Salmane 55
55
David bed Gud um frelsa frå ugudlege fiendar, som trugar han med tyning, so han er full av otte og ynskjer han kunde fly til ein einsleg stad, 2-9. Han skildrar den fæle gudløysa som råder i byen og serleg syner seg i at ein av næmaste venene hans hev vorte hardaste uvenen, og bed Gud straffa dei ugudlege, 10-16. Han vil halda ved og ropa til Gud, som i si rettferd visseleg vil berga han og tyna dei mange falske, utrue og forherde fiendane hans, 17-24.
1Til songmeisteren, med strengeleik; ein salme til lærdom av David. 2Gud, vend øyra til mi bøn, og løyn deg ikkje for mi naudbeding! 3Gjev gaum etter meg og svara meg! Mine sorgfyllte tankar fer hit og dit, og eg lyt stynja 4for rop frå fienden, for trykk frå den ugudlege; for dei velter vondt yver meg, og i vreide forfylgjer dei meg. 5Mitt hjarta skjelv i min barm, og dauderedslor hev falle på meg.#Sal 18,5-6 6Otte og skjelving kjem yver meg, og fæla legg seg på meg. 7Og eg segjer: Gjev eg hadde venger som duva! Då skulde eg fljuga burt og finna ein bustad. 8Sjå, eg vilde fly langt burt, eg vilde finna herbyrge i øydemarki. Sela.#Jer 9,2 9Eg vilde skunda meg i livd for den føykjande vinden, for stormen. 10Gløyp dei, Herre, kløyv deira tungemål! For eg ser vald og kiv i byen.#4 Mos 16,33; 1 Mos 11,9 11Dag og natt gjeng dei kringum han på murane, og naud og ulukka råder der inne. 12Tjon råder der inne, og vald og svik vik ikkje frå torget. 13For ikkje ein fiende er det som hæder meg - det kunde eg tola; ikkje min uven er det som briskar seg mot meg - då kunde eg gøyma meg for han; 14men du er det, du som var min likemann, min ven og min kjenning -#Sal 41,10 15me som hadde hugleg samråd med kvarandre, som gjekk til Guds hus i det glade festfylgjet. 16Lat øyding koma yver dei! Lat dei fara ned til helheimen levande! For vondskap råder i deira bustad, i deira hjarta.#4 Mos 16,33 17Eg vil ropa til Gud, og Herren skal frelsa meg. 18Kveld og morgon og middag vil eg klaga og sukka, so høyrer han mi røyst. 19Han løyser ut mi sjel frå striden mot meg og gjev meg fred; for mange er dei mot meg.#Sal 56,3 20Gud skal høyra og svara dei - han tronar då frå fordoms tid, sela - dei som ikkje vil verta annarleis og som ikkje ottast Gud. /#Hab 1,12; Sal 74,12; Jer 13,23#55,20 svara d. e. straffa. 21Han legg hand på folk som held fred med han, han vanhelgar si pakt. /#Sal 55,13-14 22Ordi frå hans munn er håle som smør, men hans hjarta tenkjer på strid. Hans ord er mjukare enn olje, og dei er då dregne sverd.#Sal 5,10; 62,5; 64,4; Jer 9,8 23Kasta byrdi di på Herren! Han skal halda deg uppe; han skal i all æva ikkje lata den rettferdige verta rikka.#Sal 37,5; 121,3 24Og du, Gud, skal støyta dei ned i den djupe grav; blodgjeruge og falske menner skal ikkje nå til helvti av si levetid; men eg set mi lit til deg.#Sal 5,7; 25,2
Currently Selected:
Salmane 55: Bibel1938
Highlight
Share
Copy

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2