Salmane 57
57
David bed Gud um nåde og segjer seg viss på at han i sin nåde og truskap vil berga han frå dei mektige og blodgjeruge fiendane som kringset han og vil gjera av med han, og tyna dei sjølve, 2-7. Han lovar at han vil prisa Gud so all verdi skal høyra det, for den herlege frelsa, 8-12.
1Til songmeisteren: «Tyn ikkje»#Sal 142,1; 1 Sam 22,1; 24,4#57,1 ikkje kanskje tonen.#57,1 helleren 1 Sam. 22,1; 24,4. Salm. 142,1. 2Ver meg nådig, Gud, ver meg nådig! For til deg flyr mi sjel, og i skuggen av dine vengjer søkjer eg livd til dess ulukka gjeng yver.#Sal 36,8; 121,5-8 3Eg ropar til Gud, den Høgste, til den Gud som fullfører sitt verk for meg.#1 Sam 24,16; Sal 138,8 4Han sender hjelp frå himmelen og bergar meg, når hans som vil sluka meg spottar. Sela. Gud sender si miskunn og sin truskap.#Sal 40,12; 43,3 5Mi sjel er millom løvor; eg lyt liggja millom dei som spruter eld, millom menneske som til tenner hev spjot og piler, og til tunga eit kvast sverd.#Ordt 30,14; Sal 55,22 6Gud, syn deg høg yver himmelen, di æra yver heile jordi! 7Dei set garn for mine steg, mi sjel er nedbøygd; dei grev ei grav for meg, so fell dei midt i henne sjølve. Sela.#Sal 7,16 8Mitt hjarta er roleg, Gud, mitt hjarta er roleg; eg vil syngja og lovsyngja.#Sal 108,2-6 9Vakna, mi æra! Vakna, harpa og citar! Eg vil vekkja morgonroden. /#Sal 16,9#57,9 æra d. e. sjel. 10Eg vil prisa deg millom folki, Herre, eg vil lovsyngja deg millom folkeslagi.#Sal 18,50 11For di miskunn er stor alt til himmelen, og din truskap til dei høge skyer.#Sal 36,6 12Gud, syn deg høg yver himmelen, di æra yver heile jordi!
Currently Selected:
Salmane 57: Bibel1938
Highlight
Share
Copy

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2