Matteus 18
18
Jesus åtvarar mot ovmod og mot å freista og vanvyrda truande brør, 1-14; han segjer fyre korleis ein bror skal fara fram mot ein annan bror som syndar mot han, og gjev læresveinane sine makt til å binda og løysa, 15-20. Likningi um den hardhjarta medtenaren, 21-35.
1I same belet kom læresveinane til Jesus og spurde: Kven er no den største i himmelriket?#Mark 9,33-37; Luk 9,46-56 2Då kalla han til seg eit lite barn og sette det midt imillom dei 3og sa: Det segjer eg dykk for sant: Vender de ikkje um og vert som borni, so kjem de aldri inn i himmelriket.#Matt 19,14 4Den som gjer seg sjølv liten som dette barnet, han er den største i himmelriket;#1 Pet 5,6 5og den som tek imot eitt sovore barn for mitt namn skuld, han tek imot meg.#Matt 25,40 6Men den som freistar nokon av desse små som trur på meg, han var betre faren dei hadde hengt ein kvernstein um halsen på han og søkkt han ned i djupaste havet.#Mark 9,42-50; Luk 17,1-2 7Ve yver verdi for freistingane hennar! Freistingar lyt det koma, men ve yver den som freistingi kjem frå! 8Um handi di eller foten din freistar deg, so hogg dei av og kasta dei frå deg! Det er betre for deg å ganga halt eller vanfør inn til livet enn å hava tvo hender og tvo føter og verta kasta i den ævelege elden.#Matt 5,30 9Og um auga ditt freistar deg, so riv det ut og kasta det frå deg! Det er betre for deg å ganga einøygd inn til livet enn å hava tvo augo og verta kasta i helveteselden.#Matt 5,29 10Akta dykk at de ikkje vanvyrder nokon av desse små! for eg segjer dykk at englane deira i himmelen allstødt fær sjå åsyni åt Far min i himmelen. 11For Menneskesonen er komen for å frelsa det som var fortapt.#Luk 19,10 12Kva trur de? - Um ein mann hev hundrad sauer, og ein av dei villar seg burt, let han ikkje då dei ni og nitti ganga lause i fjellet og tek ut og leitar etter den som fer vilt?#Luk 15,4-6 13Og hender det at han finn han, då segjer eg dykk for visst: Han gleder seg meir yver han enn yver dei ni og nitti som ikkje hev villa seg burt. 14Soleis vil ikkje heller Far dykkar i himmelen at ein einaste av desse små skal fortapast.#2 Pet 3,9 15Hev bror din synda imot deg, so gakk til han og tala han til rettes på tvomannshand! Høyrer han på deg, so hev du vunne bror din;#3 Mos 19,17; Luk 17,3; Gal 6,1; Jak 5,19-20 16men vil han ikkje høyra, so tak med deg endå ein eller tvo, so kvar ting kann provast med tvo eller tri manns vitnemål.#5 Mos 19,15; Joh 8,17; 2 Kor 13,1 17Høyrer han ikkje på dei, so seg det til kyrkjelyden! Og høyrer han ikkje på kyrkjelyden heller, då skal han vera som ein heidning og tollmann for deg.#2 Tess 3,6.14; 2 Joh 1,10 18Det segjer eg dykk for sant: Alt det de bind på jordi, skal vera bunde i himmelen, og alt det de løyser på jordi, skal vera løyst i himmelen.#Matt 16,19; Joh 20,23 19Sameleis segjer eg dykk: Alt det som tvo av dykk her på jordi er samde um å beda um, det skal dei få av Far min i himmelen. 20For der som tvo eller tri er samla i mitt namn, der er eg midt imillom dei.#Matt 28,20 21Då gjekk Peter fram og sa: Herre, kor mange gonger skal eg tilgjeva bror min når han hev synda imot meg - so mykje som sju gonger? 22Jesus svara: Ikkje sju gonger, segjer eg deg, men sytti gonger sju gonger!#Luk 17,4 23For himmelriket kann liknast med ein konge som vilde gjera upp rekneskapen med tenarane sine. 24Då han no tok til med uppgjerdi, førde dei fram for han ein som var skuldig ti tusund talentar. 25Men han hadde ikkje noko å greida det med. So sa herren hans at han skulde seljast, både han og kona hans og borni og alt det han åtte, so gjelda kunde greidast. 26Då fall tenaren på kne for han og sa: Ver tolug med meg, so skal du få det alt saman! 27Og herren tykte synd i tenaren sin og gav han fri og ettergav han skuldi. 28Då den same tenaren kom ut att, møtte han ein av dei andre tenarane, som var skuldig han hundrad peningar, og han greip han og vilde strøypa han og sa: Kom med det du er skuldig! 29Då fall den andre på kne og bad for for seg og sa: Ver tolug med meg, so skal du få det! 30Men han vilde ikkje; han tok og sette medtenaren sin i fengsel; der skulde han sitja til skuldi var greidd. 31Då dei andre tenarane såg kva som gjekk fyre seg, vart dei ille ved; og dei gjekk til herren sin og fortalde han alt det som var hendt. 32Då kalla herren han fyre seg og sa til han: Du vonde tenar! Heile den store skuldi di gav eg deg etter då du bad meg! 33Skulde so ikkje du og ha vore mild imot medtenaren din, som eg var imot deg? 34Og herren hans vart harm, og gav han yver til fangevaktarane, so dei skulde pina han til han hadde greidt all skuldi.#Matt 5,25-26 35So skal og Far min i himmelen gjera med dykk når de ikkje av hjarta tilgjev kvarandre.#Matt 6,15; Mark 11,26
Currently Selected:
Matteus 18: NO1938N
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2