Titus 3
3
Titus skal mana dei truande til å lyda styremakti og vera audmjuke; for dei er frelste ufortent av nåde, 1-7. Paulus åtvarar han mot å hava med den falske læra å gjera og med dei som hyller henne, 8-11, Andre pålegg; helsing og slutnadsynske, 12-15.
1Minn dei um å vera styremakter og yverråder undergjevne, vera lydige, reiduge til all god gjerning,#Rom 13,1; 1 Pet 2,13; 2 Tim 3,17; Tit 2,14 2ikkje spotta nokon, ikkje vera stridsame, men godlyndte, visa alt spaklynde mot alle menneske.#Fil 4,5; 2 Tim 2,24-25 3For me var ein gong uvituge, ulydige, villfarande, trælar under mangeslag lyster og fysnor, me levde i vondskap og ovund, me vart hata og bar hat til kvarandre.#1 Kor 6,11; Ef 2,1.3; 4,17-18; 1 Pet 4,3 4Men då Guds, vår frelsars godleik og mannemilda vart openberra,#Tit 2,11 5frelste han oss - ikkje for rettferdige gjerningar skuld som me hadde gjort, men etter si miskunn - ved badet til atterføding og uppnying ved den Heilage Ande,#Apg 15,11; Rom 3,20.28; Ef 2,4-10; 5,26 6som han rikleg hev rent ut yver oss ved Jesus Kristus, vår frelsar,#Rom 5,5 7so me, rettferdiggjorde ved hans nåde, etter voni skulde verta ervingar til det ævelege liv.#Tit 1,2 8Dette er eit truverdigt ord, og dette vil eg at du skal prenta inn, so dei som trur på Gud, må leggja vinn på å gjera gode gjerningar. Dette er godt og gagnleg for menneski;#Tit 2,14 9men dårlege stridsspursmål og ættetavlor og kivsmål og trettor um lovi skal du halda deg ifrå; for dei er gagnlause og fåfengde.#Tit 1,14; 1 Tim 1,4 10Eit ranglærande menneske skal du visa frå deg, når du hev påmint han ein gong og tvo gonger,#Rom 16,17; 2 Tess 3,6; 2 Joh 1,10 11for du veit at han er rangsnudd og syndar, dømd av seg sjølv.#1 Tim 6,5; 4,2 12Når eg sender Artemas til deg eller Tykikus, so gjer deg umak med å koma til meg i Nikopolis; for der hev eg tenkt å vera vinteren yver.#Ef 6,21 13Zenas, den lovlærde, og Apollos skal du med umhug hjelpa i vegen, so dei ikkje skal vanta noko.#Apg 18,24; 3 Joh 1,6 14Våre folk og lyt læra å gjera gode gjerningar, etter som torv er til, so dei ikkje skal vera fruktlause. 15Alle som er hjå meg, helsar deg. Helsa dei som elskar oss i trui! Nåden vere med dykk alle!#Gal 5,6; 2 Tim 4,22
Currently Selected:
Titus 3: NO1938N
Highlight
Share
Copy
![None](/_next/image?url=https%3A%2F%2Fimageproxy.youversionapi.com%2F58%2Fhttps%3A%2F%2Fweb-assets.youversion.com%2Fapp-icons%2Fen.png&w=128&q=75)
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2