YouVersion Logo
Search Icon

Filipparane 1

1
Paulus helsar kyrkjelyden i Filippi, 1.2, takkar Gud for han og vitnar um si gleda yver han, si von for han og sin kjærleik til han, 3-8, og bed um at han må veksa og ganga fram i kristeleg kunnskap og skynsemd, 9-11. Han fortel um korleis han hev det i Rom, at lekkjone hans hev tent til framgang for evangeliet både millom heidningar og kristne, 12-14; like vel er det millom desse sume som ikkje vil han vel og freistar å føra trengsla yver han, 15-17. Men dei og forkynner Kristus, og det gled han seg yver; like eins ventar han med ro på utgangen av saki si, anten det vert liv eller daude; for han ynskjer vel helst å døy, men det er meir naudsynt at han lever for kyrkjelydane skuld, 18-26. Han bed dei um å ferdast so som verdigt er for evangeliet, og utan otte strida saman for trui, 27-30.
1Paulus og Timoteus, Kristi Jesu tenarar - til alle dei heilage i Kristus Jesus som er i Filippi, med tilsynsmenn og tenarar for kyrkjelyden:#Apg 16,12-15; 20,28; 6,1-6 2Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Fader og Herren Jesus Kristus!#Rom 1,7 3Eg takkar min Gud so tidt eg kjem dykk i hug,#Rom 1,8; Ef 1,15-16; 2 Tess 1,3; 1 Tess 1,2 4med di eg alltid når eg bed, gjer mi bøn for dykk alle med gleda, 5på grunn av dykkar samfund med meg i arbeidet for evangeliet frå fyrste dagen og alt til no.#Fil 4,15 6Og eg er fullvis um dette at han som tok til med ei god gjerning i dykk, skal fullføra henne alt til Jesu Kristi dag.#Hebr 13,21; 1 Pet 5,10; Fil 2,13; 1 Tess 5,23 7Det er no og rett at av meg å tenkja so um dykk alle, både i mine lekkjor og når eg forsvarar og stadfester evangeliet, sidan de alle hev lut med meg i nåden.#Ef 3,1; Kol 4,3; 2 Tim 1,8 8For Gud er mitt vitne kor eg lengtar etter dykk alle med Kristi Jesu hjartelag.#Rom 1,9; 2 Kor 1,23; Gal 1,20; 1 Tess 2,5; Gal 2,20 9Og dette bed eg um at dykkar kjærleik endå må verta alt rikare og rikare på kunnskap og skynsemd,#2 Kor 8,7 10for at de må kunna døma um dei ymse ting, so de kann vera reine og ikkje til meinstøyt til Kristi dag,#Rom 2,18; 1 Kor 1,8 11fyllte med rettferds frukt, som vert verka ved Jesus Kristus, Gud til æra og lov.#Ef 5,9; Kol 1,10; Joh 15,4-5.8 12Eg vil at de skal vita, brør, at min lagnad heller hev vore til framgang for evangeliet, 13so det hev vorte kunnigt for er heile livvakti og for alle dei andre at det er for Kristi skuld eg er i lekkjor, 14og dei fleste av brørne i Herren hev fenge tiltru til mine lekkjor og dermed fenge endå meir mod til å tala ordet utan otte.#Ef 3,13; 1 Tess 3,3 15Sume forkynner vel og Kristus av ovund og kivslyst, men sume og av godvilje; 16desse forkynner Kristus av kjærleik, med di dei veit at eg er sett til å forsvara evangeliet,#Fil 1,7 17men hine gjer det av stridssykja, ikkje med rein hug, for dei tenkjer å leggja trengsla attåt lekkjone mine. 18Kva so? Kristus vert då forkynt på kvar måten, anten det no vert gjort for syn skuld eller i sanning, og det gleder eg meg yver. Ja, eg skal og heretter få gleda meg; 19for eg veit at dette skal verta til frelsa for meg ved dykkar bøn, og hjelpi av Jesu Kristi Ande,#2 Kor 1,11 20etter di det er mi lengting og von at eg ikkje i nokon ting skal verta til skammar, men at Kristus, som alltid, so og no, med alt frimod skal verta herleggjord ved min lekam, anten det vert ved liv eller ved daude. 21For det å leva er for meg Kristus, og det å døy er ei vinning.#Gal 2,20 22Men dersom det å leva i kjøtet gjev meg frukt av mi gjerning, so veit eg ikkje kva eg skal velja, 23men eg stend rådvill millom dei tvo ting, med di eg hev hug til å fara herifrå og vera med Kristus, for det er so ovleg mykje betre;#2 Kor 5,8 24men å verta verande i kjøtet er naudsynlegare for dykkar skuld. 25Og av di eg er viss på det, so veit eg at eg skal leva og vera hjå dykk alle til dykkar framgang og gleda i trui,#Filem 1,22 26so dykkar ros kann verta rik i Kristus Jesus ved meg, når eg kjem til dykk att.#Fil 2,24 27Berre far dykkar livsferd so som verdigt er for Kristi evangelium, so eg, anten eg kjem og vitjar dykk eller er fråverande, kann høyra um dykk at de stend faste i EIN Ande, so de med EI sjel strider med meg for trui på evangeliet#Ef 4,1; Kol 1,10; 1 Tess 2,12; 4,1; Apg 4,32; Rom 15,30 28og ikkje i nokon ting let dykk skræma av dei som stend i mot; det er for dei ei varsling um undergang, men for dykk um frelsa, og det frå Gud.#Rom 8,17; 2 Tess 1,5 29For dykk vart det unnt, for Kristi skuld - ikkje berre å tru på han, men og å lida for hans skuld,#Apg 5,41; Rom 5,3 30med di de hev den same strid som de såg eg hadde, og no høyrer at eg hev.#Apg 16,22-40

Currently Selected:

Filipparane 1: NO1938N

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in