
om vintreet hadde sett ¬nye skot,
om granataplane blømde.
12Men før eg vardest,
fylgde eg mine hugskot
og steig opp ¬i min gjæve frendes vogn.
Sjulam-jenta
13«Snu deg, snu deg, ¬du Sjulam-jente!
Snu deg, snu deg, ¬så vi får sjå deg!»
«Kvifor vil de sjå ¬på Sjulam-jenta
når ho rekkjedansen trør?» #6,13 Sjulam kanskje byen Sjunem (arabisk: Solem), nær Jisre’el-sletta. Sml. 1 Kong 1,3f.

Currently Selected:

Høgsongen 6: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy