YouVersion Logo
Search Icon

Matteus 12

12
Læresveinane riv av aks på sabbaten, 1-8. Jesus lækjer ei nomi hand på ein sabbat, 9-14. Han fer stilt og spaklyndt fram, 15-21, lækjer ein forgjord, forsvarar seg mot den skuldingi frå farisearane at han stend i samband med djevelen, og åtvarar mot synd mot den Heilage Ande, 22-37; farisearane krev eit teikn av han, og han viser dei til Jonas-teiknet, 38-45. Jesus segjer kven som er hans rette skyldfolk, 46-50.
1I den tidi gjekk Jesus på ein sabbat yver åkrane. Læresveinane hans var svoltne og tok til å riva av aks og eta.#Mark 2,23-28; Luk 6,1-5; 5 Mos 23,25 2Då farisearane såg det, sa dei til han: Sjå læresveinane dine! - no gjer dei noko som ingen hev lov til å gjera på ein sabbat!#2 Mos 20,8-11 3Han svara: Hev de ikkje lese kva David gjorde då han var svolten, han og dei som var med han,#1 Sam 21,6 4at han gjekk inn i Guds hus og åt skodebrødi, og dei hadde han ikkje lov til å eta, korkje han eller fylgjesmennene hans, men berre prestane.#3 Mos 24,5-9 5Eller hev de ikkje lese i lovi at prestane bryt helgi i templet på sabbaten og er endå skuldlause?#4 Mos 28,9-10 6Men eg segjer dykk at her er det som er større enn templet. 7Og hadde de visst kva som ligg i det ordet: Det er miskunn, ikkje offer, eg hev hugnad i, so hadde de ikkje fordømt desse uskyldige.#Matt 9,13; Hos 6,6; Mi 6,8 8For Menneskesonen råder yver sabbaten. 9So gjekk han burt derifrå og til synagoga deira.#Mark 3,1-6; Luk 6,6-11 10Der var det ein mann som hadde ei nomi hand. So spurde dei han: Tru det rett å lækja folk på ein sabbat? For dei vilde få noko å klaga han for.#Luk 13,14; 14,3-6; Joh 9,16 11Då sa han til dei: Kven av dykk dreg ikkje upp att ein sau som hev dotte ned i eit dike for han på ein sabbat? 12Og kor mykje meir er ikkje eit menneske enn ein sau! So må det då vera rett å gjera vel på sabbaten. 13So segjer han til mannen: Rett fram handi! Då rette han henne fram, og ho vart frisk liksom hi handi. 14Men farisearane gjekk ut og la råd um korleis dei skulde få rudt han or vegen. 15Då Jesus vart vis med det, for han burt. Og det fylgde mange med han. Han lækte dei alle, 16men forbaud dei strengt å gjera han kjend.#Matt 9,30 17Soleis skulde det sannast det som er tala gjenom Esaias, profeten, når han segjer:#Jes 42,1-9 18Sjå min tenar som eg hev valt ut, han som eg elskar, han min hjartehugnad! På han vil eg leggja Anden min, og han skal forkynna rett for heidningane.#Matt 3,17; 17,5 19Han skal ikkje tretta, ikkje ropa. Ingen skal høyra røysti hans i gatone. 20Eit broste røyrstrå skal han ikkje brjota og ikkje sløkkja ein rjukande veik, fyrr han hev ført retten fram til siger; 21og til hans namn skal heidningane setja si von. 22Sidan kom dei til han med ein forgjord som var både blind og mållaus, og han gjorde han god att, so den mållause tala og såg.#Matt 9,32-34; Luk 11,14-28 23Då vart alt folket reint upp i under og sa: Dette skulde vel ikkje vera Davids-sonen? 24Då farisearane høyrde det, sa dei: Denne kunde ikkje driva ut dei vonde åndene, fekk han ikkje hjelp av Be'elsebul, hovdingen deira.#Mark 3,22-30 25Men Jesus visste kva dei tenkte, og sa til dei: Eit rike som ligg i strid med seg sjølv, kjem snart til å øydast, og ein by eller eit hus som er kome i strid med seg sjølv, stend ikkje lenge. 26Er det no so at Satan driv ut Satan, so er han komen i strid med seg sjølv, og korleis kann då riket hans standa? 27Og hjelper Be'elsebul meg til å driva ut dei vonde åndene, kven hjelper då dykkar eigne folk til å driva dei ut? Difor skal dei vera domarane dykkar. 28Men er det Guds Ande som hjelper meg til å driva ut dei vonde åndene, so er då Guds rike kome til dykk. 29Eller kven kann ganga inn i huset til ei kjempa og rana eignelutane hans, hev han ikkje fyrst lagt kjempa i band? då kann han rana det som i huset er.#Jes 49,24 30Den som ikkje er med meg, er imot meg, og den som ikkje sankar med meg, han spreider. 31Difor segjer eg dykk: All synd og spotting skal tilgjevast menneski, men spott imot Anden skal ikkje tilgjevast.#Luk 12,10; 1 Joh 5,16; Hebr 6,4-8; 10,26 32Og den som segjer eit ord mot Menneskesonen, skal få tilgjeving for det; men den som talar mot den Heilage Ande, fær aldri tilgjeving, korkje i dette livet eller i det som skal koma. 33Anten lyt de segja: Treet er godt, og frukti på det er god, eller og: Treet er låkt, og frukti på det er låk. For på frukti kjenner ein treet.#Matt 7,17-18; Luk 6,43-49 34De orme-ungar, korleis kann de tala noko godt, de som er vonde? for frå munnen kjem det som hjarta er fullt av.#Matt 3,7; 23,33 35Ein god mann ber fram gode ting av det gode han gøymer hjå seg, og ein vond mann ber fram vonde ting av det vonde han gøymer på.#Matt 15,19 36Men det segjer eg dykk: Kvart gagnlaust ord som folk hev tala, skal dei svara for på domedag, 37for etter ordi dine vert du frikjend, og etter ordi dine vert du felt. 38Då tok nokre skriftlærde og farisearar til ords og sa: Meister, me vil gjerne sjå eit teikn av deg!#Matt 16,1-4; Mark 8,11-12; Luk 11,16; 1 Kor 1,22 39Han svara: Ei vond og utru ætt krev etter teikn, men dei skal ikkje få anna teikn enn det som hende Jonas, profeten.#Luk 11,29-36 40For liksom Jonas var tri dagar og tri næter i fiske-buken, soleis skal Menneskesonen vera tri jamdøger under jordi.#Jona 2,1 41Ninive-mennene skal møta for domen saman med denne ætti og fella dei; for dei vende um då Jonas tala for dei, og her er meir enn Jonas.#Jona 3,5 42Sudlands-dronningi skal standa fram for domen i hop med denne ætti og fella dei; for ho kom frå verdsens ende og vilde høyra Salomos visdom, og her er meir enn Salomo.#1 Kong 10,1 43Når den ureine åndi fer ut or eit menneske, flakkar ho yver vasslause vidder og leitar etter ein kvilestad, men finn ingen.#Luk 11,24-28 44So segjer ho: Eg vil fara attende til huset mitt, som eg flutte utor. Og når ho kjem der, finn ho det tomt og feia og fjelga. 45Då fer ho av stad og tek med seg sju andre ånder som er argare enn ho er sjølv, og dei gjeng inn og vert buande der, og hev det vore ille med det mennesket fyrr, so vert det endå verre sidan. Soleis kjem det og til å ganga med denne vonde ætti.#2 Pet 2,20; Hebr 6,4-8; 10,26 46Medan han heldt på å tala til folket, var mor hans og brørne hans komne, og no stod dei utanfor og vilde finna han.#Mark 3,31-35; Luk 8,19-21 47Då so ein kom inn og sa det til han, 48svara han: Kven er mor mi, og kven er brørne mine? 49So rette han handi ut mot læresveinane sine og sa: Sjå der er mor mi og brørne mine! 50For den som gjer det Far min i himmelen vil, han er bror min og syster mi og mor mi.#2 Kor 6,17-18; Hebr 2,11

Currently Selected:

Matteus 12: NO1938N

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in