Matteus 10
10
Jesus sender ut dei tolv læresveinane med rettleiding for deira åtferd og lovnad um løni dei skal få, 1-42.
1So kalla han til seg dei tolv læresveinane sine og gav dei makt yver ureine ånder, so dei kunde driva dei ut, og kraft til å lækja all sjukdom og vanhelsa.#Mark 6,7-13; Luk 9,1-6 2So er namni på dei tolv apostlane: Fyrst Simon, han som vert kalla Peter, so Andreas, bror hans, og Jakob, son åt Sebedeus, og Johannes, bror hans,#Mark 3,13-19; Luk 6,13-19; Apg 1,13 3Filip og Bartolomeus, Tomas og Matteus, tollmannen, Jakob, son åt Alfeus, og Lebbeus, som hadde tilnamnet Taddeus,#Matt 9,9 4Simon Kananeus og Judas Iskariot, den same som sveik han. 5Desse tolv var det Jesus sende ut, og han rettleidde dei og sa: Tak ikkje vegen til heidningane, og gakk ikkje inn i nokon av samaritanbyane! 6Gakk heller til dei forkomne lambi av Israelshuset!#Matt 15,24 7Og kvar de kjem, so gjer kunnigt at himmelriket er nær!#Matt 3,2; 4,17 8Læk helselause, vekk upp daude, gjer spillsjuke reine, driv ut vonde ånder! For inkje hev de fenge det, for inkje skal de gjeva det.#Apg 8,18-25 9Tak ikkje med dykk gull eller sylv eller kopar i belti dykkar,#Luk 22,35 10ikkje ferdaskreppa, ikkje tvo trøyor, ikkje skor, ikkje stav! For ein arbeidsmann er kosten sin verd.#Luk 10,4-9; 1 Kor 9,7-10.14; 1 Tim 5,18 11Kvar gong de kjem til ein by eller ei grend, so høyr etter kven der er som er verd å taka imot dykk, og hjå han skal de vera til de tek ut att. 12Når de kjem inn i eit hus, so lys velsigning yver det, 13og er huset verdt det, so skal det få den velsigningi de hev lyst; men er det ikkje verdt det, so skal velsigningi koma attende til dykk. 14Og er det nokon stad dei ikkje vil taka imot dykk og ikkje vil høyra på ordi dykkar, so gakk ut att or det huset eller den byen, og rist dusti av føtene dykkar.#Apg 13,51; 18,6 15Det segjer eg dykk for visst: På domedag skal det ganga Sodoma- og Gomorralandet likare enn den byen.#Matt 11,24 16Sjå, eg sender dykk ut som lamb millom ulvar; ver då kloke som ormar og godtrugne som duvor!#Luk 10,3; Rom 16,19 17Tak dykk i vare for folk! For dei kjem til å gjeva dykk yver til domstolane og hudfletta dykk i synagogone sine,#Matt 24,9; Joh 16,2 18og for landshovdingar og kongar skal dei føra dykk fram for mi skuld, so de skal vitna for dei og for heidningane. 19Men når dei dreg dykk for retten, so syt ikkje for korleis eller kva de skal tala! Ordi de skal tala, skal de få i same stundi.#Luk 12,11-12 20For det er ikkje de som talar; det er Anden åt Far dykkar som talar i dykk.#2 Mos 4,12 21Bror skal senda bror i dauden, og faren barnet sitt, og born skal standa fram mot foreldri sine og valda at dei lyt døy.#Luk 12,53; 21,16-18 22Og alle skal hata dykk for mitt namn skuld; men den som held ut til endes, han skal verta frelst.#Matt 24,13; Op 2,10 23Når dei då søkjer etter dykk i ein by, so røm til ein annan! For det segjer eg dykk for visst: De vinn ikkje vitja alle byane i Israel fyrr Menneskesonen kjem. 24Læresveinen er ikkje yver meisteren, og tenaren er ikkje yver husbonden sin.#Luk 6,40; Joh 13,16; 15,20 25Det lyt vera nok for læresveinen at han vert som meisteren sin, og for tenaren at han vert som husbonden. Hev dei kalla husbonden Be'elsebul, kann so husfolket venta det betre?#Matt 9,34; 12,24; Joh 8,48 26Ver då ikkje redde dei! For ingen ting er løynt anna det ein gong kjem upp, og ingen ting dult anna det ein gong vert kjent.#Jes 8,12; Jer 1,8; Esek 2,6; Mark 4,22; Luk 8,17; 12,2-3 27Det som eg segjer dykk i myrkret, skal de tala i ljoset, og det som vert kviskra i øyra på dykk, skal de ropa ut på taki. 28Ottast ikkje dei som drep lekamen, men ikkje kann drepa sjeli! Ottast heller han som kann tyna både sjel og lekam i helvete!#Luk 12,4-5 29Sel dei ikkje tvo sporvar for ein øyre? Og ikkje ein av dei fell ned på jordi utan Far dykkar vil. 30Og jamvel alle håri på hovudet dykkar er talde.#Luk 21,18; Apg 27,34 31So ver ikkje redde! De er meir enn mange sporvar.#Luk 12,24 32Den som då kjennest ved meg for folk, han skal eg og kjennast ved for Far min i himmelen;#Luk 12,8-9; Rom 10,9 33Men den som avneittar meg for folk, han skal eg og avneitta for Far min i himmelen.#Mark 8,38; Luk 9,26; 2 Tim 2,12; 1 Joh 2,23 34De må ikkje tru eg er komen for å føra fred ned på jordi! Eg er ikkje komen med fred, men med sverd.#Luk 12,49.51 35Eg er komen for å setja ufred millom far og son, og millom mor og dotter, og millom vermor og sonekona,#Matt 10,21; Mi 7,5-6 36og mannen skal få sin eigen huslyd til uvener.#Sal 41,10; 55,14 37Den som hev far eller mor kjærare enn meg, er ikkje verd meg, og den som hev son eller dotter kjærare enn meg, er ikkje verd meg,#Matt 19,29; Luk 14,26-27 38og den som ikkje tek krossen sin og fylgjer etter meg, er ikkje verd meg.#Matt 16,24-25; Mark 8,34-35; Luk 9,23-24 39Den som vinn livet sitt, skal missa det, og den som misser livet for mi skuld, skal vinna det.#Luk 17,33; Joh 12,25 40Den som tek imot dykk, tek imot meg, og den som tek imot meg, tek imot han som sende meg.#Luk 10,16; Joh 13,20 41Den som tek imot ein profet for di han er ein profet, skal få same løni som ein profet, og den som tek imot ein rettferdig for di han er rettferdig, skal få same løni som ein rettferdig.#1 Kong 17,10-16 42Og den som gjev ein av desse små, um det er ikkje anna enn ei skål med kaldt vatn, for di han er min læresvein, han skal på ingen måte missa løna si, det segjer eg dykk for visst.#Mark 9,41
Currently Selected:
Matteus 10: NO1938N
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2