YouVersion Logo
Search Icon

Filipparane 2

2
Paulus manar til å halda trutt saman, til sjølvgløymande audmykt og kjærleik, 1-4, etter Kristi fyredøme, han som gav avkall på sin guddoms-herlegdom for å tena i lydnad alt til dauden, 5-8, og som Gud difor upphøgde, so alle lyt sanna at han er Herre, 9-11. Han manar dei til ålvor i arbeidet på si frelsa og til eit reint liv, som svarar til deira kall å vera ljos i verdi, 12-18. Av di Paulus vil få vita kor dei hev det, vil han no snart senda Timoteus, den røynde medarbeidaren sin, til dei; ja, han vonar å koma sjølv og, 19-24. Epafroditus, som hadde havt med seg kjærleiksgåva deira til han (4,18), sender han og attende til dei med dette brevet, av di dei hadde vore urolege for han for skuld sjukdomen hans i Rom, 25-30.
1Er det då nokor trøyst i Kristus, er det nokor hugsvaling i kjærleik, er det noko samfund i Anden, er det nokor medkjensla og miskunn, 2so gjer mi gleda fullkomi, so de hev same hug, med di de hev same kjærleiken og samlyndte hev den eine hugen,#Rom 12,16; 15,5; 1 Kor 1,10; 1 Pet 3,8 3ikkje gjer noko av stridssykja eller lyst til tom æra, men i audmykt vyrder kvarandre høgre enn dykk sjølve.#Gal 5,26; Rom 12,10; 1 Pet 5,5 4Sjå ikkje kvar på sin eigen bate, men kvar på baten til dei andre og!#1 Kor 10,24.33; 13,5 5Lat dette huglaget vera i dykk, som og var i Kristus Jesus,#Matt 11,29; Joh 13,15; 1 Kor 2,16; 1 Pet 2,21; 1 Joh 2,6 6han som, då han var i Guds skapnad, ikkje heldt det for eit ran å vera Gud lik,#Kol 2,9; Hebr 1,3 7men gav sjølv avkall på det og tok ein tenars skapnad på seg, med di han kom i likning med menneske,#Jes 42,1; Matt 20,28; Hebr 4,15 8og då han i åtferd var funnen som eit menneske, nedra han seg sjølv, so han vart lydig alt til dauden, ja til dauden på krossen.#Sal 22,7; Hebr 5,7-10; 12,2 9Difor hev og Gud storleg upphøgt han og gjeve han det namn som er yver kvart eit namn,#Apg 2,36; Hebr 2,9; 1,4 10so i Jesu namn skal kvart kne bøygja seg, deira som er i himmelen, og på jordi og under jordi,#Jes 45,23; Rom 14,11; Op 5,13 11og kvar tunge skal sanna at Jesus Kristus er Herre, til Gud Faders æra.#Apg 2,36; Rom 14,9; 1 Kor 8,6 12Difor, mine kjære, liksom de alltid hev vore lydige, so arbeid, ikkje berre som då eg var nærverande, men endå meir no når eg er fråverande, på dykkar frelse med age og otte!#1 Pet 1,17 13For Gud er den som verkar i dykk både å vilja og verka etter hans hugnad.#2 Kor 3,5; Hebr 13,21 14Gjer alt utan murring og tvilsmål,#Joh 6,43; 1 Pet 4,9; 1 Tim 2,8 15so de kann vera lastelause og reine, Guds ulastande born midt i ei ukyndt og rangsnudd ætt, der de syner dykk som ljos i verdi,#Fil 1,10; Matt 5,16; Ef 5,8 16med di de held fram livsens ord, til ros for meg på Kristi dag, at eg ikkje hev laupt til unyttes eller arbeidt til unyttes.#1 Tess 2,19; Gal 2,2 17Men um eg og vert ofra medan eg gjer altartenesta og ber dykkar tru fram til offer, so gleder eg meg, og gleder meg saman med dykk alle.#2 Tim 4,6; 2 Kor 7,4 18Gled og de dykk like eins, og gled dykk saman med meg! 19Eg hev den voni i Herren Jesus at eg snart kann senda Timoteus til dykk, so eg og kann verta glad i hug, når eg får vita korleis det er med dykk.#Apg 16,1; Fil 1,27 20For eg hev ingen med slikt eit lynde, som so ærleg kann hava umsut for dykk;#1 Kor 16,10 21for dei søkjer alle sitt eige, ikkje det som høyrer Jesus Kristus til;#1 Kor 10,24; 13,5 22men hans prøvde truskap kjenner de, at liksom ein son tenar far sin, so hev han tent med meg for evangeliet. 23Han vonar eg då å kunna senda straks når eg ser utgangen på saki mi. 24Men eg hev den tillit i Herren at eg og sjølv skal koma snart.#Fil 1,25 25Eg fann det naudsynleg å senda til dykk Epafroditus, min bror og medarbeidar og medstridsmann og dykkar sendemann og tenar til å råda bot på min trong,#Fil 4,18 26av di han lengta etter dykk alle og var ottefull for di de hadde høyrt at han hadde vorte sjuk. 27For han vart verkeleg sjuk og dauden nær; men Gud gjorde miskunn mot han, ja, ikkje berre mot han, men mot meg og, so eg ikkje skulde hava sorg på sorg. 28Difor sender eg han so mykje snarare, so de kann gleda dykk ved å sjå han att, og eg vera meir sutlaus. 29Tak då imot han i Herren med all gleda, og haldt slike i æra!#Rom 16,2; 1 Kor 16,16; Gal 6,6; 1 Tess 5,12 30For det var for Kristi gjerning skuld han kom dauden nær, då han våga livet so han kunde bøta på saknaden av dykk i tenesta mot meg.#1 Kor 16,17

Currently Selected:

Filipparane 2: NO1938N

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in