Matteus 16
16
Jesus refser farisearane og saddusearane for di dei ikkje aktar på tidarteikni, 1-4, og åtvarar læresveinane sine mot hyklarskapen deira, 5-12. Den store vedkjenningi åt Peter og Jesu lovnad til han, 13-20. Jesus segjer frå at han skal lida og døy og standa upp att; Peter tel for han; Jesus refser Peter og talar um sjølvgløyming og um si atterkoma i herlegdom, 21-28.
1Då kom farisearane og saddusearane og freista han, og bad at han vilde lata dei få sjå eit teikn frå himmelen.#Mark 8,11-13; Matt 12,38; Joh 6,30 2Han svara: Um kvelden segjer de: Det vert godt ver; for himmelen er raud,#Luk 12,54-59 3og um morgonen: I dag vert det uver; for himmelen er raud og myrk. Himmelsbragdi veit de å døma um, men tidarteikni kann de ikkje tyda. 4Ei vond og utru ætt krev etter teikn, men dei skal ikkje få anna teikn enn Jonas-teiknet. Dermed snudde han seg ifrå dei og gjekk burt.#Jona 2,1 5Då dei so for yver til hi sida, gløymde læresveinane å taka brød med seg.#Mark 8,14-21 6So sa Jesus til dei: Sjå til at de tek dykk i vare for farisear- og saddusear-surdeigen!#Luk 12,1 7Då tenkte dei med seg: Det er av di me ikkje tok brød med oss! 8Jesus gådde det og sa: Kvi tenkjer de med dykk at det er av di de ikkje hev brød med, de fåtruande? 9Hev de endå so lite vit? Kjem de ikkje i hug dei fem brødleivane til dei fem tusund mann, og kor mange korger de fekk att,#Matt 14,17.20 10og ikkje dei sju leivane til dei fire tusund, og kor mange korger de då fekk att?#Matt 15,34-37 11Kann de då ikkje skyna at det ikkje var brød eg tala til dykk um? Men akta dykk for farisear- og saddusear-surdeigen! 12Då skyna dei at det ikkje var surdeigen i brødet han hadde meint, men læra åt farisearane og saddusearane.#Gal 5,9 13Då Jesus var komen til bygdene kring Cæsarea Filippi, spurde han læresveinane sine: Kven segjer folk at Menneskesonen er?#Mark 8,27-30; Luk 9,18-27 14Dei svara: Sume segjer: Johannes døyparen, andre: Elias, endå andre: Jeremias eller ein annan av profetane.#Matt 14,2 15Kven segjer då de at eg er? spurde han. 16Då tok Simon Peter til ords og sa: Du er Messias, den levande Guds Son.#Matt 14,33; Joh 6,69; 11,27; Apg 8,37; 9,20; 1 Joh 4,15; 5,5 17Og Jesus sa til han: Sæl er du, Simon Jonasson! for det er ikkje kjøt og blod som hev lært deg det, men Far min i himmelen.#Gal 1,16; Matt 11,27 18Og no segjer eg deg at du er Peter; yver den steinen vil eg byggja mi kyrkja, og helheimsportane skal ikkje vinna yver henne.#Joh 1,43 19Eg vil gjeva deg lyklane til himmelriket; det som du bind på jordi, skal vera bunde i himmelen, og det som du løyser på jordi, skal vera løyst i himmelen.#Matt 18,18; Joh 20,23 20So forbaud han læresveinane å segja det til nokon at han var Messias.#Matt 17,9 21Frå den tidi tok Jesus til å syna læresveinane at han laut fara til Jerusalem og tola mykje vondt av styresmennene og øvsteprestane og dei skriftlærde, og at dei kom til å drepa han, men tridje dagen skulde han standa upp att.#Matt 17,22-23; 20,18-19 22Peter tok han til sides og for til å telja for han og sa: Hjelpe deg Gud, Herre! Slikt må aldri henda deg! 23Men Jesus snudde seg og sa til Peter: «Vik bak meg, Satan! Du vil føra meg til fall. 24Same gongen sa Jesus til læresveinane sine: Vil nokon vera i lag med meg, so lyt han gløyma seg sjølv og taka krossen sin upp og fylgja etter meg.#Matt 10,38-39 25For den som vil berga livet sitt, skal missa det; men den som misser livet for mi skuld, skal finna det.#Luk 17,33; Joh 12,25 26Kva batar det eit menneske um han vinn heile verdi, men taper sjeli si? Eller kva hev mennesket å gjeva i byte for sjeli si? 27For Menneskesonen skal koma i herlegdomen åt Far sin med englane sine, og då skal han gjeva kvar og ein lika for det dei hev gjort.#Matt 25,31; 26,64; Sal 62,13; Rom 2,6; 2 Kor 5,10; Op 2,23 28Det segjer eg dykk for visst: Sume av dei som stend her, skal ikkje smaka dauden fyrr dei hev set Menneskesonen koma i sitt kongelege velde.#Mark 9,1; Luk 9,27
Currently Selected:
Matteus 16: NO1938N
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2