Sakarja 7
7
Betel-buane spør prestane og profetane um dei framleides skal halda den fastedagen federne deira hev vedteke å halda for di Jerusalem vart lagt i øyde, 1-3. Herren svarar gjenom Sakarias at det er det same for han anten dei fastar eller et og drikk, og minner dei um korleis han mana federne deira til å leggja vinn på rettferd og miskunn, og korleis dei gjorde seg harde mot ordet hans og førde hans svære straffedomar yver seg og yver landet, 4-14.
1I det fjorde styringsåret åt kong Darius kom Herrens ord til Sakarias, på den fjorde dagen i niande månaden, i månaden kislev. 2For Betel hadde sendt Sareser og Regem-Melek og mennene hans av stad til å blidka Herren 3og spyrja prestane i huset åt Herren, allhers Gud, og profetane: Skal me gråta og fasta i den femte månaden, som me hev gjort no i mange, mange år? 4Då kom ordet frå Herren, allhers Gud, til meg, og det lydde so: 5Seg til alt folket i landet og til prestane: Når de no i sytti år hev halde faste- og gråtedagar i femte og sjuande månaden, er det då for mi skuld de hev fasta?#Sak 8,19; Jes 58,5; 2 Kong 25,8-21.25; Jer 41,2; Sak 1,12; Jer 25,11#7,5 år 1,12. Jer. 25,11.#7,5 femte Då vart templet øydelagt; 2 Kong. 25,8fg.#7,5 sjuande Då vart Gedalja drepen; 2 Kong. 25,25. Jer. 41,2. 6Og når de et og drikk, er det då ikkje de sjølve som et og drikk? 7Minnest de ikkje dei ordi Herren kunngjorde gjenom dei fyrre profetane, då folk budde i fred og tryggleik i Jerusalem og i byane rundt ikring, og i sudlandet og låglandet like eins? 8Og Herrens ord kom til Sakarias, og det lydde so: 9Soleis tala Herren, allhers Gud: Seg rettvise domar og ver kjærlege og miskunnsame, mot kvarandre!#Sak 8,16; Hos 12,7; Luk 6,36 10Enkjor og farlause, framandfolk og armingar må de ikkje vera harde med, og ikkje tenkja ut vondt mot kvarandre i hjarta dykkar!#2 Mos 22,21-22; Jer 7,6; Sak 8,17 11Men dei vilde ikkje høyra, men sette ein stiv nakke imot; dei gjorde øyro sine dauve, so dei skulde sleppa å høyra,#Jes 65,12; Neh 9,29; Jer 2,27; 32,33; 35,17 12ja, hjarto sine gjorde dei harde som demant, so dei skulde sleppa å høyra lovi og dei ordi som Herren, allhers Gud, sende ved sin Ande gjenom dei fyrre profetane. Difor kom det ein stor vreide frå Herren, allhers Gud.#Jes 48,4; Jer 5,3; Esek 2,4; Sak 1,2 13Og av di dei ikkje vilde høyra når han ropa, so sa no Herren, allhers Gud: Eg vil ikkje høyra når dei ropar,#Ordt 1,27-28; Jes 1,15; Jer 11,11; 14,12; Mi 3,4; Joh 9,31 14men eg skal føykja dei burt millom alle heidningfolki, som dei ikkje kjenner, og landet skal liggja audt etter dei, so ingen fer att og fram der. Soleis gjorde dei det herlege landet til ei audn.#5 Mos 28,36-68; Jer 44,2-14; Esek 33,28; 5 Mos 8,7-18
Currently Selected:
Sakarja 7: NO1938N
Highlight
Share
Copy
![None](/_next/image?url=https%3A%2F%2Fimageproxy.youversionapi.com%2F58%2Fhttps%3A%2F%2Fweb-assets.youversion.com%2Fapp-icons%2Fen.png&w=128&q=75)
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2