YouVersion Logo
Search Icon

Titus 2

2
Titus skal med læra og fyredøme få dei truande til å leggja vinn på eit heilagt liv etter Guds vilje, kvar i sitt kall og si stoda, 1-10; for just difor er Guds nåde openberra til frelsa at me skal leva eit heilagt liv i gode gjerningar, 11-15.
1Men du skal tala slikt som høver til den heilsame læra:#2 Tim 1,13 2at gamle menn skal vera edrue, vyrdelege, vislege, heile i trui, i kjærleiken, i tolmodet;#Tit 1,13 3like eins at gamle kvinnor i si åtferd skal te seg som det sømer dei heilage, ikkje fara med baktale, ikkje vera trelar under drykk, men vegleidarar i det gode, 4so dei kann læra dei unge kvinnone å elska mennene sine og borni sine, 5å vera vislege, reine, huslege, gode, lydige mot sine eigne menn, so Guds ord ikkje skal verta spotta.#Ef 5,22; Rom 2,24; 1 Tim 6,1 6Dei unge mennene skal du like eins påminna um å vera vislege, 7og te deg sjølv i alle måtar som eit fyredøme i gode gjerningar, og vis i di læra reinleik, vyrnad,#1 Tim 4,12; 1 Pet 5,3 8heilsam, ulastande tale, so motstandaren må verta skjemd når han inkje vondt hev å segja um oss.#Tit 1,9; 1 Tim 5,14; 1 Pet 2,12 9Tenarar skal du påminna um å vera lydige mot sine eigne herrar, å tekkjast dei i alle ting, ikkje segja imot,#1 Tim 6,1-2; 1 Pet 2,18 10ikkje vera utrue, men visa all god truskap, so dei i alle ting kann vera til pryda for Guds, vår frelsars læra.#Tit 1,3; 1 Tim 1,1 11For Guds nåde er openberra til frelsa for alle menneske,#1 Tim 2,4 12med di han uppsedar oss til å segja frå oss gudløysa og dei verdslege lystene og leva visleg og rettferdigt og gudleg i den verdi som no er,#Luk 1,74-75; Ef 1,4; 5,27; Kol 1,22; 1 Pet 1,17-18 13medan me ventar på den sæle von og openberringi av den store Guds og vår frelsar Jesu Kristi herlegdom,#1 Kor 1,7; Fil 3,20; 1 Tess 1,10 14han som gav seg sjølv for oss, so han kunde løysa oss ut frå all urettferd og reinsa seg eit eigedomsfolk, som er ihuga til gode gjerningar.#Gal 1,4; 2,20; Ef 5,2.25; 2 Mos 19,5; 5 Mos 4,20; 1 Pet 2,9; 2 Kor 5,15; Ef 2,10 15Tala soleis, og påminn og refs med alt mynde! Lat ingen vanvyrda deg!#2 Tim 4,2; 1 Kor 16,11; 1 Tim 4,12

Currently Selected:

Titus 2: NO1938N

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in