Salmane 58
58
David skildrar ugudlege, forherda domarar, som med si urettferd fører ulukka yver folk, 2-6. Han bed Gud gjera dei meinlause og tyna dei, og han hev den visse voni at han vil gjera det; då skal dei rettferdige gleda seg og Guds rettferd verta kunnig på jordi, 7-12.
1Til songmeisteren; «Tyn ikkje»#Sal 57,1#58,1 ikkje Salm. 57,1. 2Tru de verkeleg med dykkar tegjing talar det som er rettferd? Og dømer de rett, de mannsborn?#Sal 82,2 3Nei, i hjarta lagar de til misgjerningar, i landet veg de ut vald som kjem frå dykkar hender. 4Dei ugudlege gjeng på avveg alt frå morsfanget; ljugarane fer vilt alt frå morslivet.#Sal 51,7 5Eiter hev dei som ormeeiter; dei er som ein dauv orm, som dytter øyra til, 6so han ikkje høyrer på røysti åt ormetemjaren, på han som vel kann trolla. 7Gud, slå inn tennene i munnen deira, Herre, støyt sund jakslane på ungløvone! 8Lat dei kverva som burtrennande vatn! Legg nokon sine piler i bogen, so lat dei vera som utan odd! 9Lat dei vera som ein snigel, som løyser seg upp medan han gjeng, og liksom ei kvinna sitt ufullborne foster, som ikkje hev set soli! 10Fyrr dykkar grytor fær kjenna klungerriset, skal han blåsa det burt, både det friske og det som brenn. /#Sal 64,7-8; Job 5,12#58,10 burt fyrr dei vonde rådene åt dei ugudlege vert sette i verk, gjer Gud dei um inkje. 11Den rettferdige skal gleda seg, av di han ser hemn; han skal två sine føter i blodet av den ugudlege. 12Og folk skal segja: Det finst då frukt for den rettferdige; der er då ein Gud som dømer på jordi.#Sal 7,12; 9,5
Currently Selected:
Salmane 58: Bibel1938
Highlight
Share
Copy

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2