YouVersion Logo
Search Icon

Matteus 9

9
Jesus lækjer ein lam mann, 1-8, kallar Matteus, et i lag med tollmenn, talar um fasta, 9-17, lækjer ei kvinna som hev blodflod, og vekkjer upp dotter åt Jairus, 18-26, lækjer tvo blinde, 27-31, og ein som er forgjord, 32-34, tykkjer synd um folket, 35-38.
1So gjekk han ut i båten og for yver og kom til sin eigen by. 2Då kom dei til han med ein lam mann, som låg i ei seng. Då Jesus såg trui deira, sa han til den lame: Ver hugheil, son! Syndene dine er tilgjevne.#Mark 2,3-12; Luk 5,18-26 3Då var det nokre av dei skriftlærde som tenkte med seg: Denne spottar Gud! 4Men Jesus såg tankane deira og sa: Kvi hyser de so vonde tankar i hjarta?#Sal 139,2; Joh 2,25 5Kva er lettast å segja: Syndene dine er tilgjevne, eller: Statt upp og gakk? 6Men so de skal vita at Menneskesonen hev makt på jordi til å tilgjeva synder - so segjer han til den lame: Statt upp, tak sengi og gakk heim att! 7Då stod han upp og gjekk heim til seg. 8Og då folket såg det, vart dei ottefulle og lova Gud, som hadde gjeve menneske slik makt. 9Då Jesus gjekk lenger fram, fekk han sjå ein mann som sat på tollbui - Matteus heitte han - og sa til han: Fylg meg! Og han stod upp og fylgde Jesus.#Mark 2,14-17; Luk 5,27-32 10Då han so heldt måltid heime i huset sitt, kom mange tollmenn og syndarar og sette seg til bords med Jesus og læresveinane hans.#Luk 15,1 11Farisearane såg det og sa til læresveinane: Kvifor et meisteren dykkar i lag med tollmenn og syndarar? 12Då Jesus høyrde det, sa han: Det er ikkje dei friske som treng lækjar, men dei som hev vondt. 13Gakk burt og lær kva som ligg i det ordet: Det er miskunn, ikkje offer, eg hev hugnad i. For eg er ikkje komen for å kalla rettferdige, men syndarar.#Hos 6,6; 1 Sam 15,22; Mi 6,8; Matt 12,7; 1 Tim 1,15 14Då kom læresveinane åt Johannes til han og sa: Korleis hev det seg at me og farisearane fastar so mykje, men dine læresveinar fastar ikkje?#Mark 2,18-22; Luk 5,33-39 15Jesus svara: Kann bruresveinane syrgja medan dei hev brudgomen hjå seg? Men det kjem ei tid då brudgomen vert teken ifrå dei; då skal dei fasta.#Joh 3,29; 16,20 16Ingen set ein lapp av ustampa ty på eit gamalt klædeplagg; for boti riv med seg noko av sjølve plagget, og rifti vert større. 17Og ikkje hev dei ny vin i gamle lerflaskor; for då rivnar flaskone, so vinen renn ned, og flaskone forferst; ny vin hev dei i nye lerflaskor; då held dei seg båe. 18Medan han tala soleis til dei, kom ein synagogeforstandar og fall på kne for han og sa: Rett no hev dotter mi slokna; men kom og legg handi di på henne, so livnar ho att!#Mark 5,22-43; Luk 8,41-56 19Jesus gjorde seg reidug og gjekk med han, og læresveinane og. 20Då kom det ei kvinna, som hadde havt blodflod i tolv år; ho gjekk innåt han attantil og tok i ein av duskane på kjolen hans;#3 Mos 15,25 21for ho tenkte med seg: Kann eg berre få taka i kjolen hans, so er eg berga.#Matt 14,36; Luk 6,19 22I det same snudde han seg og såg henne. Då sa han: Ver hugheil, dotter! trui di hev hjelpt deg. Og kvinna vart god att i same stundi.#Matt 9,2; Luk 17,19 23Då Jesus kom heim til synagogeforstandaren og såg fløytelåtarane og hopen som ståka og våla, sa han til dei:#Jer 9,17 24Gakk burt! Gjenta er ikkje slokna; ho søv. Men dei berre lo åt han.#Joh 11,11 25Då hopen var driven ut, gjekk han inn og tok henne i handi, og gjenta stod upp. 26Og gjetordet um dette kom ut yver alle bygdene der ikring.#Luk 7,17 27Då Jesus gjekk burt att, fylgde tvo blinde etter han og ropa: Gjer sælebot på oss, du Davids son!#Matt 20,30 28Og då han var komen heim, gjekk dei etter han inn. Jesus sa til dei: Trur de at eg kann gjera det? Dei svara: Ja, herre! 29Då tok han burtpå augo deira og sa: Det skal verta som de trur.#Matt 8,13 30Og med ein gong kunde dei sjå. Jesus tala strengt til dei og sa: Sjå til at ingen fær vita det!#Mark 7,36 31Men dei var ikkje fyrr komne ut, fyrr dei bar gjetordet hans ut yver alle bygder. 32Med same dei gjekk ut, kom det nokre folk til han med ein mållaus mann, som hadde ei vond ånd i seg.#Luk 11,14-15 33Då so den vonde åndi var drivi ut, tala den mållause. Og folk undra seg og sa: Aldri hev slikt vore set fyrr i Israel! 34Men farisearane sa: Det er djevlehovdingen sjølv som hjelper han til å driva djevlane ut.#Matt 12,24 35Sidan gjekk Jesus kring i alle byar og bygder og lærde folket i synagogone deira og forkynte evangeliet um riket og lækte all sjukdom og vanhelsa.#Matt 4,23 36Og då han såg folkehopen, tykte han hjarteleg synd um dei; for dei var ille medfarne og nedforkomne, som ein saueflokk utan hyrding.#Mark 6,34; 4 Mos 27,17; Jes 53,6; Jer 23,1-2; Esek 34,2-10; 1 Pet 2,25 37Då sa han til læresveinane sine: Grøda er stor, men onnefolki er få.#Luk 10,2; Joh 4,35 38Bed då han som eig grøda, at han vil senda arbeidsfolk til å hausta inn grøda si!

Currently Selected:

Matteus 9: NO1938N

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in