Titus 1
1
Paulus helsar Titus og ynskjer han nåde, 1-4, minner um den uppgåva han hadde gjeve han på Kreta: å skipa til kyrkjelydane og gjeva dei tilsynsmenn, 5-9, og manar han til å strida mot dei falske lærarane, 10-16.
1Paulus, Guds tenar og Jesu Kristi apostel til å føra Guds utvalde til tru og til å kjenna den sanning som høyrer til gudlegdom,#1 Tim 2,4; 6,3 2i von um æveleg liv, som Gud, han som ikkje lyg, hev lova frå ævelege tider,#4 Mos 23,19; 2 Tim 2,13 3men no i si tid hev han openberra sitt ord i den forkynning som vart meg yvergjevi etter Guds, vår frelsars fyresegn#Ef 1,9; Gal 1,1 4- til Titus, min ektefødde son i den sams trui: Nåde og fred frå Gud Fader og Kristus Jesus, vår frelsar!#1 Tim 1,2 5For den skuld let eg deg etter på Kreta at du skulde skipa til det som vanta, og setja inn eldste i kvar by, so som eg sa deg fyre,#Apg 14,23 6um det er nokon som er ulastande, mann til EI kvinna, og hev truande born som ikkje hev vondt ord for skamløysa eller er ulydige.#1 Tim 3,2-4 7For ein tilsynsmann skal vera ulastande som ein Guds hushaldar, ikkje sjølvgod, ikkje vondlyndt, ikkje drikkekjær, ikkje hardhendt, ikkje lysten etter låk vinning,#Matt 24,45; 1 Kor 4,1; 3 Mos 10,9; Ef 5,18; 1 Pet 5,2 8men gjestmild, glad i det gode, visleg, rettferdig, heilag, fråhalden, 9ein som held seg til det truverdige ordet etter læra, so han kann vera før både til å påminna med den heilsame læra og til å tala dei til rettes som segjer imot.#2 Tim 1,13; 1 Tim 1,10; 6,3 10For det er mange agelause, som fer med tomt svall og dårar hugen på folk, mest dei av umskjeringi.#1 Tim 1,6; Apg 15,1 11Desse skal ein målbinda; for dei riv ned heile hus med di dei lærer slikt som ikkje sømer seg, for låk vinning skuld.#2 Tim 3,6; 1 Tim 6,5 12Ein av dei, deira eigen profet, hev sagt: Kretarar er alltid ljugarar, vonde dyr, late bukar. 13Dette vitnemålet er sant. Difor skal du refsa dei strengt, so dei må verta heile i trui#2 Tim 4,2; Tit 2,2 14og ikkje ansa jødiske eventyr og bod av menneske som vender seg frå sanningi.#1 Tim 1,4; 4,7; Jes 29,13; Kol 2,22 15Alt er reint for dei reine; men for dei ureine og vantruande er ingen ting rein; både hugen deira og samvitet deira er ureine.#Matt 15,11; Luk 11,39.41 16Dei segjer at dei kjenner Gud; men med gjerningane sine forneittar dei han, for dei er styggelege og ulydige og duglause til all god gjerning.#2 Tim 3,5
Currently Selected:
Titus 1: NO1938N
Highlight
Share
Copy
![None](/_next/image?url=https%3A%2F%2Fimageproxy.youversionapi.com%2F58%2Fhttps%3A%2F%2Fweb-assets.youversion.com%2Fapp-icons%2Fen.png&w=128&q=75)
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2