YouVersion Logo
Search Icon

Sakarja 6

6
Profeten ser fire vogner med raude, svarte, kvite og flekkute hestar fyre, som vert sende ut, sume mot nord, sume mot sud, sume yver heile jordi - eit bilete på at Herren vil fullføra straffedomane sine yver alle makter på jordi som hatar hans folk, serleg Babel og Egyptarland, 1-8. Frå jødane i Babel er nokre menner komne til Jerusalem; av dei skal profeten taka imot sylv og gull, gjera krunor av det og setja dei på hovudet åt øvstepresten Josva; sidan skal dei gøymast i templet til eit minne um dei som kom med sylvet og gullet; øvstepresten, som er prydd med krunone, er eit fyrebilete på Messias, som skal koma og byggja Herrens tempel (hans lyd) og vera både konge og øvsteprest i riket sitt, og dei som kom med gåva, er eit fyrebilete på dei mange som skal koma langt burtanfrå til Herrens tempel og byggja på det, 9-15.
1Då eg atter lyfte augo mine, fekk eg sjå fire vogner som kom fram millom tvo fjell, og fjelli var av kopar. 2For den fyrste vogni var det raude hestar, for den andre vogni svarte hestar,#Op 6,2-4 3for den tridje vogni kvite hestar, og for den fjorde vogni var det flekkute, sterke hestar. 4Då tok eg til ords og sa til engelen som tala med meg: Kva skal dette tyda, Herre? 5Engelen svara: Det er dei fire himmel-vindane. Dei hev vore kalla inn for herren yver all jordi og fer no av stad att.#Jer 49,36; Dan 7,2; Op 7,1 6Vogni med dei svarte hestane for ut mot Norderlandet, dei kvite fylgde etter dei, og dei flekkute for ut mot Sudlandet. 7Men då dei sterkaste skulde fara ut, var dei fysne etter å få fara ikring på jordi, og han sa: Gakk, far ikring på jordi! Og dei for ikring på jordi.#Sak 1,10; 6,2#6,7 sterkaste dei raude; 6,2.#6,7 jordi 1,10. 8So ropa han høgt på meg og sa til meg: Sjå, dei som fer ut imot Norderlandet, dei svalar min harm på Norderlandet.#Esek 5,13 9Og Herrens ord kom til meg, og det lydde so: 10Tak imot gåvone frå dei landlyste, frå Heldai, Tobia og Jedaja - gakk sjølv på denne dagen inn i huset åt Josias Sefaniasson - for dit er dei komne frå Babel - 11og tak imot sylv og gull av dei og få gjort krunor og set dei på hovudet åt Josva Jehosadaksson, øvstepresten! 12Og seg til han: So segjer Herren, allhers Gud: Sjå, det skal koma ein mann som heiter Renning. Frå roti si skal han renna upp, og han skal byggja Herrens tempel.#Jer 23,5; Sak 3,8#6,12 Renning 3,8. 13Ja, han skal byggja Herrens tempel, og han skal vinna herlegdom og sitja og styra på kongsstolen sin, og han skal vera prest der han sit på kongsstolen sin, og freds samråd skal det vera millom dei båe.#Sal 110,1.4; Jes 9,6#6,13 herlegdom Es. 9,6. 14Men krunone skal vera i Herrens tempel til minne um Helem, Tobia og Jedaja og Hen Sefaniasson.#Sak 6,10 15Og langt burtanfrå skal dei koma og byggja på Herrens tempel, og de skal få sanna at Herren, allhers Gud, hev sendt meg til dykk. Og dette skal henda dersom de høyrer på røysti åt Herren dykkar Gud.#Jes 2,2-4; Hag 2,7

Currently Selected:

Sakarja 6: NO1938N

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

Video for Sakarja 6