YouVersion Logo
Search Icon

Matteus 15

15
Jesus refser hyklarskapen åt farisearane og lærer kva som gjer mennesket ureint, 1-20; bønhøyrer den kananeiske kvinna, 21-28, lækjer mange og mettar 4.000 mann, 29-39.
1So kom det nokre farisearar og skriftlærde til Jesus frå Jerusalem og sa:#Matt 7,1-6 2Kvi bryt læresveinane dine dei skikkane me hev etter dei gamle? dei tvær ikkje hendene fyrr dei gjeng til bords!#Luk 11,38 3Og de, svara han, kvi bryt de Guds bod for skikkane dykkar skuld? 4Gud hev sagt: Du skal æra far din og mor di, og: Den som bannar far sin eller mor si, skal døy.#2 Mos 20,12; 21,17 5Men de segjer: Når ein talar so til far sin eller mor si: Det som eg kunde ha hjelpt deg med, lyt eg gjeva til templet - so tarv han ikkje æra foreldri sine. 6Soleis hev de gjort Guds bod um inkje for dykkar eigi læra, skuld. 7De hyklarar! Esaias spådde sant um dykk då han sa:#Jes 29,13 8Dette folket ærar meg med lippone, men hjarta deira er langt ifrå meg; 9men dei dyrkar meg fåfengt, med di dei lærer folk det som er menneskebod. 10So kalla han folket hit åt seg og sa til dei: Høyr etter og tenk på det eg segjer! 11Det er ikkje det som kjem inn i munnen, som gjer mennesket ureint, men det som gjeng ut or munnen, det er det som gjer mennesket ureint! 12Då gjekk læresveinane fram og sa til han: Veit du at farisearane vart arge då dei høyrde det du sa? 13Han svara: Kvar plante som ikkje Far min i himmelen hev sett, skal rivast upp med rot. 14Bry dykk ikkje um dei! Dei er blinde vegleidarar for blinde; og når ein blind leider ein blind, so dett dei båe i grøfti.#Matt 23,24; Luk 6,39 15Då tok Peter til ords og sa til han: Tyd oss den likningi du sa! 16Han svara: Hev de endå ikkje betre vit, de heller?#Matt 16,9 17Skynar de ikkje at alt det som kjem inn i munnen, gjeng ned i magen og fer ut der det skal? 18Men det som gjeng ut or munnen, kjem frå hjarta, og det gjer mennesket ureint;#Jak 3,6 19for frå hjarta kjem vonde tankar: manndråp, ekteskapsbrot, lauslivnad, tjuvskap, range vitnemål, gudsspotting.#1 Mos 6,5; Jer 17,9 20Det er det som gjer mennesket ureint; men å eta med utvegne hender gjer ikkje mennesket ureint. 21So for Jesus derifrå og tok vegen burt til bygdene kring Tyrus og Sidon.#Mark 7,24-30 22Då kom det ei kananeisk kona ut frå dei grendene og ropa: Herre, Davids son, gjer sælebot på meg! Dotter mi er so ille plaga av ei vond ånd. 23Men han svara henne ikkje eit ord. Då gjekk læresveinane fram og bad han: Kjære, få henne frå deg! Ho ropar so etter oss. 24Han svara: Det er berre dei forkomne sauene av Israelshuset eg er send til.#Matt 10,5-6; Apg 13,46 25So kom ho og fall på kne for han og sa: Herre, hjelp meg! 26Men han svara: Det er ikkje vent å taka brødet frå borni og kasta det for hund-ungane. 27Det er sant, Herre, sa ho, men hund-ungane et då av dei molane som fell frå bordet åt herrane deira. 28Då svara Jesus: Stor er trui di, kona! Du skal få det som du vil. Og dotter hennar vart god att i same stundi.#Matt 8,10 29So tok Jesus på ei onnor leid og kom til Galileasjøen, og han gjekk upp i fjellet og sette seg der.#Mark 7,31 30Då kom dei til han i store flokkar, og hadde med seg halte og blinde og mållause og kryplingar og mange andre, og la dei ned for føtene hans, og han gjorde dei gode att,#Jes 35,5-6; Matt 11,5; 14,35 31so folket undra seg då dei såg at mållause tala, og kryplingar vart friske og føre, og halte gjekk ikring, og blinde såg; og dei lova Israels Gud. 32Då kalla Jesus læresveinane til seg og sa: Eg tykkjer hjarteleg synd i folket; for no hev dei alt vore hjå meg i tri dagar, og dei hev ikkje noko å eta; og ikkje vil eg senda dei fastande frå meg; for då kunde dei ormektast på vegen.#Mark 8,1-9; Matt 14,14-21 33Læresveinane svara: Kor skal me her i øydemarki få brød nok til å metta so stor ein hop?#Sal 78,19 34Kor mykje brød hev de? spurde Jesus. Sju leivar, sa dei, og nokre få småfiskar. 35Då let han folket setja seg ned på marki, 36og han tok dei sju leivane og fiskane, og takka og bytte dei sund og gav det til læresveinane, og læresveinane gav det til folket. 37Då alle hadde ete og var mette, samla dei upp dei stykki som att var; det var sju fulle korger. 38Og det var fire tusund mann som hadde ete, umfram kvinnor og born. 39Sidan bad Jesus farvel med folket og steig ut i båten og for til Magadanbygdi.

Currently Selected:

Matteus 15: NO1938N

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in