Matteus 11
11
Jesus vitnar for læresveinane åt Johannes um seg sjølv, 1-6, og for folket um Johannes, 7-15; han lastar vantrui åt folket, 16-19, ropar ve yver dei ubotferdige byane, 20-24, lovar Faderen og kallar til seg alle som strevar og lid, 25-30.
1Då Jesus hadde sagt alt det han vilde leggja dei tolv læresveinane på minne, for han burt att og tok til å læra folk og tala for dei kring i byane. 2Johannes fekk høyra i fengslet um gjerningane åt Kristus. Då sende han bod med læresveinane sine og spurde han:#Luk 7,18-23 3Er du den som skal koma, eller lyt me venta ein annan?#Mal 3,1 4Jesus svara: Gakk og seg Johannes kva de høyrer og ser: 5Blinde fær syni si, og halte gjeng ikring, spillsjuke vert reine, og dauve høyrer, daude stend upp att, og fatige fær høyra evangeliet;#Jes 35,5-6; 61,1 6og sæl er den som ikkje styggjest ved meg.#Matt 13,57; 15,12 7Då dei gjekk burt, tok Jesus til å tala til folket um Johannes: Kvi gjekk de ut i øydemarki? Vilde de sjå ei røyr som svagar att og fram i vinden? 8Kvi gjekk de då der ut? Vilde de sjå ein mann med fine klæde? Nei, dei som gjeng i fine klæde, held til i kongsgardane. 9Men kvi gjekk de då der ut? Vilde de sjå ein profet? Ja, segjer eg dykk, og det ein som er meir enn profet!#Luk 1,76 10Det er um han det er skrive: Sjå, eg sender mitt bod framfyre deg; han skal rydja vegen din for deg.#Mal 3,1; Mark 1,2 11Det segjer eg dykk for sant: Aldri hev det stige fram nokon større millom dei som er fødde av kvinnor, enn Johannes døyparen; og endå er den minste i himmelriket større enn han. 12Men frå Johannes døyparens tid og til denne stund bryt folk seg med makt inn i himmelriket, og dei som bryt seg inn, riv det til seg.#Luk 16,16; Fil 3,8.12 13For alle profetane og lovi spådde alt heilt til Johannes kom, 14og vil de tru det, so er han Elias som skal koma.#Mal 4,5; Matt 17,12; Luk 1,17 15Høyr etter, kvar som øyro hev! 16Kven skal eg likna denne ætti med? Dei likjest born som sit på torget og ropar til andre born:#Luk 7,31-35 17Me let i fløyta åt dykk, og de dansa ikkje; me song eit syrgjekvede, og de øya ikkje. 18For fyrst kom Johannes, og korkje åt eller drakk; då sa dei: Han må vera forgjord!#Matt 3,4 19So kom Menneskesonen; han et og drikk, og so segjer dei: Sjå for ein etar og drikkar! Han er godvener med tollmenn og syndarar! Men visdomen hev prova si rettferd med sine born.#Luk 15,1-2 20So tok han til å lasta dei byane som han hadde gjort flest under i, for di dei ikkje hadde vendt um: 21Ve yver deg, Korasin! Ve yver deg, Betsaida! Hadde dei underi som eg gjorde i dykk, vore gjorde i Tyrus og Sidon, so hadde dei longe angra og havt på seg sekk og oska.#Luk 10,13-24 22Men det segjer eg dykk: På domedag skal det ganga Tyrus og Sidon likare enn dykk. 23Og du, Kapernaum, som hev vore lyft upp til himmelen, til helheimen skal du støytast ned! For hadde dei underi som er gjorde i deg, vore gjorde i Sodoma, so hadde han stade til denne dag. 24Men det segjer eg dykk: På domedag skal det ganga Sodomalandet likare enn dykk.#Matt 10,15 25I den same tidi tok Jesus til ords og sa: Eg lovar deg, Fader, du som råder yver himmelen og jordi, at du hev løynt dette for dei lærde og kloke, og openberra det for dei ulærde og barnslege!#Luk 10,21-24; 1 Kor 1,26-31 26Ja, Fader, for soleis tykte du det best! 27Alt hev Far min gjeve i mine hender, og ingen kjenner Sonen, utan Faderen, og ingen kjenner Faderen, utan Sonen og dei som Sonen vil openberra det for.#Matt 28,18; Joh 3,35; 17,2; 1,18; 6,46; 10,15 28Kom til meg, alle de som slit og hev tungt å bera! hjå meg skal de få kvila dykk ut!#Jer 31,25 29Tak mitt åk på dykk, og lær av meg! for eg er mild og mjuk i hjarta; so skal de finna kvild for sjelene dykkar.#Sak 9,9; Jer 6,16 30For mitt åk er godt, og mi byrd er lett.#1 Joh 5,3
Currently Selected:
Matteus 11: NO1938N
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2