Salmane 59
59
David bed Gud berga han frå blodgjeruge fiendar, som utan hans skuld stend han etter livet, og døma dei saman med verdi, 2-6. Han er viss på at desse ugudlege skal koma i stor naud, medan Gud i sin nåde vil frelsa han, 7-11. Han bed Gud straffa dei for deira baktaling soleis at Guds folk kann koma til å minnast det, og so dei sjølve kann skyna at han er heimsens herre, 12-14. Han segjer seg atter viss på at dei skal koma i stor naud, medan han skal prisa Gud for hans nådige frelsa, 15-18.
1Til songmeisteren; «Tyn ikkje»#Sal 57,1; 1 Sam 19,11-17#59,1 ikkje Salm. 57,1.#59,1 han 1 Sam. 19,11fg. 2Fria meg frå mine fiendar, min Gud, verna meg mot dei som stend upp imot meg, 3fria meg frå dei som gjer urett, og berga meg frå blodgjeruge menner! 4For sjå, dei ligg på lur og vil taka mitt liv; sterke menner slær seg saman imot meg, Herre, utan misgjerning og utan synd hjå meg.#Sal 7,4-6 5Utan at eg hev forbrote meg, renner dei fram og gjer seg reiduge. Vakna og møt meg, og sjå!#Sal 35,23 6Ja du, Herre, allhers Gud, Israels Gud, vakna til å heimsøkja alle heidningar, ver ikkje nådig mot nokon av dei falske nidingar! Sela. 7Dei kjem att um kvelden; dei hyler som hundar og renner kring i byen. 8Sjå, det gøyser ord ut or munnen deira, der er sverd i deira lippor; for kven høyrer det?#Ordt 15,28; Sal 55,22; 10,11.13 9Men du, Herre, lær åt dei, du spottar alle heidningar.#Sal 2,4; 37,13 10Mot hans makt vil eg venta på deg; for Gud er mi borg. /#Sal 9,10#59,10 makt makti åt den mektige fienden. 11Min Gud vil møta meg med si miskunn, Gud vil lata meg sjå med lyst på mine fiendar.#Sal 91,8 12Drep dei ikkje, so ikkje mitt folk skal gløyma det! Lat dei ved di makt flakka heimlause ikring og støyt dei ned, du Herre, vår skjold!#Sal 109,10 13Kvart ord på deira lippor er ei synd i deira munn; lat dei so verta fanga i sitt ovmod og for den banning og lygn som dei talar. 14Gjer ende på dei i vreide, gjer ende på dei, so dei ikkje meir er til, og lat dei vita at det er Gud som råder i Jakob, alt til endane av jordi! Sela. 15Og dei kjem att um kvelden, hyler som hundar og renner kring i byen. 16Dei flakkar um etter mat; vert dei ikkje mette, nattar dei yver slik dei er. 17Men EG vil syngja um din styrke og um morgonen fagna meg høgt yver di miskunn; for du er mi borg og mi livd den dag eg er i naud.#Sal 92,2-3 18Min styrke! For deg vil eg syngja; for Gud er mi borg, min miskunnsame Gud.
Currently Selected:
Salmane 59: Bibel1938
Highlight
Share
Copy

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2