1
Matteus 19:26
Norsk oversettelse 1938 nynorsk
Jesus såg på dei og sa: For menneske er det umogeleg; men for Gud er alt mogeleg.
Compare
Explore Matteus 19:26
2
Matteus 19:6
So er dei då ikkje lenger tvo, men eitt kjøt, og det som Gud hev bunde i hop, det skal ikkje menneskja skilja.
Explore Matteus 19:6
3
Matteus 19:4-5
Han svara: Hev de ikkje lese at skaparen alt ifrå det fyrste skapte dei mann og kvinna og sa: Difor skal mannen skiljast med far sin og mor si og halda seg hjå kona si, og dei tvo skal vera eitt kjøt?
Explore Matteus 19:4-5
4
Matteus 19:14
men Jesus sa: Lat småborni vera og hindra dei ikkje å koma til meg! For himmelriket høyrer slike til.
Explore Matteus 19:14
5
Matteus 19:30
Men mange av dei fyrste skal vera dei siste, og mange av dei siste dei fyrste.
Explore Matteus 19:30
6
Matteus 19:29
Og kvar som hev skilt seg med hus eller brør eller syster eller far eller mor eller born eller gardar for mitt namn skuld, han skal få det att mange gonger og erva eit æveleg liv.
Explore Matteus 19:29
7
Matteus 19:21
Jesus svara: Vil du vera fullkomen, so tak og sel det du eig, og gjev det til dei fatige! då skal du få ein skatt i himmelen; og kom so og fylg meg!
Explore Matteus 19:21
8
Matteus 19:17
Kvi spør du meg um det som er godt? svara han. Det er berre ein som er god. Men vil du ganga inn til livet, so haldt bodi!
Explore Matteus 19:17
9
Matteus 19:24
Ja, eg segjer dykk: Ein kamel kjem lettare gjenom eit nålauga enn ein rik kjem inn i Guds rike.
Explore Matteus 19:24
10
Matteus 19:9
Og det segjer eg dykk, at den som skil seg frå kona si for anna enn utruskap, og gifter seg med ei onnor, han gjer hor, og den som gifter seg med ei fråskild kona, han gjer hor.
Explore Matteus 19:9
11
Matteus 19:23
Då sa Jesus til læresveinane sine: Det segjer eg dykk for sant: Det er vandt for ein rik å koma inn i himmelriket.
Explore Matteus 19:23
Home
Bible
Plans
Videos