Matteus 19
19
Jesus talar um ekteskapet, 1-12, og velsignar småborni, 13-15; vitnar for den unge rikmannen um vegen til livet, 16-22, og for læresveinane sine um kor fårleg rikdomen er, 23-26, og um nådeløni den fær som gjev ifrå seg noko for Jesu skuld, 27-30.
1Då Jesus hadde tala desse ordi, bar det so til at han tok ut frå Galilea og for til Judabygdene. Han la vegen gjenom landet på hi sida Jordan;#Mark 10,1 2mykje folk fylgde han der, og han lækte dei. 3Då kom farisearane til han og vilde freista han og sa: Tru ein mann hev lov til å skilja seg frå kona si, kva årsak han tykkjest hava?#Mark 10,2-10 4Han svara: Hev de ikkje lese at skaparen alt ifrå det fyrste skapte dei mann og kvinna#1 Mos 1,27 5og sa: Difor skal mannen skiljast med far sin og mor si og halda seg hjå kona si, og dei tvo skal vera eitt kjøt?#1 Mos 2,24; Ef 5,31 6So er dei då ikkje lenger tvo, men eitt kjøt, og det som Gud hev bunde i hop, det skal ikkje menneskja skilja. 7Dei segjer til han: Kvi sa då Moses at mannen skulde gjeva kona skilsmålsbrev og senda henne frå seg?#5 Mos 24,1; Matt 5,31 8For dykkar harde hjarto skuld gav Moses dykk lov til å skiljast frå konone dykkar, svara han; men frå det fyrste hev det ikkje vore so. 9Og det segjer eg dykk, at den som skil seg frå kona si for anna enn utruskap, og gifter seg med ei onnor, han gjer hor, og den som gifter seg med ei fråskild kona, han gjer hor.#Matt 5,32; Luk 16,18; 1 Kor 7,10-13 10Då sa læresveinane til han: Er det den retten som gjeld millom mann og kona, då er det ikkje godt å gifta seg. 11Han svara: Det er noko som ikkje alle kann læra, men berre dei som hev fenge gåva til det. 12For det finst gjeldingar som er fødde so av morsliv, og det finst gjeldingar som folk hev gjeldt, og det finst gjeldingar som hev gjeldt seg sjølve for himmelriket skuld. Lat dei skyna det dei som kann! 13So bar dei småborn til han og bad han vilde leggja hendene på dei og beda for dei. Læresveinane truga dei,#Mark 10,13-16; Luk 18,15-17 14men Jesus sa: Lat småborni vera og hindra dei ikkje å koma til meg! For himmelriket høyrer slike til.#Matt 18,3 15Og han la hendene på dei, og for so derifrå. 16Då kom det ein til han og sa: Meister, kva godt skal eg gjera so eg kann få eit æveleg liv?#Mark 10,17-22; Luk 18,18-30 17Kvi spør du meg um det som er godt? svara han. Det er berre ein som er god. Men vil du ganga inn til livet, so haldt bodi! 18Kva for bod? spurde han. Jesus svara: Desse: Du skal ikkje drepa! Du skal ikkje gjera hor! Du skal ikkje stela! Du skal ikkje vitna rangt!#2 Mos 20,13-17 19Du skal æra far din og mor di! Du skal elska næsten din som deg sjølv!#2 Mos 20,12; 3 Mos 19,18 20Alt det hev eg halde, segjer den unge mannen; kva er det då som vantar meg? 21Jesus svara: Vil du vera fullkomen, so tak og sel det du eig, og gjev det til dei fatige! då skal du få ein skatt i himmelen; og kom so og fylg meg!#Matt 6,20; Luk 12,33 22Då den unge mannen høyrde det, vart han ille ved og gjekk burt; for han hadde mykje gods. 23Då sa Jesus til læresveinane sine: Det segjer eg dykk for sant: Det er vandt for ein rik å koma inn i himmelriket.#1 Tim 6,9-10 24Ja, eg segjer dykk: Ein kamel kjem lettare gjenom eit nålauga enn ein rik kjem inn i Guds rike. 25Då læresveinane høyrde det, vart dei reint forfærde og sa: Kven kann då verta frelst? 26Jesus såg på dei og sa: For menneske er det umogeleg; men for Gud er alt mogeleg.#1 Mos 18,14; Luk 1,37 27Då tok Peter til ords og sa til han: Sjå, me hev gjeve ifrå oss alt og fylgt deg; kva skal då me få?#Matt 4,20; Mark 10,28-31; Luk 18,28-30 28Og Jesus svara: Det segjer eg dykk for sant: Når alt vert nytt, og Menneskesonen sit i sin glimande kongsstol, då skal de og, som hev fylgt meg, sitja i tolv høgsæte og styra dei tolv Israels-ættene.#Apg 3,21; 2 Pet 3,13; Op 21,1; Luk 22,29-30; 1 Kor 6,2 29Og kvar som hev skilt seg med hus eller brør eller syster eller far eller mor eller born eller gardar for mitt namn skuld, han skal få det att mange gonger og erva eit æveleg liv. 30Men mange av dei fyrste skal vera dei siste, og mange av dei siste dei fyrste.#Matt 20,16; Luk 13,30
Currently Selected:
Matteus 19: NO1938N
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2