YouVersion Logo
Search Icon

Filipparane 3

3
Paulus uppmodar lesarane til å gleda seg i Herren, 1; åtvarar dei mot ranglærarar som vil få dei til å lita på gjerningane sine, og syner dei med sitt fyredøme kor langt det bør vera frå den truande å lita på noko anna enn på Jesus Kristus og rettferdi i han, 2-11. Men dei må ikkje tru han meiner at han alt hev vunne fram til målet, men han strevar alt han kann for å nå det, og vil at dei skal likna han i det, 12-17. Han åtvarar mot dei jordisk-huga kristne, som hev gløymt kvar dei truande hev rette heimen sin, og kva som skal vera deira største lengsla, 18-21.
1Elles, mine brør, gled dykk i Herren! Å skriva det same til dykk er meg ikkje til møda, men dykk til styrkjing.#Fil 2,18; 4,4; 1 Pet 4,13 2Gjev akt på hundane, gjev akt på dei vonde arbeidarane, gjev akt på dei sundskorne!#Rom 16,17; 2 Kor 11,13; Ef 2,11 3For me er dei umskorne, me som tener Gud i hans Ande og rosar oss i Kristus Jesus og ikkje lit på kjøt,#Jer 4,4; Rom 2,29; Kol 2,11; 1 Kor 1,31 4endå eg hev det som eg kunde lita på ogso i kjøt. Um ein annan tykkjer at han kann lita på kjøt, so kann eg det endå meir,#2 Kor 11,18-33 5eg som er umskoren den åttande dagen, er av Israels folk, av Benjamins ætt, ein hebrear av hebrearar, i syn på lovi ein farisear,#1 Mos 17,12; 2 Kor 11,22; Apg 26,5 6i ihuga ein forfylgjar av kyrkjelyden, i rettferd etter lovi ulastande.#Apg 8,3; 9,1; Gal 1,13-24 7Men det som var meg ei vinning, det hev eg for Kristi skuld halde for tap.#Matt 13,44 8Ja, eg held og i sanning alt for tap, av di kunnskapen um Kristus Jesus, min Herre, er so mykje meir verd; for hans skuld hev eg tapt det alt saman, og eg held det for skarn, so eg kann vinna Kristus#Jes 53,11; Joh 17,3 9og verta funnen i han, ikkje med mi rettferd, den som er av lovi, men med den som ein fær ved trui på Kristus, rettferdi av Gud på grunn av trui,#Rom 3,21-22; 1,17; 10,3 10so eg må kjenna han og krafti av hans uppstoda og samlaget i hans lidingar, med di eg vert lik med han i hans daude,#Rom 6,1-14; 8,17; 1 Pet 4,13 11um eg då kann nå fram til uppstoda frå dei daude.#Luk 14,14 12Ikkje so at eg alt hev gripe det eller alt er fullkomen; men eg jagar etter det, um eg kann gripa det, etter som eg og er gripen av Kristus Jesus.#1 Tim 6,12 13Brør, eg trur ikkje um meg sjølv at eg hev gripe det. 14Men eitt gjer eg: eg gløymer det som er attanfor, og tøygjer meg etter det som er framanfor, og jagar mot målet, til den sigersprisen som Gud hev kalla oss til der ovan i Kristus Jesus.#Luk 9,62; 1 Kor 9,24; 1 Tim 6,12; 2 Tim 4,7; Hebr 3,1 15So mange då som er fullkomne, lat oss hava denne tenkjemåte! og um de i noko tenkjer annarleis, so skal Gud og openberra dykk dette;#1 Kor 2,6; 14,20; Jak 1,5 16berre at me, so langt me er komne, held fram i same faret!#Gal 6,16; Rom 12,16; 15,5; 1 Kor 1,10 17Vert mine etterfylgjarar, de og, brør, og sjå på dei som ferdast soleis som de hev oss til fyredøme!#1 Kor 4,16; 11,1; 2 Tess 3,9; 1 Pet 5,3 18For det ferdast mange, som eg tidt hev sagt dykk og no endå med tåror segjer er fiendar av Kristi kross,#Matt 7,13; Rom 16,17; Gal 5,21 19dei som endar med fortaping, som hev buken til sin gud, og som set si æra i si skjemd, dei som trår etter dei jordiske ting.#Fil 1,28; Rom 16,18; 8,5-6; Kol 3,2 20For vårt rike er i himmelen, og derifrå ventar me og Herren Jesus Kristus som frelsar,#Ef 2,6; Kol 3,2-4; Hebr 13,14; 1 Tess 1,10; 4,16 21han som skal umskapa vår nedrings-lekam, so han vert lik hans herlegdoms-lekam, etter hans kraft til å leggja alle ting under seg.#1 Kor 15,43-44; Matt 17,2; 1 Joh 3,2; 1 Kor 15,27

Currently Selected:

Filipparane 3: NO1938N

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in