Matteus 17
17
Jesus vert forklåra på berget, 1-9, talar til læresveinane um Elias, 10-13, lækjer ein gut som hev nedfallsotti, 14-21, forkynner andre gongen for læresveinane at han skal døy og standa upp att, 22.23, svarar tempelskatten, 24-27.
1Seks dagar etter tok Jesus Peter og Jakob og Johannes, bror hans, med seg upp på eit høgt fjell, og der var dei åleine.#Mark 9,2-10; Luk 9,28-36 2Då vart han forklåra for augo deira: andletet hans skein som soli, og klædi var kvite som ljoset. 3Og best det var, fekk dei sjå Moses og Elias; dei stod og tala med han. 4Då tok Peter til ords og sa til Jesus: Herre, det er godt at me er her! Vil du, so skal eg gjera tri hyttor her, ei åt deg og ei åt Moses og ei åt Elias. 5Fyrr han hadde tala ut, kom det ei ljos sky og skygde yver dei, og or skyi kom det ei røyst som sa: Dette er Son min, han som eg elskar, han som eg hev hugnad i. Høyr på han!#Matt 3,17; 5 Mos 18,15; 2 Pet 1,17 6Då læresveinane høyrde det, kasta dei seg å gruve og var ovleg redde. 7Jesus gjekk burt åt dei og tok i dei og sa: Reis dykk upp, og ver ikkje redde! 8Men då dei såg upp, vart dei ikkje vare nokon utan Jesus åleine. 9So gjekk dei ned av fjellet, og Jesus sa til dei: Tala ikkje til nokon um den syni de hev havt, fyrr Menneskesonen hev stade upp frå dei daude!#Matt 16,20 10Då spurde læresveinane: Kvi segjer då dei skriftlærde at fyrst lyt Elias koma?#Matt 11,14; Mal 4,5 11Han svara: Elias kjem nok og skal setja alt i rett lag att;#Matt 11,14; Luk 1,17 12men eg segjer dykk: Elias er alt komen, og dei kjendest ikkje ved han, men for åt med han som dei vilde; like eins kjem dei til å fara med Menneskesonen.#Matt 14,9-10 13Då skyna dei at det var Johannes døyparen han tala til dei um. 14Då dei hadde nått fram til folkehopen, kom det ein mann og fall på kne for han og sa:#Mark 9,14-29; Luk 9,37-43 15Herre, gjer sælebot på son min! Han hev nedfallsotti og lid mykje vondt; tidt fell han i elden og tidt i vatnet. 16Eg hev vore til læresveinane dine med han, men dei kunde ikkje gjera han god att. 17Då tok Jesus til ords og sa: Å, du vantrune og rangsnudde ætt! Kor lenge skal eg vera hjå dykk? Kor lenge skal eg tola dykk? Kom hit til meg med han! 18So tala Jesus strengt til han; då for den vonde åndi utor guten, og han vart god att i same stundi. 19Då Jesus hadde vorte åleine, kom læresveinane til han og sa: Kvi kunde ikkje me driva den åndi ut? 20Jesus svara: Av di de er so vantrune; for det segjer eg dykk for sant: Hev de tru, um ho ikkje er større enn eit senapskorn, so kann de segja til dette fjellet: Flyt deg herifrå og dit! - då skal det flytja seg, og ingen ting skal vera umogeleg for dykk.#Matt 21,21; Mark 11,23; Luk 17,6 21Men dette slaget gjeng ikkje ut utan med bøn og fasta. 22Medan dei ferdast kring i Galilea, sa Jesus til dei: Menneskesonen skal gjevast yver i menneskehender,#Matt 16,21 23og dei skal drepa han, men tridje dagen skal han standa upp att. Då vart dei ovleg sorgfulle. 24Då dei var komne til Kapernaum, kom dei som kravde inn tempelskatten, til Peter og sa: Legg ikkje meisteren dykkar skatt til templet?#2 Mos 30,13 25Jau, segjer han. So gjekk han inn i huset, og fyrr han fekk sagt noko, spurde Jesus: Kva meiner du Simon? Kven tek kongane på jordi toll eller skatt av - av borni sine eller av framande?#Matt 22,21; Rom 13,7 26Av framande, svara Peter. So er borni skattefrie då, sa Jesus. 27Men me vil ikkje arga dei - gakk ned til sjøen og kasta ut kroken, og grip den fyrste fisken som kjem upp! Når du so opnar gapet på han, skal du finna ein stater; tak den og gjev dei for meg og deg!
Currently Selected:
Matteus 17: NO1938N
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2