YouVersion Logo
Search Icon

Salmane 56

56
Hardt trengd av sine mange fiendar bed David Gud um nåde og hjelp mot dei og segjer at han for hans ord skuld er viss på at bøni vert høyrd, 2-5. Han skildrar vondskapen åt fiendane, som allstødt baktalar han og stend han etter livet, og bed Gud tyna dei, ei bøn som han byggjer på Guds kjennskap til lidingane hans og kjærlege umsut for han, 6-9. Fullviss um bønhøyring prisar han jublande Guds ord, som hev gjeve han denne vissa, og lovar at han vil takka Gud for den frelsa han i trui alt ser er komi, 10-14.
1Til songmeisteren, etter «Den mållause duva langt burte»#1 Sam 21,10-15#56,1 burte kanskje tonen.#56,1 Gat 1 Sam. 21,10fg. 2Ver meg nådig, Gud! for menneske vil sluka meg; heile dagen trengjer dei meg med strid. 3Mine fiendar freistar å sluka meg heile dagen; for mange er dei som i stormod strider imot meg.#Sal 55,19 4Den dagen då eg ottast, set eg mi lit til deg. 5Ved Gud prisar eg hans ord; til Gud set eg lit, eg ottast ikkje; kva skulde kjøt kunna gjera meg?#Sal 27,1; Hebr 13,6 6Heile dagen rengjer dei mine ord; alle deira tankar er imot meg til det som vondt er. 7Dei slær seg saman, dei lurer, dei vaktar på mine steg, av di dei trår etter livet mitt. 8Skulde dei med sin vondskap koma seg undan? Gud, støyt folkeslag ned i vreide!#Sal 59,6.14 9Du hev talt kor ofte eg hev fare på flukt; mine tåror er gøymde i di flaska; stend dei ikkje i di bok?#Sal 10,14; Mal 3,16 10Då skal mine fiendar venda attende, den dagen eg ropar; det veit eg at Gud er med meg. 11Ved Gud prisar eg ordet; ved Herren prisar eg ordet. 12Til Gud set eg lit, eg ottast ikkje; kva kann eit menneske gjera meg?#Sal 118,6 13Gud, eg hev lovnader på meg til deg; eg vil løysa dei med takkoffer til deg. 14For du hev berga mi sjel frå dauden, ja mine føter frå fall, so eg kann ferdast for Guds åsyn i ljoset åt dei levande.#Sal 116,8

Currently Selected:

Salmane 56: Bibel1938

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in