YouVersion Logo
Search Icon

Matteus 8

8
Jesus lækjer ein mann som hev spillsykja, 1-4, tenaren åt ein heiden hovudsmann, 5-13, vermor åt Peter og mange andre, 14-17; talar um å fylgja etter han, 18-22; stiller stormen på Gennesaretsjøen, 23-27, driv vonde ånder ut or tvo forgjorde, 28-34.
1Då han gjekk ned av fjellet, fylgde det mykje folk med han.#Matt 5,1 2Best det var, kom ein som hadde spillsykja, og fall på kne for han og sa: Herre, dersom du vil, so kann du gjera meg rein.#Mark 1,40-45; Luk 5,12-16 3Jesus rette ut handi og tok burt på han og sa: Eg vil; vert rein! Då vart han med ein gong fri spillsykja, og rein. 4Og Jesus sa til han: Sjå til at du ikkje segjer dette til nokon, men gakk burt og te deg for presten, og ber fram det offeret som Moses hev sagt fyre, so du kann vitna for dei!#Matt 9,30; 3 Mos 14,2-32 5Då han so gjekk inn i Kapernaum, kom ein hovudsmann og tala til han og sa:#Luk 7,1-10 6Herre, drengen min ligg lam heime og lid hardt. 7Jesus segjer: Skal eg koma og lækja han? 8Herre, svara hovudsmannen, eg er ikkje verd at du stig inn under mitt tak. Men seg berre eit ord, so vert drengen min god att! 9For eg er ein mann som må lyda dei som større er, og sjølv hev eg og hersveinar under meg; og segjer eg til ein av dei: Gakk! so gjeng han, og til ein annan: Kom! so kjem han, og til tenaren min: Gjer no det! so gjer han det. 10Då Jesus høyrde det, undra han seg, og sa til dei som var med han: Det segjer eg dykk for sant: Ikkje ein gong i Israel hev eg funne so stor ei tru. 11Og det skal de vita, at mange skal koma både frå aust og frå vest og setja seg til bords med Abraham og Isak og Jakob i himmelriket;#Jes 2,2-4; 60,3-4; Luk 13,28-29 12men dei som riket var etla åt, skal ut i myrkret utanfor, der dei græt og skjer tenner.#Matt 13,42.50; 22,13; 24,51; 25,30 13So sa han til hovudsmannen: Gakk heim att! Det skal verta som du trudde. Og drengen vart god att i same stundi.#Matt 15,28 14Då Jesus kom heim til Peter, såg han at vermor hans låg sjuk og hadde heteflagor.#Mark 1,29-31; Luk 4,38-39 15So tok han henne i handi; då kvarv heteflagone burt, og ho stod upp og stelte for han. 16Um kvelden kom dei til han med mange som var forgjorde og hadde vonde ånder i seg, og han dreiv ut åndene med eit einaste ord, og alle som hadde vondt, gjorde han gode att.#Mark 1,32-34; Luk 4,40-41 17Soleis skulde det sannast det som Esaias, profeten, hev tala, når han segjer: Han tok våre sotter på seg og bar våre sykjor.#Jes 53,4; 1 Pet 2,24 18Då Jesus såg at det hadde samla seg mykje folk ikring han, sa han til læresveinane: Lat oss fara yver til hi sida! 19I det same kom ein skriftlærd mann til han og sa: Meister, eg vil fylgja deg kvar du fer.#Luk 9,57-62 20Då svara Jesus: Revane hev hi, og fuglane i lufti hev reir, men Menneskesonen hev ingen stad han kann leggja sitt hovud nedpå.#2 Kor 8,9 21Ein annan - ein av læresveinane hans - sa til han: Herre, lat meg fyrst få ganga heim og jorda far min! 22Men Jesus svara: Fylg du meg, og lat dei daude jorda sine daude!#1 Tim 5,6; Op 3,1 23So gjekk han ut i båten, og læresveinane var med.#Mark 4,35-41; Luk 8,22-25 24Um eit bel vart det so hard sjø at bårone slo yver båten; men han låg og sov. 25Då gjekk dei burt til han og vekte han og sa: Herre, hjelp! Me gjeng under!#Matt 14,30 26Kvi er de so redde? sa han; kor lite tru de hev! So stod han upp og truga vinden og sjøen, og det vart blikende stilt.#Sal 106,9; 107,29 27Og folk undra seg og sa: Kva mann er dette, at både vind og sjø må lyda han? 28Då han kom yver på hi sida, til Gadarenarbygdi, møtte han tvo forgjorde, som kom ut or gravholone; dei var so ville og vonde at ingen kunde koma fram den vegen.#Mark 5,1-20; Luk 8,26-39 29Og best det var, sette dei i og ropa: Kva vil du oss, du Guds Son? Er du komen hit for å plaga oss fyre tidi?#2 Pet 2,4; Jud 1,6 30Eit godt stykke ifrå gjekk ein stor svineflokk på beite. 31So bad åndene: Driv du oss ut, so lat oss fara i svineflokken! 32Gjer so då! svara han. Då for dei ut og for inn i svini. Og brått rusa heile flokken utyver stupet og ned i sjøen og drukna. 33Gjætarane rømde, og då dei kom til byen, fortalde dei alt saman, og sa korleis det hadde gjenge med dei forgjorde. 34Då gjekk alt byfolket ut imot Jesus, og då dei fekk sjå han, bad dei at han vilde fara burt ifrå bygdene deira.#Apg 16,39

Currently Selected:

Matteus 8: NO1938N

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in