YouVersion Logo
Search Icon

Matteus 14

14
Herodes fær høyra um Jesus og meiner at det er Johannes døyparen som hev stode upp att, 1-13. Jesus mettar 5.000 mann, 14-21, gjeng på sjøen og bergar den tvilande Peter, 22-33, lækjer sjuke, 34-36.
1Ved det leitet fekk Herodes, fylkeskongen, høyra gjetordet um Jesus.#Mark 6,14-29; Luk 9,7-17 2Då sa han til mennene sine: Det er Johannes, døyparen! No hev han stade upp frå dei daude; difor tér det seg so underfulle krafter i han. 3Herodes hadde teke Johannes og lagt han i bolt og jarn for Herodias skuld, kona åt Filip, bror hans.#Matt 4,12; Luk 3,19-20 4For Johannes hadde sagt til han: Du må ikkje hava henne.#3 Mos 18,16; 20,21 5Og Herodes vilde helst ha slege han i hel, men han torde ikkje for folket; for dei heldt han for ein profet.#Matt 21,26; Luk 20,6 6So var det årmålsdagen åt Herodes; og dotter åt Herodias dansa for dei, og Herodes tykte so godt um henne 7at han lova og svor ho skulde få kva ho bad um.#Est 5,6 8Då fekk mori henne til å segja: Gjev meg hovudet åt Johannes døyparen, her, på eit fat! 9Kongen vart ille ved, men for di han hadde svore, og for gjestene skuld, sa han at dei skulde lata henne få det, 10og han sende ut folk og let dei hogga hovudet av Johannes i fengslet. 11So kom dei med hovudet hans på eit fat og gav det til møyi, og ho gjekk til mor si med det. 12Og læresveinane hans kom og tok liket og bar han til gravi; sidan gjekk dei til Jesus med bod um det som var hendt. 13Då Jesus høyrde det, for han i ein båt burt til ein øydestad, so han kunde få vera åleine; men folket fekk spurt det og fylgde etter han landveges frå byane.#Mark 6,32-44; Luk 9,10-17; Joh 6,1-15 14Då han steig i land, fekk han sjå ein stor folkehop, og han tykte hjarteleg synd i dei og lækte dei som var sjuke.#Matt 9,36 15Då det leid til kvelds, gjekk læresveinane burt til han og sa: Det er audt her, og dagen lid; send folket frå deg, so dei kann ganga burt i grendene og kjøpa seg mat!#Matt 15,32-39 16Dei treng ikkje ganga burt, sa Jesus, gjev de dei mat! 17Me hev ikkje her anna fem brødleivar og tvo fiskar, svara dei. 18Kom hit til meg med det! sa han. 19So bad han folket setja seg i graset, og tok dei fem brødleivane og dei tvo fiskane, og såg upp imot himmelen og signa dei, og so braut han brødet og gav det til læresveinane, og læresveinane gav det til folket. 20Alle åt og vart mette, og då dei samla upp dei stykki som att var, so vart det tolv fulle korger. 21Og det var um lag fem tusund mann som hadde ete, umfram kvinnor og born. 22Med same dette var gjort, nøydde han læresveinane til å ganga i båten og fara fyre seg yver sjøen, medan han bad farvel med folket.#Mark 6,45-52; Joh 6,16-21 23Då han so hadde sendt folket frå seg, gjekk han upp i fjellet, so han kunde vera for seg sjølv og beda, og etter det var avdaga, var han der einsleg.#Luk 6,12 24Båten var alt midt utpå sjøen og tevla hardt i bylgjone; for vinden var imot. 25Då, i den fjorde nattevakti, kom han gangande burtimot dei yver sjøen; 26og då læresveinane såg han ganga på sjøen, vart dei forfærde og sa: Det er eit skrymt! og dei var so redde at dei skreik.#Luk 24,37 27Men i det same tala han til dei og sa: Ver hugheile! Det er eg. Ver ikkje redde! 28Då tok Peter til ords og sa: Herre, er det du, so seg at eg skal koma til deg på vatnet. 29Kom du! svara han. So steig Peter ut or båten og gjekk burtyver vatnet og vilde møta Jesus. 30Men då han såg det harde veret, vart han redd og tok til å søkka. Då ropa han: Herre, frels meg!#Matt 8,25-26 31Og med det same rette Jesus ut handi og greip han og sa: Kor lite tru du hev! Kvi tvila du? 32So steig dei upp i båten, og vinden la seg. 33Og dei som var i båten, fall på kne for han og sa: Ja, sanneleg er du Guds Son!#Matt 16,16 34Då dei var komne yver, la dei til lands i Gennesaret.#Mark 6,53-56 35Folket der i bygdi kjende han att og sende bod kringum i heile grannelaget. Då kom dei til han med alle som hadde vondt, 36og dei bad um at dei berre måtte få taka i falden på kjolen hans; og alle som kom nær han, vart gode att.#Matt 9,21; Luk 6,19

Currently Selected:

Matteus 14: NO1938N

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in