Matteus 7
7
Bergpreika held fram. Dei som vil vera rettleidarar for andre, må akta seg for dømesykja og ovmod og ikkje lata Guds ord verta vanvyrdt, 1-6. Krafti til å fullnøgja kravi til borgarane i gudsriket vinn ein ved bøni, 7-11. Summen av lovi er kjærleik til næsten, 12. Påminning um å streva ålvorleg etter å koma inn i Guds rike, 13.14, åtvaring mot dei som med falsk læra hindrar andre so dei ikkje kjem inn i dette riket, 15-20, og mot den falske meiningi at vedkjenning med munnen er nok til å koma inn i det, 21-23. Einast den som ikkje berre høyrer Jesu ord, men gjer etter det, skal verta standande i domen, 24-27. Korleis bergpreika verkar på folket, 28.29.
1Døm ikkje, elles vert de dømde! For den domen de dømer, skal de dømast etter,#Luk 6,37-38; 1 Kor 4,5 2og det målet de mæler med, skal dei mæla åt dykk i.#Mark 4,24 3Kvi ser du flisi i auga åt bror din, men bjelken i ditt eige auga, den vert du ikkje var? 4Eller korleis kann du segja til bror din: Kom, lat meg taka flisi ut or auga ditt! og sjå, det sit ein bjelke i ditt eige auga! 5Din hyklar! Drag fyrst bjelken ut or ditt auga - då kann du sjå å taka flisi ut or auga åt bror din. 6Gjev ikkje hundane det som heilagt er, og kasta ikkje perlone dykkar for svini! Dei kjem berre til å trøda dei under føtene og snu seg og riva dykk sund.#Ordt 9,8; 23,9 7Bed, so skal de få, leita, so skal de finna, banka på, so skal det verta upplate for dykk!#Matt 21,22; Luk 11,9-10; Joh 14,13; 15,7; 1 Joh 3,22; Jer 29,12-13 8For kvar den som bed, han fær, og den som leitar, han finn, og den som bankar på, vert det upplate for. 9Eller er det nokon av dykk som gjev son sin ein stein når han bed um brød, 10eller ein orm når han bed um ein fisk? 11Når no de veit å gjeva borni dykkar gode gåvor, de som er vonde, kor mykje meir vil so ikkje Far dykkar i himmelen gjeva noko godt til dei som bed han! 12Alt som de då vil at andre skal gjera mot dykk, det skal de og gjera mot dei; for so er lovi og profetane.#Luk 6,31; Matt 5,17; Rom 13,8.10 13Gakk inn igjenom den tronge porten! For vid er den porten, og breid er den vegen som fører til fortaping, og mange er dei som gjeng inn der.#Luk 13,24; Fil 3,18-19 14Men trong er den porten, og smal er den vegen som fører til livet, og få er dei som finn han.#Apg 14,22 15Tak dykk i vare for dei falske profetane! Dei kjem til dykk i saueham, men innvertes er dei grådige ulvar.#1 Joh 4,1; 2 Tim 3,5 16På fruktene deira skal de kjenna dei; kann ein hausta druvor av klunger eller fikor av tistlar? 17Soleis ber alle gode tre god frukt, men låke tre ber vond frukt.#Matt 12,33 18Eit godt tre kann ikkje bera vond frukt, og eit låkt tre kann ikkje bera god frukt. 19Men kvart tre som ikkje gjev god frukt, vert hogge ned og kasta på elden.#Matt 3,10 20So skal de då kjenna dei på fruktene. 21Ikkje alle som segjer til meg: Herre! Herre! skal koma inn i himmelriket, men dei som gjer det Far min i himmelen vil.#Tit 1,16 22På den dagen skal mange segja til meg: Herre! Herre! hev me ikkje tala profetord i ditt namn, og drive ut vonde ånder i ditt namn, og gjort mange under i ditt namn?#1 Kor 13,2 23Då skal eg segja dei beint ut: Eg hev aldri kjent dykk. Gakk ifrå meg, de som gjorde urett!#Matt 25,12.41; Luk 13,27 24Den som no høyrer desse ordi mine og gjer etter dei, han vert lik ein vitug mann, som bygde huset sitt på berg.#Joh 13,17; Rom 2,13; Jak 1,25 25Og regnet sila, og elvane fløymde, og vindane bles og sette mot huset; men det stod; for det var tufta på berg. 26Og den som høyrer desse ordi mine og ikkje gjer etter dei, han kann liknast med ein fåvis mann, som bygde huset sitt på sand. 27Og regnet sila, og elvane fløymde, og vindane bles og sette mot huset; då datt det, og det vart eit stort fall då det datt.#Esek 13,11-12 28Då Jesus hadde halde talen sin, då var folket reint upp i under yver læra hans.#Mark 1,22; Luk 4,32; Joh 7,46 29For han lærde dei som ein som hadde velde, og ikkje som deira skriftlærde.
Currently Selected:
Matteus 7: NO1938N
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2