YouVersion Logo
Search Icon

Sakarja 5

5
Profeten ser ein fljugande bokrull som det på båe sidor er skrive forbanningar på - eit bilete på at Herren vil lata si bannlysing ganga ut yver heile landet mot dei som bryt hans lov, 1-4. Sidan ser profeten ein efa som det sit ei kvinna i - eit bilete på gudløysa - og som vert førd burt til Babylon og vert verande der; dette er eit bilete på at dei ugudlege skal støytast ut or lyden og få si straff, 5-11.
1Sidan lyfte eg atter augo mine og fekk sjå ein fjukande bokrull,#Esek 2,9-10 2og han sa til meg: Kva ser du? Eg svara: Eg ser ein fjukande bokrull, som er tjuge alner lang og ti alner breid.#1 Kong 6,3 3Då sa han til meg: Dette er forbanningi som gjeng ut yver heile landet; for i samhøve med det som stend skrive på den eine sida, skal kvar den som stel, verta reinska burt her ifrå, og i samhøve med det som stend på den andre sida, skal kvar den som sver, verta reinska burt her ifrå.#2 Mos 32,15 4Eg hev sendt henne ut, segjer Herren, allhers Gud, og ho skal ganga inn i huset til tjuven og inn i huset til den som gjer rang eid ved mitt namn, og ho skal setja seg fast der i huset og øyda det, både tre og stein.#5,4 henne forbanningi. 5Sidan kom han fram den engelen som tala med meg, og sa til meg: Lyft upp augo dine og sjå kva det er som kjem fram der! 6Eg spurde: Kva er det? Han svara: Det er ein efa som kjem fram. Og han sa: Soleis skal det sjå ut med dei i heile landet.#5,6 dei folket. 7Då vart eit blylok lyft upp, og det tedde seg ei kvinna som sat i efaen. 8Då sa han: Dette er gudløysa. Og so tok han og slengde henne ned i efaen og slo blyloket yver opningi. 9Då eg sidan lyfte augo mine, fekk eg sjå tvo kvinnor som kom fram, og vinden fyllte vengene deira - for dei hadde venger som storkevenger - og dei tok og lyfte efaen upp, so han sveiv millom himmel og jord. 10Då spurde eg engelen som tala med meg: Kvar skal dei av med efaen? 11Han svara: Dei skal til Sinearlandet og byggja eit hus åt henne der, og når det er ferdigt, skal ho setjast ned der på sin stad.#1 Mos 10,10; 11,2-9; Dan 1,2

Currently Selected:

Sakarja 5: NO1938N

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

Video for Sakarja 5