YouVersion Logo
Search Icon

Salmane 60

60
David bed Gud, som hev sendt sitt folk store trengslor, at han må koma det til hjelp; han hev då lova at det alltid skal eiga landet og vinna yver grannefolki, 3-10. For denne lovnaden skuld segjer han seg viss på at den herferdi mot Edom som stend fyre, skal enda vel med Guds hjelp, som folket einast lit på, 11-14.
1Til songmeisteren; etter Sjusjan edut; ein miktam av David til å læra, /#60,1 edut truleg tonen. 2då han stridde med syrarane frå Mesopotamia og syrarane frå Soba, og Joab kom att og slo tolv tusund edomitar i Saltdalen.#2 Sam 8,1-8.13; 1 Krøn 18,3-8 3Gud! Du hev støytt oss burt, du hev slege oss og drive oss frå kvarandre, du var vreid; kveik oss upp att! 4Du hev fenge jordi til å skjelva og rivna; bøt no brestene, for ho stend ikkje stødt! 5Du hev late folket ditt sjå harde ting, du hev skjenkt oss vin so me tumla.#Sal 75,9; Jes 51,17-23 6Men du hev gjeve dei som ottast deg, eit hermerke til uppreising, for sanning skuld. Sela. 7For at dei du elskar, må verta frelste, so hjelp no med di høgre hand og bønhøyr oss!#Sal 108,7-10 8Gud hev tala i sin heilagdom. Eg vil fagna meg; eg vil skifta ut Sikem, og Sukkotdalen vil eg mæla. 9Meg høyrer Gilead til, og meg høyrer Manasse til, og Efra'im er vern for mitt hovud, Juda er min styrarstav.#1 Mos 49,10 10Moab er mitt vaskefat, på Edom kastar eg skoen min; ropa høgt av fagnad for meg, du Filistarland!#4 Mos 24,18; 2 Sam 8,1-2.13-14 11Kven vil føra meg til den faste by? Kven leider meg til Edom? 12Er det ikkje du, Gud, du som støytte oss burt, du, Gud, som ikkje drog ut med våre herar?#Sal 44,10 13Gjev oss hjelp imot fienden for mannehjelp er fåfengd!#Sal 146,3-4 14Med Guds hjelp skal me gjera storverk, og han skal trakka ned våre fiendar.#4 Mos 24,18; Sal 44,6

Currently Selected:

Salmane 60: Bibel1938

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in