YouVersion Logo
Search Icon

Filipparane 4

4
Paulus manar alle til å standa støde i trui, nokre og til å vera samlyndte, 1-3. Dei skal gleda seg i Herren, ikkje gjera seg suter, men streva etter alt som godt er, 4-9. Han takkar dei for den gåva dei no hev sendt han til Rom, 10-20, helsar dei og ynskjer dei nåde, 21-23.
1Difor, mine brør, som eg elskar og lengtar etter, mi gleda og min krans, statt soleis støde i Herren, de kjære! 2Evodia påminner eg, og Syntyke påminner eg um å vera samlyndte i Herren.#Fil 2,2 3Ja, eg bed og deg, du som med rette heiter Synzygus, ver dei til hjelp! for dei hev stridt med meg i evangeliet saman med Klemens og dei andre medarbeidarane - deira namn stend i livsens bok.#Fil 1,27; Sal 69,29; Dan 12,1; Luk 10,20; Op 3,5; 20,12 4Gled dykk i Herren alltid! atter vil eg segja det: Gled dykk!#Fil 3,1; Sal 32,11; 2 Kor 13,11; 1 Tess 5,16 5Lat dykkar godlynde verta kjent for alle menneske! Herren er nær. 6Gjer dykk ingi sut for noko ting, men lat i alle ting dykkar ynske koma fram for Gud i påkalling og bøn med takksegjing;#Matt 6,25.31; 1 Pet 5,7 7og Guds fred, som gjeng yver alt vit, skal vara dykkar hjarto og dykkar tankar i Kristus Jesus.#Joh 14,27; Kol 3,15 8Elles, brør, alt som er sant, alt som er æva verdt, alt som er rettferdigt, alt som er reint, alt som er elskeleg, alt som hev eit godt namn, kvar ei dygd og alt som priseleg er - gjev akt på det!#Rom 13,13 9Det som de og hev lært og motteke og høyrt og sett hjå meg, gjer det! og fredens Gud skal vera med dykk.#Fil 3,17; Rom 15,33; 2 Tess 3,16 10Eg vart storleg glad i Herren av di de endeleg ein gong er komne so vidt til velmakt att at de kunde tenkja på min bate, som de og fyrr tenkte på, men de hadde ikkje høve til det. 11Ikkje so at eg segjer dette av trong; for eg hev lært å vera nøgd med det eg hev.#1 Tim 6,8 12Eg veit å leva i ringe kår, eg veit og å leva i nøgd; i alt og i alle ting er eg innvigd, både å verta mett og vera svolten, både å hava nøgdi og hava vanråd;#1 Kor 4,11 13alt maktar eg i han som gjer meg sterk.#Mark 9,23 14Men endå gjorde de rett i å vera med meg i mi trengsla. 15Men de veit og, de filipparar, at i den fyrste tid evangeliet kom til dykk, då eg for frå Makedonia, kom ingen kyrkjelyd i rekneskap med meg yver gjeve og motteke utan de åleine;#2 Kor 11,9 16for ogso i Tessalonika sende de meg både ein gong og tvo gonger det eg turvte. 17Ikkje so at eg trår etter gåva, men eg trår etter den frukti av henne som rikleg kjem dykk til gode.#2 Kor 9,6 18Men no hev eg fenge alt og hev nøgdi; eg hev fullt upp sidan eg med Epafroditus fekk sendingi frå dykk, ein yndeleg ange, eit offer til gleda og hugnad for Gud.#Fil 2,25; Ef 5,2; 1 Pet 2,5; Hebr 13,16 19Og min Gud skal etter sin rikdom fullt upp bøta på all dykkar trong i herlegdom i Kristus Jesus.#Kol 2,10 20Men vår Gud og Fader vere æra i all æva! Amen.#1 Pet 4,11 21Helsa kvar heilag i Kristus Jesus! 22Brørne hjå meg helsar dykk; alle dei heilage helsar dykk, mest dei som høyrer til huslyden åt keisaren. 23Herren Jesu Kristi nåde vere med dykkar ånd!#Gal 6,18

Currently Selected:

Filipparane 4: NO1938N

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in